Sakliste for årsmøte i Eikanger Idrettslag

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 9. Feb 2017

Ostereidet-u-skule5064-N1200.jpg

Årsmøtet vert halde 16.02.2017 kl 19:00 på Ostereidet Ungdomskule.

Under følgjer saklista for årsmøtet.

1 .Godkjenning av dei stemmeberettiga

2 . Godkjenning av innkalling og sakliste

3 . Val av dirigent

Val av referent

Val av to medlemmar til å underskriva protokollen

4 . Årsmeldingar

5 . Godkjenning av rekneskapet for EIL 2016

6 . Medlemskontigent

7 . Budsjett 2017

8 . Organisasjonsplan

9. Deltaking i arbeidsutval for Osterhallen, val av representantar

10 . Val

Med vennleg helsing

styret i Eikanger Idrettslag


0 Kommentar

Innkalling til årsmøte i Eikanger idrettslag, 9. mars kl. 19.00 på Ostereidet

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 10. Feb 2016

Styret kallar med dette inn til årsmøte i Eikanger idrettslag.

Årsmøtet vert 09.03.2016 kl. 19:00 på Ostereidet ungdomskule.

Saker som medlemmar ynskjer skal takast opp på årsmøtet, må sendast styret seinast 24.02.2016 til leiar.eikangeril@gmail.com

Endeleg sakliste med alle saksdokument vil verte tilgjengeleg for medlemmane seinast ei veke før årsmøtet på denne nettsida – http://eikanger-idrettslag.idrettenonline.no/

For å ha røysterett må medlemmar ha fylt 15 år, og vore medlem av idrettslaget i minst ein månad, samt betalt kontingent. Medlemmar under 15 år har møte- og forslagsrett.


Velkomen til årsmøte!

Med vennleg helsing

Styret

Ostereidet 10. februar 2016


0 Kommentar

Ekstraordinært årsmøte torsdag 10 september kl 19.00

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 29. Aug 2015

Eikanger IL ved styret kallar inn til ekstraordinært årsmøte torsdag 10 september kl 19.00 på Ostereidet ungdomsskule.

Sakliste:

1. Godkjenning av innkalling.
2. Oppretta ny undergrupper: Handball, med innmelding i Norges håndballforbund.
3. Ved godkjenning av sak 2; val av styre til handballgruppa.

På vegner av styret, leiar Robert L. Hansen

0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline