Klubbkvelden

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 7. Apr 2019

Det var et bra oppmøte på klubbkvelden vår på tirsdag kveld med rundt 70 personer som møtte opp.

Så tusen takk til alle dere som bidro til at vi fikk en fin kveld sammen med klubben vår og vår nye utstyrsleverandør Stanno.

Håper alle hadde en fin kveld og at vi sammen jobber for at Eikanger IL vokser som klubb.


Helge Rasmussen 

Leder Eikanger IL fotball


0 Kommentar

Karusellfinale med premieutdeling laurdag 13. april

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 5. Apr 2019

Laurdag 13. april er det finaleløp og premieutdeling for vinterkarusellen på Eikanger 2018-19. 119 personar har alt sikra seg medalje for deltaking i tre eller fleire løp denne sesongen. Nedanfor kan du sjekka kor mange løp du har.

Det tiande  løpet i vinterkarusellen på Eikanger komande laurdag 30. mars har som vanleg start kl. 15.00 for dei som spring på tid. Deltakarar utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på frå ca. kl. 14.20-25.

Over 150 kan få premie
I tillegg til dei 119 som alt har sikra seg premie er det 39 personar som står med to startar før det siste løpet. Ved å delta laurdag kan dei sikra seg bronsemedalje.

Oversikt over deltakarar og tal løp.pdf  

Løypa
Løpet går i den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt», med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare.Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta så snart dei er påmelde.

Startkontingent
Born til og med 15 år             kr 25,-
Vaksne                                   kr 50,-
Familie                                   kr 90,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)

Vinterkarusellhefte2018-19-plakat.pdf

Meir informasjon om karusellen 2018-19

Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. 

Premieringa er bronse for 3-4 startar, sølv for 5-7 startar og gull for 8-10 startar.

Tekst og foto: Stanley Hauge


0 Kommentar

Karuselløp på Eikanger laurdag 30. mars

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 23. Mar 2019

Det niande og nest side  løpet i vinterkarusellen på Eikanger går laurdag 30. mars med start kl. 15.00 for dei som spring på tid. Deltakarar utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på frå ca. kl. 14.20-25.

Løpet går i den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt».

Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare.Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta så snart dei er påmelde.

Det står to løp att: 30. mars og 13. april.

Startkontingent
Born til og med 15 år             kr 25,-
Vaksne                                   kr 50,-
Familie                                   kr 90,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)

Vinterkarusellhefte2018-19-plakat.pdf

Meir informasjon om karusellen 2018-19

Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt  Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar. 

 – Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff. Løpet er såleis ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.

Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. 

Premieringa er bronse for 3-4 startar, sølv for 5-7 startar og gull for 8-10 startar.

Tekst og foto: Stanley Hauge


0 Kommentar

Karuselløp på Eikanger laurdag 9. mars

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 3. Mar 2019

Det åttnde løpet i vinterkarusellen på Eikanger går laurdag 9. mars med start kl. 15.00 for dei som spring på tid. Deltakarar utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på frå ca. kl. 14.20-25.

Løpet går i den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt».

Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare.Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta så snart dei er påmelde.

Det står tre løp att frametter vinteren og våren: 9. mars, 30. mars og 13. april.

Startkontingent
Born til og med 15 år             kr 25,-
Vaksne                                   kr 50,-
Familie                                   kr 90,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)

Vinterkarusellhefte2018-19-plakat.pdf

Meir informasjon om karusellen 2018-19

Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt  Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar. 

 – Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff. Løpet er såleis ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.

Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. 

Premieringa er bronse for 3-4 startar, sølv for 5-7 startar og gull for 8-10 startar.

Tekst og foto: Stanley Hauge


0 Kommentar

Karuselløp på Eikanger laurdag 16. februar

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 10. Feb 2019

Det sjuande løpet i vinterkarusellen på Eikanger går laurdag 16. februar med start kl. 15.00 for dei som spring på tid. Deltakarar utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på frå ca. kl. 14.20-25.

Løpet går i den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt».

Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare.Dei som ikkje skal ha notert tid, kan starta så snart dei er påmelde.

Det står fire løp att frametter vinteren og våren: 16. februar, 9. mars, 30. mars og 13. april.

Startkontingent
Born til og med 15 år             kr 25,-
Vaksne                                   kr 50,-
Familie                                   kr 90,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2003 og seinare)

Vinterkarusellhefte2018-19-plakat.pdf

Meir informasjon om karusellen 2018-19

Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt  Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar. 

 – Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff. Løpet er såleis ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.

Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. 

Premieringa er bronse for 3-4 startar, sølv for 5-7 startar og gull for 8-10 startar.

Tekst og foto: Stanley Hauge


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline