Ny raudstubb på friidrettsbana

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 5. Jul 2018

Måndag 2. juli vart det lagt ny raudstubb på løpebana på Ostereidet. Bana er klar til bruk.

Arbeidet med legging av det nye banedekket har vore forseinka, men onsdag 27. juni kom arbeidet brått i gang. Alversund Maskinstasjon, som var tildelt oppdraget, dukka utan førevarsel opp. Bana vart maskinelt rydja for tilgroinga av gras og ugras. Arbeidet vart gjennomført i løpet av dagen.

Maskiner i gang med å rydja bana for gras og ugras. 

Men alt var ikkje gjort. Fjerning av vekstar langs sargen måtte gjerast for han. Like ein måtte ein del trevekstar på yttersida av bana fjernast. Ved ein raskt samankalla dugnad gjorde nokre personar ein flott innsats med å få dette fjerna i løpet av onsdag ettermiddag og kveld. Torsdag følgde Bjørn J. Bjørsvik opp med å fjerna krattet som hadde vakse utover bana i austre sving. 

No står det att å stussa hekken mellom vegen til barneskulen og bana. Dette reknar me med at kommunen ordnar opp i.

Kjapp utlegging

Utlegging av raudstubben var det NCC som stod for med erfarne folk. Trass i forseinka i starten på grunn av at  utstyr til å lasta opp den lagra raudstubben ikkje var tidsnok på plass, gjorde ei jobben unna til tidleg måndag ettermiddag.

Det som no står att er å få på plass att ramene rundt lengegropene og satsplankane. Det skal me i idrettslaget gjera på dugnad. Planen er også ny diskosing og kule- og sleggjering skal støypass, då dei er slitne og delvis øydelagde.

Bana kan brukast slik den no er, men me reknar med at den vil setja seg endå betre etter kvart. Så tørr som grusen er no, vil det gjera godt med høveleg mengde regn innan kort tid. 

Slik er det nye dekket på langsida ned mot ungdomsskulen. 

Meir lys på bana

Sola har snudd og det går mot mørkare tider att, sjølv om me enno ei stund vil ha lange og lyse kveldar. Då er det kjekt å kunna melda at lysa på ban vert betre i haust. Nye lampar vart monterte i vår og lysmengda skal no verta om lag det doble av det me hadde.

400 000 kr

Lindås kommunestyre løyvde onsdag 21. juni i fjor 400 000 kr til rehabilitering og vedlikehald av grusbana på Ostereidet. Det er desse midlane som har finansiert fornyinga. 

Sjølv om det gjekk over året før løyvinga førde til at fornyinga vart gjert, takkar me kommunen for tildeling av potten dei fekk frå staten til sysselsetjingstiltak. 

Tekst og foto: Stanley Hauge



Kommunestyret løyvde 400 000 kr til baneopprusting

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 21. Jun 2017

Lindås kommunestyre løyvde onsdag 21. juni 400 000 kr til rehabilitering og vedlikehald av grusbana på Ostereidet. Me takkar og gler oss over at det no skal verta skikkeleg dekke att på løpebana, seier leiar i friidrettsgruppa, Stanley Hauge.

Kommunestyret fordelte i alt ca. 1,9 mill. kr som kommunen har fått i sysselsetjingsmidlar. I tillegg til 400 000 kr til vedlikehald av bana, vart det også løyvd 100 000 kr til asfaltering ved skulane på Ostereidet. Her er nyleg vegen opp til barneskulen fått ei nødvendig oppretting – så no vert det nok asfalt også.

Dagane etter at løpebana var rydja og kosta ved dugnaden 31. mai, kom regnet og gjorde det tydeleg kor ujamne løpefelta er. Mange stader er raudstubben heilt nedsliten. No kjem det påfyll.

Friidrettsgruppa håpar at fornyinga av raudstubbdekket kan koma på plass tidleg i haust, slik at det vert gode forhold til stemnene me skal ha då.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Gymnastikksalen på Ostereidet stengt ut året

Lagt ut av Eikanger Idrettslag den 23. Nov 2015

Onsdag 18. november starta arbeidet med å leggja nytt golv i gymnastikksalen på Ostereidet.

Salen vil verta stengt resten av året, etter dei opplysningar Eikanger IL har no. Sømjehallen kan nyttast som vanleg, og det same kan to av dei tre garderobane.

Tekst og foto: Stanley Hauge