Gneistløpar raskast Storset Opp

Postet av Eikanger Idrettslag den 7. Okt 2018

RUNDT FØRSTE SVING: Espen Roll Hansen (nr. 3109) i tet, tett følgd av Halfdan Emil Færø (3128), Magnus Johan Færø og Knut Magne Hauge (3119).

Innspurten på Storset Opp 2018 vart eit rivande oppgjer mellom Halfdan Emil Færø og Espen Roll Karlsen frå Gneist. Roll Karlsen spurta i frå dei siste meterane og vann på 12.03. 

– Eg sleit med å henga på Halfdan Emil over siste kneiken, men då eg greidde det satsa eg alt på spurten. Og det gjekk bra for meg, sa den glade vinnaren. Han deltok også i fjor, men sprang ca. 10 sekund fortare i år.

Halfdan Emil Færø fekk tida 12.05, sekundet etter fjorårstida hans. 

RASKASTE KVINNE: Anita Iversen Lilleskare (nr. 3086) tok teten i kvinneklassen frå start.

Raske kvinner og jenter

I klassen for kvinner tok Anita Iversen Lilleskare ein suveren siger på tida 14.12, den åttande beste tida av alle som deltok. Som vanleg i det siste fekk ho hardast konkurranse av Sara Rebekka Færø Linde som noterte 14.39.

RASKE JENTER: Anna Hanstveit (nr. 3110) og Emma Hanstveit (3111) i 14-15 årsklassen la seg langt framme i feltet og vart berre slått av to vaksne kvinner.

Bak desse to veteranane leverte to 14-år gamle jenter frå Mjøsdalen imponerande løp. Tvillingane Emma og Anna Hanstveit vart nummer tre og fire med tidene 14.52 og 14.54. Dei to ungjentene satsa friskt heilt frå start og låg føre Sara Rebekka Færø Linde eit godt stykke opp i bakkane. I baneløp har dei to lovande osterøyjentene sprunge på ca. 4.50 på 1500m i år.

Kamp om tredjeplassen
Dei to beste i herreklassen var suverene. Fire karar var med i kampen om tredjeplassen, men dei var alle over minuttet etter dei to beste. Den yngste av dei, Magnus Johan Færø, tok tredjeplassen med 13.12, følgd av tre veteranar. Den eldste av dei, Knut Magne Hauge frå Eikanger, tok fjerdeplassen på 13.15. Medan langrennsløpar André Haugsbø frå Gaular vart nummer fem med13.17. På sjetteplass kom den tredje Færø-karen, Jo Harald, på tida 13.30.

MOTBAKKEN STARTAR: Espen Roll Hansen (nr. 3109) i tet, tett følgd av Halfdan Emil Færø (3128), Magnus Johan Færø (3091), Knut Magne Hauge (3119) og Jo Harald Færø (3093).

I guteklassen var Philip Morken i 14-15-årsklassen raskast med 14.11, den sjuande beste tida av alle. Eit svært sterkt løp av ungguten frå Radøy. Kristian Færø i same klasse vart nummer to på 15.02. Og på tredjeplass kom endå yngre Jonas Vågenes (12-13-årsklassen).  

HEILE FELTET: Feltet var godt samla om lag 150m etter start, men det har alt begynt å spreia seg.

Solid deltaking

– Etter den kjempestore oppslutninga om det første Storset Opp i stråande haustvêr i fjor, var me svært spente på korleis det ville gå i år. Med over 270 påmelde denne gongen, er forventningane våre innfridde og vel så det, seier leiar i arrangementskomiteen, Halfdan Emil Færø. Han hadde ein travel dag både som tilskipar og aktiv.

– Med tanke på regntida me har hatt i snart to månader, var det hyggeleg at veret var bra med oss også i år. Litt kjøleg med litt kald trekk oppe på Storset, men forholda var ganske gode, seier Færø.

Leiaren for løpet rettar ei stor takk til alle dei mange medhjelparane som stilte opp og fekk løpet til eit hyggeleg og trivleg arrangement. Ei særleg takk rettar han til André Corneliussen som hadde laga til eit kjempefint rebusløp for borna. Det var rett og slett heilt suverent. 

Vinnarar kvinner: Nr. 1 Anita Iversen Lilleskare (midten), nr. 2 Sara Rebekka Færø Linde (t.v.) og nr. 3 Emma Hanstveit.

Storset Opp
7. oktober 2018, ca 3 km
Kvinner alle klassar
1          Anita Iversen Lilleskare          BFG Bergen Løpeklubb          K40-44          14:12
2          Sara-Rebekka Færø Linde          Varegg Fleridrett          K35-39                14:39
3          Emma Hanstveit          Mjøsdalen IL          K14-15                                      14:52
4          Anna Hanstveit          Mjøsdalen IL          K14-15                                         14:54
5          Christina Ellefsen Hopland          Varegg Fleridrett          K20-22                  15:07
6          Bertine-Helene Færø          Varegg Fleridrett          K23-34                           15:36
7          Emma Dyrhovden          Bjørn West IL          K23-34                                     15:38
8          Målfrid H Valdersnes          Fil Aks-77          K40-44                                      16:19
9          Mette Jersin Ansnes          Eikanger IL          K35-39                                     16:28
10          Maike Verhofstad          Gneist          K20-22                                                16:30
11          Bodil Ryste         Gaular IL          K35-39                                                      16:44
12          Hanne Liland          Varegg Fleridrett/Fjellg.          K45-49                            18:45

Vinnarar kvinner: Nr. 1 Anita Iversen Lilleskare (midten), nr. 2 Sara Rebekka Færø Linde (t.v.) og nr. 3 Emma Hanstveit.

Vinnarar menn: nr. 1 Espen Roll Karlsen (midten), nr. 2 Halfdan Emil Færø (t.v.) og nr. 3 Magnus Johan Færø.

Menn alle klassar
1          Espen Roll Karlsen          Gneist          M23-34                         12:03
2          Halfdan-Emil Færø          Varegg Fleridrett          M23-34          12:05
3          Magnus-Johan Færø          Eikanger IL          M23-34                13:12
4          Knut-Magne Hauge          Team Li          M40-44                        13:15
5          André Haugsbø          Gaular IL          M35-39                             13:17
6          Jo-Harald Færø          Eikanger IL          M35-39                          13:30
7          Phillip Morken          Fil Aks-77          M14-15                                14:11
8          Alv Ole Esperås          FRI IL          M50-54                                   14:20
9          Dag-Henry Nilsen          Varegg Fleridrett          M45-49                14:25
10          Martin S. Johannessen          Almås Løpeklubb          M18-19     14:31
11          Bjørn Harald Bongom          Varegg Fleridrett/Fjellg.    M50-54     14:46
12          Tormod Vågenes          Nordhordland Skiklubb          M40-44       14:54

Vinnar guteklassen: Nr. 1 Phillip Morken (midten), nr. 2 Kristoffer Færø (t.v.) og nr. 3 Jonas Vågenes.

Alle resultata frå Storset Opp 2018

Tekst og foto: Stanley Hauge



Folkefest i første utgåva av Storset Opp

Postet av Eikanger Idrettslag den 11. Okt 2017


Motbakkeløpet Storset Opp gjekk av stabelen for første gong søndag, og trakk til seg over 350 deltakarar. Saman med ein god gjeng frivillige skapte dei det som med glimt i auget har vore omtalt som ”sykkel-VM-stemning” i Bjørsvik og på Storset. (Foto over: Daniel Gjelsvik.)

Løpsfeltet på veg ut frå start i Bjørsvik. (Foto: Ola R. Jordal.)

Saman for folkehelse, nærmiljø og ny Osterhall
Idéen om eit motbakkeløp frå Bjørsvik til Storset har eksistert ei stund, men det som gjerne ikkje er så kjend er at prosjektet vart plukka fram att frå gløymselen berre for eit par månader sidan. Innanfor denne korte tidsramma har Eikanger Idrettslag jobba på spreng for å samle turgåarar, barnefamiliar og aktive løparar til eit felles arrangement.

Eit viktig mål har vore å løfte fram folkehelse, engasjement for nærmiljø, idrettslag og den nye ”Osterhallen”, samstundes som idrettslaget har ønskt å gje eit fullgodt sportsleg tilbod til dei som ønskjer det.

Startområdet på kaien i Bjørsvik. Løparane gjer seg klare. (Foto: Ola R. Jordal.)

Massemønstring
At arrangementet fenga var det ingen som helst tvil om. Responsen frå folket var upåklageleg, og arrangøren kunne notere 353 påmelde i bøkene i Bjørsvik før startskotet small. Arrangøren hadde ordna med parkering på Ostereidet og shuttle-buss vidare til start på kaien i Bjørsvik for dei som ønskte det. Elles kom folk til fots, gåande eller lett joggande.

 Trimmarane starta fortløpande etter å ha fått nummer på brystet, og kunne nyte strålande sol og frisk haustluft heile vegen til Storset. Vel framme ved Storset-tunet vart folk møtt med forfriskingar, kulturinnslag og ulike aktivitetar.

 Speaker Audun Stusdal sørga også for at folk fekk god informasjon om når konkurranseløparane kom, og då løparane vart klokka inn ein etter ein var det kjempestemning framfor løa til Helge Færø og Bente Merethe Hølleland Færø!

 Helge og Bente Merethe, som sjølv er ivrige løparar, var aldri i tvil om at dei ville vere med å bidra til arrangementet då dei fekk spørsmål om det, og har begge lagt ned utallige dugnadstimar for at alt skulle liggje vel til rette.

Vinnartrioen i jenteklassen. Mjøsdalen-tvillingane Emma og Anna Hanstveit og Kristine Sleire Tistel frå Risnes (t.h.) på tredjeplass. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Godt sportsleg nivå og friske duellar
Blant konkurranseløparane var det høgt nivå og mange friske duellar. 

I jenteklassen (12-15 år) var det Mjøsdalen-tvillingane Emma og Anna Hanstveit som trakk det lengste strået og kom - nær sagt som vanleg - saman over mål på den sterke tida 15:05. På tredjeplass følgde skiskyttar Kristine Sleire Tistel frå Risnes IL med tida 19:20 - også det ein flott prestasjon i ei krevjande løype! 

Vinnartrio i guteklassen. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Blant gutane (12-15 år) var det Phillip Morken frå Fil Aks-77 som stakk av med sigeren på den fine tida 14:35, ei tid som held til ei svært god plassering også totalt blant alle herrane. Bak Phillip kom klubbkamerat i Aks-77 Kristoffer Nilsen Apelthun Færø, med eit godt gjennomført løp på tida 15:44, og på tredje Eikanger-karen Mathias N. Haugen med fine 17:26.

Blant seniorane leverte Anita Iversen Lilleskare (BFG Bergen Løpeklubb) og Svein Roar Kvamme (Norna Salhus) sterke prestasjonar og vann.

Vinnartrio kvinner. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

 Lilleskare, som er ei av dei sterkaste motbakkeløparane nasjonalt, fekk tidleg ei luke på konkurrentane saman med Eli Anne Dvergsdal frå Gular, og desse to held saman fram til det stod att om lag 100 meter. Lilleskare sette då inn turboen og fekk dei nødvendige metrane på Dvergsdal. Tidene vart imponerande 13:56 og 13:57. På tredjeplass følgde Varegg-jenta Christina Ellefsen Hopland med 14:26.


God fart i feltet ut frå start. (Foto: Ola R. Jordal.)

I herreklassen danna det seg tidleg eit lite trekløver beståande av Svein Roar Kvamme (Norna Salhus), Halfdan-Emil Færø (Varegg) og Espen Roll Karlsen (Gneist). Desse held saman gjennom serpentin-svingane i Bjørsvik og eit stykke oppover grusvegen mot Storset, før Kvamme gjorde eit lite rykk og kvitta seg med dei to andre. Kvamme hadde disponert kreftene godt, held unna innover det småkuperte terrenget mot Storset og kom inn på den sterke vinnartida 11:46. Færø og Roll Karlsen vart klokka inn på høvesvis 12:08 og 12:14, også det svært sterke tider.

Litt rolegare tempo på dei som kom litt lenger bak i feltet. (Foto: Ola R. Jordal.)


Nøgde arrangørar – eit løft for Eikanger Idrettslag og Ostereidet-krinsen
Arrangørane i Eikanger Idrettslag var svært nøgde med gjennomføringa av arrangementet, ikkje minst med det høge deltakartalet på 353 som må seiast å vere imponerande for eit løp som stod på terminlista for første gong.

­­- Deltakartalet syner den nye given me føler at me har er i idrettslaget og i Ostereidet-krinsen. Det er ekstremt inspirerande for idrettslaget, bygdelaget, skulemusikken, skulane og andre som jobbar for fleirbrukshall og betre tilhøve for idretten og kulturen her på Ostereidet, seier gjengen bak arrangementet 

- Ikkje minst inspirerar det oss til å lage eit endå betre arrangement neste år, avsluttar dei. 

Tekst: Jo-Harald Færø

(Heile resultatlista er å finne på eqtiming.no)

Vinnartrio menn. Svein Roar Kvamme nummer ein, med Halfdan Emil Færø (t.v.) på andreplass og Espen Roll Karlsen på tredje. (Foto: Daniel Gjelsvik.)


I kø for å handla i kafeen - i den flott restaurerte løa på Storset. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Denne smilande gjengen hadde masse godt å by på!! (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Det var greitt å få opp sekkane med klebyte m.m. inni. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Spurtduell også i mosjonsklassen. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Ein jublande Svein Roar Kvamme spring i mål som klar vinnar. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Anita Iversen Lilleskare til topps i kvinneklassen, smilande og jublande. (Foto: Daniel Gjelsvik.)