Nyttårsløp på Eikanger laurdag 6. januar

Postet av Eikanger Idrettslag den 30. Des 2017


Nyttårsløp laurdag 6. januar startar andre halvdel av vinterkarusellen på Eikanger. Starten går presis kl. 15.00 for dei som skal springa på tid.

Løpet er det femte vinterkarusellen denne sesongen. Om du ikkje alt er i gang, kan du la deltaking i nyttårsløpet vera ein fin inspirasjon til å få fart att med trimminga etter jule- og nyttårsfeiringa.

I den lette og fine løypa rundt Eikangervågen, med start frå skulen, kjem du i lag med andre trimmarar. Farten avgjer du sjølv. Du kan springa å testa forma eller du kan rusla rundt i hyggeleg lag med andre trimmarar  – utan tanke på tida. Og du treffer folk i alle aldrar, frå eitt-to-åringar til pensjonistar.

Distansen er ca. 2,15 km. Men vil du trimma lenger er det fritt fram – slik mange gjer – dei tek ein ekstrarunde før eller etter løpet.

Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Og dei som deltek utan tidtaking, kan starta så snart dei har meldt seg på.

Startkontingent  
Startkontingenten er kr 50,- for vaksne, kr 25,- for born til og med 15 år, og familiekontingent kr 90,- (samla for vaksne og born til og med 15 år).

Premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. Det vert også trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp.

Fire løp til
I tillegg til løpet komande laurdag, vet det fire løp til fram til våren. Dei går 27. januar, 17. februar, 10. mars og 7. april.

Sjekk kor mange løp du har delteke i
Kor mange gonger du i alt har delteke i vinterkarusellen kan du no finna i i denne pdf-fil:

Oversikt over tal karusellstartar 1979-2017.pdf

I oversikta er det teke med alle som har delteke fem gonger eller meir.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Knut Magne Hauge for 5. gong

Postet av Eikanger Idrettslag den 16. Des 2017

Mosjonisten Knut Magne Hauge var for femte gong raskast i karusellen på Eikanger. Han vann førjulsløpet med klar margin. Grethe Jørgesen var raskaste dame.

Med tida 7.01 vann Knut Magne, som bur på Eikanger, 12 sekund føre Martin Erdal frå Samnanger. Førre sigeren tok Knut Magne for fire år sidan.

UT FRÅ START: Martin Erdal (nr. 69) tok teten ut frå start, tett følgd av Kristoffer Hopland (nr. 55) og Knut Magne Hauge (nr. 60). 

På tredjeplass kom 14-årige Kristoffer Hopland som med 7.45 sette årsbeste, og berre var seks sekund bak bestetida si frå førre sesong. Deretter følgde veteranane Helge Færø på 7.51 og Arild Tveranger på 7.57. For Tveranger var det 23 raskare enn han greidde i førre sesong.

ÅRSBESTE: Kristoffer Hopland sprang inn til 3. plass på 7.45. 

Grethe Jørgensen var raskaste dame for 31. gong og ho gjorde på nytt eit sterkt løp, denne gongen på 8.06. Under dei kalde forholda laurdag var det ein god prestasjon.

SPENT PÅ TIDA: Grethe Jørgensen var raskaste kvinne i karusellen nok ein gong. Og spent på tida er ho som alltid. 

Med om lag fem kuldegrader og klårt og fint ver, var det skikkeleg vinterforhold ved førjulskarusellen.  Bortsett frå eit part svingar med litt glatt is og snø, var det gode løpsforhold. Men den kjølege lufta gjorde at det gjekk litt tyngte for dei fleste. Men jammen var det enkelte som sette sesongbeste.

NISSEPAR: Eitt av nissepara som stilte til start i førjulskarusellen. Og bak dei skimtar me to nissar med kiper på ryggen, fylte med gåver til julaftan.

Heile 98 deltakarar stilte til start, dei fleste av dei tok turen rundt vågen utan tidtaking. Ganske mange stilte med nisselue, og ein 6-8 stykke hadde kledd seg ut med nisseutstyr frå topp til tå.

RETT OVER TI MINUTTAR: Denne gjengen kom i mål på litt over ti minuttar. Fremst Adrian Hansen Toft (53), Ida Herland Sæthre (67), Jan Kårbø (5), Nils Rune Sæthre (66) og Øyvind G. Oppedal (28)

Neste karusell på Eikanger vert nyttårsløpet laurdag 6. januar. 

Vinterkarusell 2017-18, 4. løp.
Eikanger 16. desember 2017
Arr.: Eikanger IL
Fint ver, snø/is (bra strødd) halve løypa, resten berr veg, stille  ÷ 5-6° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Knut Magne Hauge            7.01
2. Martin Erdal            7.13
3. Kristoffer Hopland            7.45
4. Helge Færø            7.51
5. Arild Tveranger            7.57
6. Grethe Jørgensen            8.06
7. Kristoffer Hauge Haugland            8.20
8. Bjørnar Eidsheim            8.25
9. Einar Skrede            8.28
10. Johannes Hopland            8.34
11. Are Flekke            8.49
12. Bjarne Gausvik            8.54
13. Evie Kalnes Dencker            8.55
14. Frank Fammestad            9.01
15. Idar Odland            9.04
16. Einar Færø            9.21
16. Nikolai Færø            9.21
18. Amalie Kallestad            9.30
19. Aase Midtgaard Skrede            9.36
20. Arne Erdal            9.44
21. Arve Henningsen            9.50
22. Terje Eidsnes            9.56
23. Adrian Hansen Toft            10.11
24. Ida Herland Sæthre            10.13
25. Jan Kårbø            10.15
26. Nils Rune Sæthre            10.16
27. Mats Johan G. Oppedal            10.17
28. Øyvind G. Oppedal            10.19
29. Ingunn Kvalsvik            11.40
30. Stein Tore Holsen Viken            11.43
31. Harald Hansen            11.48
32. Daniel Norheim            11.54
33. Håkon Rongved            11.55
34. Bjørn Mo            11.56
35. Camilla Hauge            12.58
36. Karl Ole Hauge            13.46
37. Håvard Andre G. Oppedal            13.53
38. Heine Hauge            15.06

Utan tid:
Rakel  Alme, Jan-Ivar  Berge, Anders Eidsnes, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Renate Eneroth, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Linnea Gjelsvik, Arvid Hauge, Sofie Haugland Hauge, Stanley  Hauge, Wigdis Haugen, Solveig Villanger Haugland, Benedikte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Benjamin Helgesen, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Isak Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf  Høyland, Odd Inge Høyland, Ask Longva Håland, Runa Longva Håland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Harald Marthinussen, Hilde Marthinussen, Jonas Marthinussen, Malin Marthinussen, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Margunn G. Oppedal, Kirsten Rongved, Sebastian Rongved, Frode Helland Skjelanger, Christien Gabrielsen Skjelanger, Fredrik Skjelanger, Sverre Solberg, Grethe Titland, Helge Toft, Laila Toft, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Sissel Toft, Åge  Toft, Wenche Tveranger, Johanne Øvretveit, Elen Bjørge Aarland

Neste løp:
Laurdag 6. januar 2018 kl. 15.00

FRÅ SAMNANGER: Martin Erdal tok ein klar andreplass med 7.13.

GOD SESONGDEBUT: Arild Tveranger deltok for første gong denne sesongen med tida 7.57, klart betre enn førre sesong.

DEBUTANT: 14-årige Kristoffer Hauge Haugland deltok for første gong i karusellen og fekk den gode tida 8.20.


SESONGBESTE: Are Flekke sprang inn til klar sesongbeste. Men kva nissane til høgre skvaldra om, veit me ikkje ...

SPURTOPPGJER: Veteranen Bjare Gausvik og unge Evie Kalnes Dencker i friskt spurtoppgjer.

STABIL: Idar Odland i fint driv inn til tida 9.04. Før denne sesongen har han to gonger notert 8.59 og ein gong 9.00.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Førjulskarusell på Eikanger laurdag 16. desember

Postet av Eikanger Idrettslag den 11. Des 2017


Laurdag 16. desember kl. 15.00 vert det førjulskarusell på Eikanger. Alle trimmarar er velkomne, og særleg velkomne er trimmande nissar. Kanskje vert dei like mange som for tre sesongar sidan (biletet).

 Løpet laurdag ettermiddag er det fjerde i vinterkarusellen denne sesongen.

Raskaste og best kledde nisse vert premiert, og det vert også litt utvida premiering trekt på startnummer. Pluss servering av julegodt til alle deltakarane!

Løypa er som vanleg ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, så det bør ein nisse fint greia som førjulstrim og opplading til meir krevjande oppgåver ei veke seinare! Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Og dei som deltek utan tidtaking, kan starta så snart dei har meldt seg på.

Startkontingent – nye prisar denne sesongen 
Startkontingenten er kr 50,- for vaksne, kr 25,- for born til og med 15 år, og familiekontingent kr 90,- (samla for vaksne og born til og med 15 år).

Premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. Det vert også trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp.

Første løp etter nyttår vert laurdag 6. januar, deretter vert det løp 27. januar, 17. februar, 10. mars og 7. april.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Engelsk karusellvinnar på glatten

Postet av Eikanger Idrettslag den 25. Nov 2017

David Myers, engelskmann busett i Stockholm, gjekk til topps i den tredje vinterkarusellen på Eikanger. På besøk her i distriktet stilte Myers til start og vann på 7.32.

PERSONBESTE: Veteranen Grethe Jørgensen sette for andre gong denne sesongen ny bestenotering i karusellen. 

Den som imponerte mest under dei litt tunge forholda laurdag, var veteranen Grethe Jørgensen som med 7.55 noterte ny personleg rekord i karusellen. Ho har betra bestetida si med 12 sekund denne sesongen. På glatt og sleipt føre i delar av løypa, var rekordforbetringa hennar ein sterk prestasjon.

For 30. gong var ho raskaste kvinne i karusellen. Og ho er no den 5. raskaste kvinna i karusellen sidan starten i 1979, og det er berre fem sekund opp til 3. plass.

SPURTDUELL: Veteranen Anders Eidsnes greidde så vidt å spurtslå unge Phillip Morken, begge fekk 7.43. Til venstre bak kjem Over N. Morken inn til 7.45

Kampen om topplassane for menn var jamnare enn på lenge. På andreplass kom Harald Marthinussen på 7.34, på tredjeplass Helge Færø på 7.37, medan Anders Eidsnes og Phillip Morken på 4. og 5. plass begge fekk 7.43. For både Harald og Helge var det dei beste tidene dei har oppnådd sidan sesongen 2014-15.

UNDER NI MINUTTAR: Nikolai Færø  (nr. 71) sprang under ni minuttar for første gong i karusellen, med god hjelp av faren, Einar, som «hare».

Flotte løp gjorde også Nikolai Færø som med 8.55 sprang under ni minuttar for første gong, og Adrian Hansen Toft som med 9.59 kom under ti minuttar for første gong. Sunniva R. Eidsnes sette også personbeste, og mangla berre nokre tidelar på å kom under ti blank ho også. 

FRISK SPURT: Ida Herland Sæthre (nr. 73), Adrian Hansen Toft (nr. 43) og Sunniva R. Eidsnes (nr. 39) i frisk spurt på det snø- og sørpedekte oppløpet.

Under sjølve løpet heldt hagl- og regnbyene seg vekke, men ned første bakken og eit par andre stader var det sleipt og glatt og elles våt asfalt. Tyngst var det likevel i starten og på oppløpet til mål, då det var masse slaps der sidan vegen inn til skulen ikkje var brøyta.

SØRPEFØRE: Det var skikkeleg vinterføre i starten på karusellen laurdag. Masse sørpe og tungt å springa ut frå start.    

Trass det rufsete veret var det 66 deltakarar i løpet, og heile 41 av dei sprang på tid. Mange av dei trenar tydelegvis godt, for ut frå forholda sprang dei godt og mange oppnådde årsbeste.

Det siste løpet på Eikanger før jul går laurdag 16. november.

Vinterkarusell 2017-18, 3. løp.
Eikanger 25. november 2017
Arr.: Eikanger IL
Stort sett opphald, våt veg, glatt og slaps i delar av løypa, stille  + 3-4° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. David  Myers            7.32
2. Harald Marthinussen            7.34
3. Helge Færø            7.37
4. Anders Eidsnes            7.43
5. Phillip Morken            7.43
6. Ove Normann Morken            7.45
7. Sverre Johansen            7.54
8. Grethe Jørgensen            7.55
9. Trond Austrheim            7.58
10. Kristoffer Hopland            8.03
11. Einar Skrede            8.11
12. Johannes Hopland            8.21
13. Atle Austrheim            8.39
14. Arvid Hauge            8.49
15. Einar Færø            8.54
16. Nikolai Færø            8.55
17. Idar Odland            9.00
18. Are Flekke            9.06
19. Amalie Kallestad            9.09
20. Aase Midtgaard Skrede            9.34
21. Remi Fyllingen            9.42
22. Arve Henningsen            9.46
23. Ida Herland Sæthre            9.57
24. Adrian Hansen Toft            9.59
25. Sunniva R. Eidsnes            10.00
26. Nils Rune Sæthre            10.04
27. Harald Norheim            10.28
27. Daniel Norheim            10.28
29. Olav Alme            10.34

VETERANAR: Veteranane Jan Kårbø (nr. 5) og Atle Kolbeinsen på oppløpet.

30. Jan Kårbø            10.35
31. Atle  Kolbeinsen            10.37
32. Kjell Namtveit            10.44
33. Torleiv Brørvik            11.01
34. Olai Nepstad             11.42
35. Stein Tore Holsen Viken             11.48
36. Trude Austrheim             11.55
37. Ingunn Kvalsvik            11.59
38. Liam Hansen Toft            12.42
39. Richard Toft            12.43
40. Gustav Ansnes Færø            13.39
41. Jo Harald Færø            13.40 

Utan tid:Hallgeir Alme, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Sofie Haugland Hauge, Stanley  Hauge, Solveig Villanger Haugland, Kay Eric Haukås, Steinar Haukås, Anna Sofia Hilleren, Katrine Hopland, Alf  Høyland, Inge Leknes, Jonas Marthinussen, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Grethe Titland, Monica Toft, Åge  Toft

Neste løp:
Laurdag 16. desember kl. 15.00

GLATT BAKKE: Arrangørane skrapa bort is og snø i den første svingen, men det var ein del glatte parti ned den første unnabakken.

Tekst og foto: Sanley Hauge



Berre to sekund frå karusellrekorden for kvinner

Postet av Eikanger Idrettslag den 4. Nov 2017


Sara Rebekka Færø Linde viste på ny god form då ho sprang på 7.20 i vinterkarusellen på Eikanger. Tida var berre to sekund frå hennar eigen løpsrekord. Sterkt gjort under våte og litt tunge forhold.

Halfdan Emil Færø var raskast av alle rundt Eikangervågen denne gongen med 6.44. Han var utan konkurranse om sigeren. Faktisk var det søstera Sara Rebekka som var nærmast han i tid. Tredje raskast av alle, og nummer to blant mennene, var den 15-årige debutanten Magnus Håland med 7.37.

Halfdan Emil Færø suveren vinnar i det andre løpet i vinterkarusellen. Medan Magnus Håland (foto nedanfor) debuterte med ein flott 2. plass i klassen for menn.


Anders Eidsnes var tredje raskaste mann med 7,44, som var fem sekund betre enn han hadde i førre sesong. To andre debutantar som noterte fine tider var Terje Håland med 7.49 og Geir Øy med 8.00. 

Grethe Jørgensen var nest best av kvinnene og med 8.00 og eitt sekund svakare tid enn då ho sette personleg rekord i første løpet, stadfesta ho at ho denne sesongen er på eit høgare nivå.

Grethe Jørgensen sprang på 8.00 og spurta litt raskare enn Geir Øy som debuterte i karusellen med 8.00.

10-årige Idar Odland sprang for andre gong under ni minuttar og tangerte sin eigen rekord på 8.59.

 Forholda laurdag 4. november var nok litt tyngre enn i sesongopninga for fjorten dagar sidan. Då var det tørt, mildt og fint. No var det vått og regn, men vindstille. Fleire løparar sprang likevel på betre tider denne gongen. Mellom dei som viste flott framgang var Nikolai Færø som sprang på 9.20, 40 sekund fortare enn førre løp. 8-årige Daniel Norheim noterte 10.56, langt over minuttet raskare enn før. 

Sunniva R. Eidsnes deltok utan tidtaking denne gongen, men kunne ikkje dy seg frå prøva å slå pappa Anders i spurten. I midten bak dei kjem Terje Håland.

16-årige Stine Nes Sjursen sette med 9.39 ny personleg bestenotering, eitt sekund raskare enn i første løpet for eitt år sidan. Ho var fjerde raskast av kvinnene. 

For Sara Rebekka Færø Linde var det 28 gongen ho var beste kvinne i karusellen, medan Halfdan Emil Færø vann for 18. gong.

Heile 82 deltakarar stilte til start trass i til dels kraftige regnbyer laurdag ettermiddag. Neste løp går laurdag 25. november.

Full fart ut frå start med nesten 50 deltakarar på startstreken.

Vinterkarusell 2017-18, 2. løp.
Eikanger 4. november 2017
Arr.: Eikanger IL
Regnbyer, våt veg, stille  + 7-8° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Halfdan Emil Færø            6.44
2. Sara R. Færø Linde            7.20
3. Magnus Håland            7.37
4. Anders Eidsnes            7.44
5. Terje Håland            7.49
6. Grethe Jørgensen            8.00
7. Geir  Øy            8.00
8. Trond Austrheim            8.12
9. Einar Skrede            8.13
10. Atle Austrheim            8.23
11. Theodor Rønn-Aar            8.39
12. Egil  Opsal            8.42
13. Arvid Hauge            8.49
14. Hogne Haugsdal            8.55
15. Idar Odland            8.59
16. Are Flekke            9.06
17. Nikolai Færø            9.20
18. Arve Henningsen            9.29
19. Aase Midtgaard Skrede            9.37
20. Stina Nes Sjursen            9.39
21. Ida Herland Sæthre            9.40
22. Nils Rune Sæthre            9.41
23. Terje Eidsnes            9.50
24. Frode Sjursen            9.55
25. August Rønn-Aar            10.01
26. Ludvig Færø Linde            10.03
27. Einar Færø            10.04
28. Adrian Hansen Toft            10.30
29. Jan Kårbø            10.32
30. Emil Kleiveland Fammestad            10.38
31. Gunnar A. Larssen            10.38
32. Frank Fammestad            10.39
33. Kjell Namtveit            10.52
34. Bjørn Mo            10.55
35. Daniel Norheim            10.56
36. Sverre Solberg            11.05
37. Silje Nes Sjursen            11.59
38. Kjersti Haldorsen            12.01
39. Mie Aurora Leirvåg Carlsen            12.27
40. Ingrid Haldorsen            12.28
41. Trude Austrheim            12.42
42. Mats Johan G. Oppedal            13.11
43. Håvard Andre G. Oppedal            13.40
44. Trine Rønn-Aar            13.40
45. Øyvind G. Oppedal            13.41
46. Olivia Rønn-Aar            14.09
47. Live Færø Linde            17.01
48. Helga Marit Færø            17.02
49. Frida Fammestad            18.50

Olav Alme (t.v.) og Sondre R. Eidsnes (midten) deltok utan tid, men nytta sjansen til ¨å spurta om kapp med Adrian Hansen Toft (nr. 22) og veteranen Jan Kårbø.

Utan tid:
Hallgeir Alme, Margrethe Alme, Olav Alme, Rakel  Alme, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Magnus Elvik, Espen Enertoh, Henrik Fammestad, Kristine Fammestad, Brit Elin Frantzen, Kari Haldorsen, Liam Harrison, Stanley  Hauge, Torunn Hopland, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Rikke Færø Linde, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Margunn G. Oppedal, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Thomas Rønn-Aar, Grethe Titland, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Åge  Toft

Neste løp:
Laurdag 25. november kl. 15.00

Trond Austrheim fremst og Einar Skrede.

Flott løp av Theodor Rønn-Aar på 8.39.

Med tida 9.20 sprang Nikolai Færø 40 sekund fortare enn i løpet for 14. dagar sidan.

Aase Midtgaard Skrede var med 9.37 tredje raskaste kvinne, men like bak kom Stina Nes Sjursen på 9.39 og Ida Herland Sæthre (skjult) på 9.40. Nils Rune Sæthre (bak t.v.) fekk 9.41.

Daniel Norheim (t.h.) og Bjørn Mo i fint driv inn til mål. Daniel har planar om å delta i så mange løp at han får gullmedalje når sesongen er slutt til våren.

Silje Nes Sjursen (t.v.) og Kjersti Haldorsen kjempa om å koma under 12 minuttar. Silje fekk 11.59 og Kjersti 12.01.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Karusell på Eikanger laurdag 25. november

Postet av Eikanger Idrettslag den 30. Okt 2017


Laurdag 25. november går det tredje løpet i Eikanger IL sin vinterkarusell for sesongen 2017-18. I den 39. sesongen med vinterkarusell er det lagt opp til ni løp.

I den velkjente karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt», vert det fire løp før jul og fem etter nyttår.

Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Og dei som deltek utan tidtaking, kan starta så snart dei har meldt seg på.

Løpsdatoane for løpa som står att før nyttår er: 25. november og 16. desember.

Første løp etter nyttår vert laurdag 6. januar, deretter vert det løp 27. januar, 17. februar, 10. mars og 7. april.

Startkontingent – nye prisar denne sesongen
Startkontingenten er kr 50,- for vaksne, kr 25,- for born til og med 15 år, og familiekontingent kr 90,- (samla for vaksne og born til og med 15 år).

Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt  Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar.

 – Løpet er ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna. Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.

Premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. Det vert også trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp.

Flest løp
302 løp med i alt 18 084 startande er avvikla sidan desember 1979.

Før komande sesong står Terje Eidsnes med 256 startar og Sverre Solberg med 251. Over 200 startar har også: Steinar Haukås 242, Alf Høyland 233, Arvid Hauge 226, Leiv Eidsnes 225 og Sigmund Nævdal 219.

To personar, Arvid Hauge og Steinar Haukås, har vore med i eitt eller fleire løp kvar einaste sesong sidan starten.

Løpsrekordar
Svein Roar Kvamme sette ny løpsrekord med 5.58 i det første løpet denne sesongen. Sara Rebekka Linde har rekorden for kvinner med 7.18 frå 11. mars 2017.

Tekst og foto: Stanley Hauge

Saka oppdatert 18. november 2017



Kvamme først på 5-talet i karusellen

Postet av Eikanger Idrettslag den 21. Okt 2017


Svein Roar Kvamme vart laurdag den første som sprang under seks minuttar og noterte ei tid på 5-talet i vinterkarusellen på Eikanger. 5.58 er den nye rekorden rundt Eikangervågen.

Kvamme slo dermed Halfdan Emil Færø sin rekord frå 16. mars 2013 med seks sekund. Dei to lokale storløparane hadde ein flott kamp. Halfdan Emil gjekk i teten ut frå start, i stort tempo. Bortover langs vågen tok Kvamme teten, med Færø rett bak. Den første kilometeren gjekk unna på raske 2.43.

Halfdan Emil Færø i teten ut frå start. Svein Roar Kvamme følgjer like bak, vidare Magnus Johan Færø (42), Jo Harald Færø (34), Grethe Jørgensen (6), Egil Opsal /67)Idar Odland (84) og Harald Marthinussen (80).

Etter at halve løpet var unnagjort fekk Kvamme ei lita leiing, og 300-400m seinare rykte han frå og kom i mål ti sekund før den gamle rekordhaldaren.  Med tida 6.08 gjorde Halfdan Emil eitt av sine beste løp i karusellen.

PÅ REKORDJAKT: Kvamme sjekkar tida i det han passerer målstreken.

Forholda under løpet var fine med tørr veg og 13-14 varmegrader. Men heilt ideelt var det ikkje med ein austavind som kom med enkelte kraftige kast.

­– Under oppvarmingsrunden syntest eg det var litt tungt utover langs vågen mot brua, men under sjølve løpet merka eg ikkje vinden særleg. Då gjekk det mykje lettare, sa Kvamme rett etter løpet.

Kvamme er tydelegvis i svært god form, for vel ei veke sidan sette han solid ny personleg rekord på 5000m med 14,46,81 i eit sololøp under kalde forhold i Arna.

STERKT LØP: Halfdan Emil spring inn til 6.08 og andreplass, eit av dei beste løpa hans på Eikanger.

På plassane etter Kvamme kom tre blad Færø. Halfdan Emil på andreplass, Jo Harald Færø på 3. plass og Magnus Johan på 4. plass. Sterke løp av heile gjengne. Jo Harald tangerte bestetida si på 6.27 frå november 2002, så han har tydelegvis tenkt å koma i storform til han vert veteran etter nyttår.

TANGERTE REKORDEN SIN: Jo Harald Færø tangerte den nesten 15 år gamle personlege bestetida si i karusellen med 6.27. 

Kvamme debuterte i vinterkarusellen i løpet 6. mars 2010 der han på vinterføre vann på 6.52. Han vann også siste løpet den sesongen med sterke 6.33. Sigeren hans no sju og eit halvår seinare var niande gongen han var raskast rundt Eikanervågen. 

I FRAMGANG: Bertine Helene Færø sprang på 7.39, langt betre enn i førre sesong. Ho var raskaste kvinne for 22. gong.

Raskaste kvinne var også ei av Færø-gjengen. Bertine Helene noterte med 7.39 den beste tida si på lenge, 17 sekund raskare enn i fjor. Ei som også har trena godt i sommar er Grethe Jørgensen som med 7.59 for første gong kom under åtte minuttar i karusellen. Ho var 16 sekund raskare enn i fjor.

PERSONLEG REKORD: Grethe Jørgensen kom med 7.59 under 8-minuttarsgrensa for første gong.

Deltakinga i den første karusellen denne sesong var svært god, med heile 115 startande. Berre ein gong før har det vore fleire. Det var i det første løpet hausten 1985 med 120 deltakarar – under den første store joggebølgja.

GOD SESONGSTART: Med tida 7.30 var Harald Marthinussen 15 sekund raskare enn i førre sesong.

To unge gutar som sette fine nye personlege rekordar i karusellen var 12-årige Johannes Hopland med 8.18 og 11-årige Idar Odland som med 8.59 for første gong kom under ni minuttar. Sterkt løp av 13-årige Sunniva R. Eidsnes som med 10,03 betra seg med halvminuttet. 

RASK 13-ÅRING: Johannes Hopland sette personleg rekord med 8.18.

RASK 11-ÅRING: Idar Odland smaug seg med 8.59 under ni minuttar for første gong.

Heile 61 deltakarar sprang på tid og alle kom i mål på under 15 minuttar. Halvparten av dei var til og med under 10 minuttar. Flott gjort!

Neste karusell på Eikanger går alt laurdag 4. november. Deretter vert det løp kvar tredje laurdag før jul.

FLOTT GJENG: Spurtar mot mål. Frå venstre: Silje Nes Sjursen, Mie Aurora Leirvåg Carlsen, Ingrid Haldorsen og Camilla Hauge. Rett bak dei kjem Gustav Ansnes Færø og Mette Ansnes.

Vinterkarusell 2017-18, 1. løp.
Eikanger 21. oktober 2017
Arr.: Eikanger IL

Fint ver, austavind,  + 12-13° C. 

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Svein Roar Kvamme            5.58
2. Halfdan Emil Færø            6.08
3. Jo Harald Færø            6.27
4. Magnus Johan Færø            6.52
5. Bjarte Eikanger            7.16
6. Harald Marthinussen            7.30
7. Bertine Helene Færø            7.39
8. Bjørnar Eidsheim            7.45

SPURTDUELL: Kristoffer Hopland (82) og Thomas Rønn-Aar kjempa heilt til mål og fekk same tida.

9. Kristoffer Hopland            7.46
9. Thomas Rønn-Aar            7.46

11. Grethe Jørgensen            7.59
12. Daniel Gjelsvik            8.04
13. Johannes Hopland            8.18
14. Einar Skrede            8.21
15. Theodor Rønn-Aar            8.29
16. Alf Fjellstad            8.36
17. Egil  Opsal            8.42
18. Amalie Kallestad            8.44
19. Brynjar Nordanger            8.55
20. Idar Odland            8.59

21. Are Flekke            9.04
22. Valentina Dimitrova            9.07
23. Yngve Gjelsvik            9.21
24. Kirill Eikanger            9.28
25. Arve Henningsen            9.36
26. Gunnar Hauge            9.37
27. Aase Midtgaard Skrede            9.42
28. Stina Nes Sjursen            9.46
29. Frode Sjursen            9.54
30. Merethe M. Odland            9.58

31. Terje Eidsnes            10.00
32. Nikolai Færø            10.02
33. Sunniva R. Eidsnes            10.03
34. Ida Herland Sæthre            10.11
35. Nils Rune Sæthre            10.12
36. Adrian Hansen Toft            10.16
37. Geirmunn Aarland            10.19
38. August Rønn-Aar            10.24
39. Jan Kårbø            10.35
40. Valborg Nes            10.37

41. Olai Nepstad            11.05
42. Magnar Taule            11.23
43. Sverre Solberg            11.27
44. Sondre R.  Eidsnes            11.48
45. Elias Mosland            11.50
46. Anders Eidsnes            11.51
47. Anna Ansnes Færø            12.07
48. Bjørn Mo            12.17
49. Daniel Norheim            12.17
50. Camilla Hauge            12.29

51. Ingrid Haldorsen            12.33
52. Silje Nes Sjursen            12.33
53. Mie Aurora Leirvåg Carlsen            12.34
54. Mette Ansnes            12.36
55. Gustav Ansnes Færø            12.36
56. Trude Austrheim            13.04
57. Heine Hauge            13.06
58. Silje Falkanger Dobie            13.07
59. Karl Ole Hauge            13.16
60. Helga Marit Færø            14.02
61. Trine Rønn-Aar            14.25

Utan tid
Jan-Ivar  Berge, Marte Reigstad Clausen, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Ernst Ove Eide, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Frida Eikanger, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Liv Enes, Olav Enes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Kari Haldorsen, Kjersti Haldorsen, Aron David Hauge, Arvid Hauge, Nansy Hauge, Sofie Haugland Hauge, Stanley  Hauge, Wigdis Haugen, Solveig Villanger Haugland, Steinar Haukås, Sølvi Iren Haukås, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Sebastian Helgesen, Alis Hellevang, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Awiar Mawlannajad, Leila Mawlannajad, Saia Mawlannajad, Sarina Mawlannajad, Tahir Mawlannajad, Cecilie Beate Mosland, Jonathan Mosland, Gerd Nævdal, Leon Berge Pettersen, Mathias Berge Pettersen, Susanne Rebnord, Tony Thorsen, Grethe Titland, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Åge  Toft, Ingrid Rebnor Ådnanes, Martin Ådnanes           

Neste løp: Laurdag 4. november kl. 15.00

Tekst og foto: Stanley Hauge

REKORDJUBEL: Svein Roar Kvamme jublar over ny rekord alt før han er i mål. Han hadde god sekundering.



Folkefest i første utgåva av Storset Opp

Postet av Eikanger Idrettslag den 11. Okt 2017


Motbakkeløpet Storset Opp gjekk av stabelen for første gong søndag, og trakk til seg over 350 deltakarar. Saman med ein god gjeng frivillige skapte dei det som med glimt i auget har vore omtalt som ”sykkel-VM-stemning” i Bjørsvik og på Storset. (Foto over: Daniel Gjelsvik.)

Løpsfeltet på veg ut frå start i Bjørsvik. (Foto: Ola R. Jordal.)

Saman for folkehelse, nærmiljø og ny Osterhall
Idéen om eit motbakkeløp frå Bjørsvik til Storset har eksistert ei stund, men det som gjerne ikkje er så kjend er at prosjektet vart plukka fram att frå gløymselen berre for eit par månader sidan. Innanfor denne korte tidsramma har Eikanger Idrettslag jobba på spreng for å samle turgåarar, barnefamiliar og aktive løparar til eit felles arrangement.

Eit viktig mål har vore å løfte fram folkehelse, engasjement for nærmiljø, idrettslag og den nye ”Osterhallen”, samstundes som idrettslaget har ønskt å gje eit fullgodt sportsleg tilbod til dei som ønskjer det.

Startområdet på kaien i Bjørsvik. Løparane gjer seg klare. (Foto: Ola R. Jordal.)

Massemønstring
At arrangementet fenga var det ingen som helst tvil om. Responsen frå folket var upåklageleg, og arrangøren kunne notere 353 påmelde i bøkene i Bjørsvik før startskotet small. Arrangøren hadde ordna med parkering på Ostereidet og shuttle-buss vidare til start på kaien i Bjørsvik for dei som ønskte det. Elles kom folk til fots, gåande eller lett joggande.

 Trimmarane starta fortløpande etter å ha fått nummer på brystet, og kunne nyte strålande sol og frisk haustluft heile vegen til Storset. Vel framme ved Storset-tunet vart folk møtt med forfriskingar, kulturinnslag og ulike aktivitetar.

 Speaker Audun Stusdal sørga også for at folk fekk god informasjon om når konkurranseløparane kom, og då løparane vart klokka inn ein etter ein var det kjempestemning framfor løa til Helge Færø og Bente Merethe Hølleland Færø!

 Helge og Bente Merethe, som sjølv er ivrige løparar, var aldri i tvil om at dei ville vere med å bidra til arrangementet då dei fekk spørsmål om det, og har begge lagt ned utallige dugnadstimar for at alt skulle liggje vel til rette.

Vinnartrioen i jenteklassen. Mjøsdalen-tvillingane Emma og Anna Hanstveit og Kristine Sleire Tistel frå Risnes (t.h.) på tredjeplass. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Godt sportsleg nivå og friske duellar
Blant konkurranseløparane var det høgt nivå og mange friske duellar. 

I jenteklassen (12-15 år) var det Mjøsdalen-tvillingane Emma og Anna Hanstveit som trakk det lengste strået og kom - nær sagt som vanleg - saman over mål på den sterke tida 15:05. På tredjeplass følgde skiskyttar Kristine Sleire Tistel frå Risnes IL med tida 19:20 - også det ein flott prestasjon i ei krevjande løype! 

Vinnartrio i guteklassen. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Blant gutane (12-15 år) var det Phillip Morken frå Fil Aks-77 som stakk av med sigeren på den fine tida 14:35, ei tid som held til ei svært god plassering også totalt blant alle herrane. Bak Phillip kom klubbkamerat i Aks-77 Kristoffer Nilsen Apelthun Færø, med eit godt gjennomført løp på tida 15:44, og på tredje Eikanger-karen Mathias N. Haugen med fine 17:26.

Blant seniorane leverte Anita Iversen Lilleskare (BFG Bergen Løpeklubb) og Svein Roar Kvamme (Norna Salhus) sterke prestasjonar og vann.

Vinnartrio kvinner. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

 Lilleskare, som er ei av dei sterkaste motbakkeløparane nasjonalt, fekk tidleg ei luke på konkurrentane saman med Eli Anne Dvergsdal frå Gular, og desse to held saman fram til det stod att om lag 100 meter. Lilleskare sette då inn turboen og fekk dei nødvendige metrane på Dvergsdal. Tidene vart imponerande 13:56 og 13:57. På tredjeplass følgde Varegg-jenta Christina Ellefsen Hopland med 14:26.


God fart i feltet ut frå start. (Foto: Ola R. Jordal.)

I herreklassen danna det seg tidleg eit lite trekløver beståande av Svein Roar Kvamme (Norna Salhus), Halfdan-Emil Færø (Varegg) og Espen Roll Karlsen (Gneist). Desse held saman gjennom serpentin-svingane i Bjørsvik og eit stykke oppover grusvegen mot Storset, før Kvamme gjorde eit lite rykk og kvitta seg med dei to andre. Kvamme hadde disponert kreftene godt, held unna innover det småkuperte terrenget mot Storset og kom inn på den sterke vinnartida 11:46. Færø og Roll Karlsen vart klokka inn på høvesvis 12:08 og 12:14, også det svært sterke tider.

Litt rolegare tempo på dei som kom litt lenger bak i feltet. (Foto: Ola R. Jordal.)


Nøgde arrangørar – eit løft for Eikanger Idrettslag og Ostereidet-krinsen
Arrangørane i Eikanger Idrettslag var svært nøgde med gjennomføringa av arrangementet, ikkje minst med det høge deltakartalet på 353 som må seiast å vere imponerande for eit løp som stod på terminlista for første gong.

­­- Deltakartalet syner den nye given me føler at me har er i idrettslaget og i Ostereidet-krinsen. Det er ekstremt inspirerande for idrettslaget, bygdelaget, skulemusikken, skulane og andre som jobbar for fleirbrukshall og betre tilhøve for idretten og kulturen her på Ostereidet, seier gjengen bak arrangementet 

- Ikkje minst inspirerar det oss til å lage eit endå betre arrangement neste år, avsluttar dei. 

Tekst: Jo-Harald Færø

(Heile resultatlista er å finne på eqtiming.no)

Vinnartrio menn. Svein Roar Kvamme nummer ein, med Halfdan Emil Færø (t.v.) på andreplass og Espen Roll Karlsen på tredje. (Foto: Daniel Gjelsvik.)


I kø for å handla i kafeen - i den flott restaurerte løa på Storset. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Denne smilande gjengen hadde masse godt å by på!! (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Det var greitt å få opp sekkane med klebyte m.m. inni. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Spurtduell også i mosjonsklassen. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Ein jublande Svein Roar Kvamme spring i mål som klar vinnar. (Foto: Daniel Gjelsvik.)

Anita Iversen Lilleskare til topps i kvinneklassen, smilande og jublande. (Foto: Daniel Gjelsvik.)



Sterk 5000m av Sara R. Linde

Postet av Eikanger Idrettslag den 1. Okt 2017


Sara Rebekka Færø Linde leverte ein sterk 5000m då ho vann Eikangerløpet på Ostereidet søndag. Ho betre den personlege rekorden sin med nesten eit halvt minutt.

 Vinnartida til Sara Rebekka var 18.24,5. Dermed slo ho også løpsrekorden til søstera Bertine Helene Færø med 27 sekund. Sterkt gjort etter at ho gjennomførte Stolzekleiven opp dagen før.

Sara Rebekka Færø Linde sette løpsrekord i kvinneklassen og ny personlege rekord på 18.24,5.

 Færø-gjengen dominerte, som fleire år tidlegare, 5000m på bana på Ostereidet søndag. Halfdan Emil Færø vann på tida 16.12,8. Han starta roleg den første halvdel av løpet, og då låg dei tre Færø-karanen samla. Om lag halvveges rykte Halfdan Emil i frå og vann klart.

Klar siger til Halfdan Emil Færø med tida 16.12,8.

 Jo Harald og Magnus Johan Færø, som tok teten frå start, kjempa om andreplassen. Jo Harald vann duellen etter ein langspurt og kom knappe to sekund føre Magnus Johan i mål.

 Grethe Jørgensen, også ho med Stolzen i beina frå dagen før, gjorde eit sterkt løp. Med tida 20.04,0 var ho heile eitt minutt og 20 sekund raskare enn for eitt år sidan.

Grethe Jørgensen betra bestetida som på 5000m på bane med 80 sekund!

 19 løparar stilte til start i år, ei god blanding av veteranar og yngre løparar. Tre av dei var med for første gong. Forholda var bra med tørr bane, overskya, nokre regndropar og litt vind.

 Laurdag 21. oktober er Eikanger IL klar med første løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Ni løp skal arrangerast det komande halvåret.

 Eikangerløpet 2017.
Ostereidet idrettsbane 1.10.2017  
Arr.: Eikanger IL
Skya, +13-14° C, litt vind. Tørr bane.

 5000m menn
1.            Halfdan Emil Færø (1991), IL Varegg            16.12,8
2.             Jo Harald Færø (1983), Eikanger IL            16.55,6
3.             Magnus Johan Færø (1995), Eikanger IL            16.57,5
4.             Øivind Bernes (1958), Osterøy IL            18.38,3
5.            Harald Marthinussen (1982),  Eikanger IL            18.43,6
6.            Bjørnar Eidsheim (1968), Eikanger IL            18.53,0
7.            Helge Færø (1960), Eikanger IL            19.21,9
8.             Arild Austrheim (1956), Austrheim IL      19.56,5
9.             Kristoffer Nilsen Apelthun (2003),  AKS 77            20.03,3
10.             Arvid Hauge (1960), Eikanger IL            21.10,3
11.             Egil Opsal (1955)            22.05,9
12.             Brynjar Nordanger (1963), Eikanger IL            22.30,9
13.            Arve Henningsen (1972)            23.09,3
14.            Gunnar Hauge  (1955), Eikanger IL            23.29,1
15.             Are Flekke (1996), IL Norna Salhus            25.04,0
16.             Sverre Solberg (1952), AKS 77            26.19,0
17.             Andrew Wakefield (1972), Eikanger IL            26.26,9

5000m kvinner
1.             Sara Rebekka Færø Linde (1982), Varegg            18.24,5
2.             Grethe Jørgensen (1975),  AKS 77            20.04,5

Tekst og foto: Stanley Hauge



Storset Opp – nytt løp – søndag 8. oktober

Postet av Eikanger Idrettslag den 18. Sep 2017

Storset opp plakat B (1)_ ny_4a.pdf


Søndag 8. oktober vert nyskipinga Storset Opp arrangert. Dette er eit nytt motbakkeløp. Starten går frå kaien i Bjørsvik og målgang er 200m høgare oppe på Storset, etter at 2,9 km er tilbakelagt.

Løpet har både trim- og konkurranseklassar, så her er det høve for heile familien til å delta. Vel oppe i høgda kan ein nyte storslått utsyn over bygdene langs Osterfjorden og Hindenesfjorden.

Stor plakat med informasjon om løpet (pdf)

Trim- og konkurranseklasser:
Storset opp! - med tid:             kr 200 (12 - 15 år: kr 100)
Storset opp! - utan tid:             kr 100 eller familie kr 200

Påmelding:
Eqtiming (https://reg.eqtiming.no/?EventUID=38053)
eller frå klokka 11 løpsdagen( i Bjørsvik).

Start:
Trimklasse klokka 11:00- 12:30
Fellesstart konkurranseklassar klokka 12:30

Praktisk info:
Garderobar og parkeringsplass ved Ostereidet ungdomsskule

Sjå også: Eikangerløpet - 5000m på bane - søndag 1. oktober kl. 15.00



Eikangerløpet, 5000m på bane, søndag 1. oktober

Postet av Eikanger Idrettslag den 18. Sep 2017


Eikangerløpet, 5000m på bane, vert arrangert på Ostereidet søndag 1. oktober kl. 15.00. Løpet vert i år arrangert for 38. gong.

Dette løpet passar ikkje berre for aktive friidrettsutøvarar, men høver også godt for trimmarar og mosjonistar som vil testa seg på rundløpsbana. Løpsforholda på raudstubbana på Ostereidet er gode så sant veret er ok.

Deltakartalet i løpet har svinga ein del, frå nær 40 til om lag 10. I fjor var det 22 deltakarar.

Halfdan Emil Færø har løpsrekorden med 15.23,0 frå 2015. I dameklassen er det Bertine Helene Færø som har rekorden med 18.51,3 frå 2010.

Arvid Hauge har vore med 36 gonger og Inge Nævdal 33 gonger. Elles har Sverre Solberg 24 og Bjørnar Eidsheim 23 startar, Gunnar Hauge 21 og Sigmund Nævdal 20.

I tillegg til premiering av dei beste i dame- og herreklassen, er det premie for 1. gongs deltaking, og når ein har delteke 3 gonger, 5 gonger, 10 gonger, 20 gonger og 25 gonger.

Sjå også: Storset Opp

Tekst og foto: Stanley Hauge



Klissvåt sommarkarusell – god stemning

Postet av Eikanger Idrettslag den 9. Sep 2017


Det vart ein klissvåt sommarkarusell på Ostereidet tysdag 5. september. Trass i at det regna heile kvelden, ja, heile dagen hadde ti gutar og jenter teken turen til stemnet. Mange foreldre var også med.

Dei unge utøvarane prøvde seg i lengde, kast med liten ball og på 60m. Best var forholda i lengde, då det var minst vatn på denne delen av bana og tillaupsmatta fungerte godt i regnet.


Full innsats i ballkastinga på den våte bana.

Innsatsen var stor både i lengdegropa ved ballkastinga midt ute på bana. Verst var forholda på 60m då storparten av langsida opp mot barneskulen hadde eit vasslag på 1-2 centimeter oppå seg. Men utruleg nok var raudstubben under fast og fin.

Resultat frå sommarkarusellen 5. september.


Full konsentrasjon i ballkastinga!

Det  vert premier til alle dei som deltok på dette stemnet og den første karusellen som var halden før ferien. Utdelinga skjer på idrettslaget sitt hausttreff, evt. eit anna arrangement.


Det gjekk unna så vasspruten stod på 60m.

Me i friidrettsgruppa ser no med stor glede fram til at det skal koma ny raudstubb på bana, slik at ho vert jamn og god. Like eins at det vert laga renne/grøft mellom løpebane og den store indre grusbana slik at vatnet renn ned i avløpskummene og ikkje ut på løpebana. 

Tekst og foto: Stanley Hauge



Smmarkarusell friidrett tysdag 5. september – og seriestemne

Postet av Eikanger Idrettslag den 30. Aug 2017


Tysdag 5. september kl. 18.00 vert det friidrettsstemne for gutar og jenter på Ostereidet. Alle frå 5-6 år og oppover er velkomne til å delta. 60m, lengde og ballkast står på programmet.

Det er berre å møta opp og melda seg på stemnet. Påmeldinga kan skje frå ca. kl. 17.45 og fram til start. 

Startkontingenten er kr 20,00 anten du er med i den eine eller alle øvingane.

Alle som deltek får premie som vert delt ut på idrettslaget sitt hausttreff.

Det er fint om foreldre er med og kan hjelpa til med arrangementet. Ekstra hyggeleg om du kan tenkja deg å vera med å dra i gang friidrettstrening for gutar og jenter etter ferien. 

Seriestemne
Same kveld, tysdag 5. september, vert det også seriestemne med desse øvingane i tillegg: tresteg, kule, sleggje og 3000m. Desse øvingane vert avvikla så snart sommarkarusellen er ferdig - truleg litt etter kl. 19. 

Tekst og foto: Stanley Hauge



Skulestemner med mange gode resultat

Postet av Eikanger Idrettslag den 4. Aug 2017


Det vart oppnådd mange gode resultat ved skulestemnene som Ostereidet ungdomsskule arrangerte rett før sommarferien. Kristoffer Hopland (biletet) var ein av dei som stod for flotte prestasjonar.

Stemne var for 5. til 10. klasse. På barneskulestemnet var det deltakarar frå Leiknes, Kløvheim, Eikanger og Ostereidet barneskular. Ungdomsskulestemnet galdt berre elevar ved ungdomsskulen på Ostereidet.

Resultat barneskulestemnet (5.-7. klasse).pdf

Resultat ungdomsskulestemnet (8.-10. klasse).pdf




Veteran-NM: 6 gull, 6 sølv og 1 bronse

Postet av Eikanger Idrettslag den 28. Jun 2017

Friidrettsveteranar frå Eikanger IL tok seks gull, seks sølv og ein bronsemedalje under NM for veteranar i Knarvik 23.-25. juni.

I klasse MV 60-65 år slo Einar Færø til med sterke 18.57,05 og gull på 5000m. Tida er solid ny klubbrekord i denne klassen.

I klasse MV 55-59 år tok Helge Færø og Arvid Hauge til saman sju medaljar. Helge Færø tok sølv både på 1500m (5.12,12) og 5000m (18.58,78). Arvid Hauge tok gull i tresteg (7,50), på 10000m (45.56,09), sølv i lengde (3,37), spyd (23,33) og vektkast (7,98). I tillegg hadde han 4. plass i sleggja (20,56) og 5. plass på 1500m (5.38,61).

Brynjar Nordanger i klasse MV 50-54 tok bronse på 100m med 13,28.

I klasse MV 40-44 tok Anders Eidsnes og Geir Andre Bjørsvik to medaljar kvar. Anders vann 3000m hinder (13.14,72) og spyd (38,03). Geir Andre tok to gull, i lengde (4,94) og tresteg (11.46). Trestegresultatet hans er det beste han har oppnådd på mange år og klar ny klubbrekord i denne veteranklassen.

Resultatlister frå NM-veteranar

Tekst og foto: Stanley Hauge



Kommunestyret løyvde 400 000 kr til baneopprusting

Postet av Eikanger Idrettslag den 21. Jun 2017

Lindås kommunestyre løyvde onsdag 21. juni 400 000 kr til rehabilitering og vedlikehald av grusbana på Ostereidet. Me takkar og gler oss over at det no skal verta skikkeleg dekke att på løpebana, seier leiar i friidrettsgruppa, Stanley Hauge.

Kommunestyret fordelte i alt ca. 1,9 mill. kr som kommunen har fått i sysselsetjingsmidlar. I tillegg til 400 000 kr til vedlikehald av bana, vart det også løyvd 100 000 kr til asfaltering ved skulane på Ostereidet. Her er nyleg vegen opp til barneskulen fått ei nødvendig oppretting – så no vert det nok asfalt også.

Dagane etter at løpebana var rydja og kosta ved dugnaden 31. mai, kom regnet og gjorde det tydeleg kor ujamne løpefelta er. Mange stader er raudstubben heilt nedsliten. No kjem det påfyll.

Friidrettsgruppa håpar at fornyinga av raudstubbdekket kan koma på plass tidleg i haust, slik at det vert gode forhold til stemnene me skal ha då.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Fin 3000m og sommarkarusell

Postet av Eikanger Idrettslag den 21. Jun 2017

Det vart oppnådd bra tider på 3000m ved seriestemnet på Ostereidet 20. juni. Og tysdagen i veka før var det ei rekkje rekruttar som deltok i sommarkarusellen.

Rekruttane deltok med iver og stor innsats på 60m og lengde. Her er det mange talent som med rettleiing og trening kan både springa fortare og hoppa lenger. Og om eit år eller to deltek gjerne fleire av dei på friidrettsstemner i Knarvik og Bergen. Kanskje var det ein framtidig krinsmeister mellom dei.

Solid 3000m

Færø-gjengen pluss eit par til gjennomførde ein solid 3000m. Det er lenge sidan det har vore åtte deltakarar på denne distansen på Ostereidet.

Heldigvis var det opphaldsver og bana var i brukbar stand etter dugnaden for tre veker sidan. Men det merkast at bana er noko ujamn enkelte stader og pukkstein stikk opp her og der.

Halfdan Emil Færø var raskast på 9.04,1. Slett ikkje verst og om lag 18 sekund etter årsbeste sett under betre baneforhold. Han hadde likevel eit godt stykke att til banerekorden. Den er det milslukaren frå Sogn, Bjarte Huseklapp, som har med 8.36,0 frå 1978.

Magnus Johan Færø vart nummer to og noterte fine 9.40,3, som berre var 10 sekund etter den personlege rekorden hans frå Fana i fjor haust. Det går noko mot nye bestetider for han seinare i år.

Magnus Johan hadde glede av å skå storebror Jo Harald som han måtte gje tapt for i vinterkarusellen i vår. No var han vel tre sekund raskare enn broren.

Hyggeleg var det å sjå Bertine Helen Færø i godt løpsdriv att. Ho noterte 11.29,7 som rett nok er minuttet etter hennar personlege rekord – men det var for seks år sidan.

14-årige Kristoffer Nilsen-Apelthun noterte 11.27,0 i det første 3000m-løpet sitt på bane.

EIL-seriestemne-og -sommarkarusell 20.6.2017.pdf

Tekst og foto: Stanley Hauge



Sommarkarusell – friidrett for gutar og jenter tysdag 13. juni

Postet av Eikanger Idrettslag den 9. Jun 2017

Tysdag 13. juni kl. 18.00 vert det friidrettsstemne for gutar og jenter på Ostereidet. Alle frå 5-6 år og oppover er velkomne til å delta. 60m og lengde står på programmet.

Det er berre å møta opp og melda seg på dette sommarkarusellstemnet. Påmeldinga kan skje frå ca. kl. 17.45 og fram til start.

Startkontingenten er kr 20,00 anten du er med i den eine eller begge øvingane.

Alle som deltek får premie som vert delt ut på idrettslaget sitt hausttreff.

Me tek sikte på at det vert eitt eller to stemner etter at skulane har teke til att etter sommarferien. Datoar kjem me tilbake til.

Det er fint om foreldre er med og kan hjelpa til med arrangementet. Ekstra hyggeleg om du kan tenkja deg å vera med å dra i gang friidrettstrening for gutar og jenter etter ferien.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Premierte for mange karusellstartar

Postet av Eikanger Idrettslag den 23. Apr 2017

Ved avsluttinga av sesongen 2016/17 var det utdeling av premiar til dei som har mange startar i karusellen.To personar fekk pokal for å ha delteke 250 gonger. Flest løp har Terje Eidsnes med 256 og Sverre Solberg med 251.

Jan Sigurd Fyllingsnes passerte milemålen 150 startar. Pokal for å ha passert 100 startar gjekk til Håkon Rongved (109), Kirsten Rongved (103), Odd Inge Høyland (102) og Harald Marthinussen (100).

OVER 100 STARTAR: Harald Marthinussen (t.v.), Kirsten og Håkon Rongved.

For 75 startar fekk Gunnar A. Larsen (80) og Bjørnar Eidsheim (75) pokal. Og for 30 startar vart det pokalar til desse: Amalie Kallestad (38), Johannes Hopland (38), Kristoffer Hopland (36), Sondre Eidsnes (34), Hugo Eikanger (33), Torunn Hopland (32), Harald A. Hansen (31), Knut Magne Hauge (31) og Idar Odland (30).

FLITTIGE DELTAKARAR: Pokal for 30 startar fekk, framme frå venstre: Harald A. Hansen, Sondre R. Eidsnes, Amalie Kallestad og Idar Odland. Pokal for 100 startar fekk, bak frå venstre: Harald Marthinussen, Kirsten Rongved og Håkon Rongved. Så dei to som fekk pokal for 250 startar: Terje Eidsnes og Sverre Solberg (t.h.).

Nokre av pokalvinnarane var ikkje til stades ved premieutdelinga. Dei vil få overrekt pokalane ved første løpet i komande sesong. Det gjeld også Miriam Eidsnes, som ved ein feil ikkje fekk tildelt pokal i fjor. Ho har no kome opp i 38 startar og skal ha pokalen for 30-startar.

Terje Eidsnes toppar
Terje Eidsnes toppar lista over dei som har flest startar. Sju deltakarar har over 200 startar og 28 har over 100 startar.

Venke T. Fyllingsnes og Grethe Titland har flest startar av kvinnene med 133 og har dermed nådd att Sigmund Husdal som toppa denne lista i mange år.

Flest startar 1979-2017
256 Terje Eidsnes
251 Sverre Solberg
242 Steinar Haukås
233 Alf Høyland
226 Arvid Hauge
225 Leiv Eidsnes
219 Sigmund Nævdal
188 Anders Eidsnes
182 Jan Kårbø
172 Stanley Hauge

168 Olai Nepstad
158 Sverre Låstad
154 Jan Sigurd Fyllingsnes
146 Gunnar Hauge
142 Åge Toft
135 Atle Rød
133 Sigmund Husdal
133 Venke T. Fyllingsnes
133 Grethe Titland
124 Inge Nævdal

119 Helge Færø
118 Tone Sperrevik
113 Margrethe Høyland
112 John Ulveseth
109 Håkon Rongved
103 Kirsten Rongved
102 Odd-Inge Høyland
100 Harald Marthinussen
99 Marith Haugen
99 Bjarne Gausvik

Tekst og foto: Stanley Hauge



Ny sesongrekord for vinterkarusellen

Postet av Eikanger Idrettslag den 22. Apr 2017

Med 862 startar i dei ti løpa vart det ny deltakarrekord for ein sesong for Eikanger IL sin vinterkarusellen. Det er 109 fleire enn i den førre rekorden frå 2013-14.

I avsluttingsløpet laurdag stilte 112 deltakarar som berre er åtte færre den snart 32 år gamle rekorden for eit enkeltløp. I det første løpet hausten 1985 var det 120 deltakarar.

Halfdan Emil Færø sprang på 6.36 og vann. Ei brukbar tid for løyperekordhaldaren under litt tunge forhold. Jo Harald Færø kom i mål på andreplass med tida 6.42, tangering av sesongbeste.

Halfdan Emil Færø vann for fjerde gong denne sesongen, og tida hans vart brukbare 6.36. Nærast han kom broren Jo Harald som for andre gong på rad sprang på 6.42. Knut Magne Hauge på tredjeplass med 6.48 gjorde også eit sterkt løp, berre tre sekund frå den fire år gamle bestetida si.

Ove Morken deltok for første gong i år og tok 5. plass på 7.42, tre sekund føre Harald Marthinussen som sprang på sesongbeste.

Raskaste kvinne var Bertine Helene Færø med 7.59. Ho vann for tredje gong denne sesongen og har no 21. sigrar i alt. Grethe Jørgensen med 8.28 var nest raskaste kvinne og Amalie Kallestad kom deretter på 8.56.

Bertine Helene Færø vann for tredje gong kvinneklassen denne sesongen og sprang for tredje gong under 8 minuttar.

Det var opphald og solgløtt under løpet, men ein sur motvind frå Eikangerbrua og nesten inn til mål gjorde at siste halvdel av løpet vart tungt. Likevel var det fleire som leverte sesongbeste eller ned mot det.

Karuselldebutanten Phillip Morken fekk notert 8.24 i det første løpet sitt på Eikanger.

Phillip Morken i 13-årsklassen debuterte i karusellen på den fine tida 8.24. Idar Odland i 11-årsklassen sprang på 9.11 og betra med det bestetida si med 13 sekund. Veteranen Terje Eidsnes som har delteke 256 gonger sette sesongbeste med 9.32, så han held sanneleg forma godt ved like.

Solskin og god stemning då desse trimmarane kom inn til mål.

Av dei 112 som deltok laurdag sprang 42 på tid, medan heile 70 deltok utan tidtaking.

126 personar fekk premie for å ha delteke i tre eller fleire løp denne sesongen.

Idar Odland i fint driv inn på oppløpet. Det vart ny personleg rekord for han.

Start nummer 18 000 sidan første løp i 1979 vart passert med god margin laurdag. Kirsten Rongved vart startande nummer 18 000 då ho som den 28. melde seg på laurdag.

Premiar for mange startar
To personar fekk pokal for å ha delteke 250 gonger. Flest løp har Terje Eidsnes med 256 og Sverre Solberg med 251.

507startar har desse to karane til saman, Sverre Solberg til venstre og Terje Eidsnes.

Jan Sigurd Fyllingsnes passerte milemålen 150 startar. Pokal for å ha passert 100 startar gjekk til Håkon Rongved (109), Kirsten Rongved (103), Odd Inge Høyland (102) og Harald Marthinussen (100).

For 75 startar fekk Gunnar A. Larsen (80) og Bjørnar Eidsheim (75) pokal. Og for 30 startar vart det pokalar til desse: Amalie Kallestad (38), Johannes Hopland (38), Kristoffer Hopland (36), Sondre Eidsnes (34), Hugo Eikanger (33), Torunn Hopland (32), Harald A. Hansen (31), Knut Magne Hauge (31) og Idar Odland (30).

Bjørnar Eidsheim i tet rundt første sving, tett følgd av Jo Harald Færø, Halfdan Emil Færø, Alex Wollan, Ove Morken, Rolf Vabø og Knut Magne Hauge.

Vinterkarusell 2016-17, 10. løp.
Eikanger 22. april 2017
Arr.: Eikanger IL
Opphald, solgløtt, berr veg, vind frå brua til mål, + 8-9° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Halfdan Emil Færø 6.36
2. Jo Harald Færø 6.42
3. Knut Magne Hauge 6.48
4. Axel Wollan 7.25
5. Ove Normann Morken 7.42
6. Harald Marthinussen 7.45
7. Bjørnar Eidsheim 7.49
8. Tore Klanderud 7.50
9. Kristoffer Hopland 7.54
10. Bertine Helene Færø 7.59
11. Rolf Vabø 8.09
12. Phillip Morken 8.24
13. Grethe Jørgensen 8.28
14. Egil Opsal 8.38
15. Arvid Hauge 8.44
16. Amalie Kallestad 8.56
17. Magne Andre Taule 8.59
18. Johannes Hopland 9.01
19. Idar Odland 9.11
20. Svein Fammestad 9.19
21. Terje Eidsnes 9.32
22. Jan Helge Gausvik 10.31
23. Øyvind G. Oppedal 10.31
24. Jonas Marthinussen 10.32
25. Jan Kårbø 10.39
26. Kjell Namtveit 10.42
27. Olai Nepstad 10.47
28. Adrian Hansen Toft 11.12
29. Linda Klanderud 11.22
30. Magnar Taule 11.29
31. Sverre Solberg 11.38
32. Stein Tore Holsen Viken 11.59
33. Harald Hansen 12.15
34. Mats Johan G. Oppedal 12.28
35. Bjarne Gausvik 12.29
36. Håvard Andre G. Oppedal 13.33
37. Valborg Nes 14.33
38. Astrid Nes Sjursen 14.33
39. Heine Hauge 15.29
40. Karl Ole Hauge 15.32
41. Viljar Larssen 15.47
42. Arve Larssen 15.48

Egil Opsal har delteke ti gonger denne sesongen. Litt lenger bak kjem Arvid Hauge som har 226 startar sidan 1979.

Utan tid:
Hallgeir Alme, Margrethe Alme, Olav Alme, Rakel Alme, Ingrid Søyland Askvik, Ivar Askvik, Syvert Søyland Askvik, Anders Eidsnes, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Asle Eikanger, Hugo Eikanger, Ingfrid Eikanger, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Ida Marie Grønvigh, Stanley Hauge, Solveig Villanger Haugland, Benedikte Helland Haukås, Brit Lillian Melseter Haukås, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Sølvi Iren Haukås, Sjur Øren Heggernes, Svein Olav Heggernes, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Sebastian Helgesen, Steffen Helgesen, Arnfinn Hellevang, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Ask Longva Håland, Runa Longva Håland, Carl Ludvig Thuve Larsen, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Tone Marthinussen, Gerd Nævdal, Inge Nævdal, Sigmund Nævdal, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Emil Olai Oppedal, Margunn G. Oppedal, Susanne Rebnord, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Sebastian Rongved, Sissel Skårnes, Elise Søyland, Grethe Titland, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Åge Toft, Anna Ådnanes, Ingrid Ådnanes, Magnus Ådnanes, Martin Ådnanes

I alt 112 deltakarar.

Neste løp:
Hausten 2017, truleg laurdag 14. oktober 2017 kl. 15.00.

Bjørnar Eidsheim inn til 7.49 og 7. plass. Tore Klanderud like bak fekk 7.50 og 8. plass.

Frisk spurt som vanleg av Amalie Kallestad. Like bak kjem Magne Andre Taule inn til personleg rekord i karusellen på 8.59, medan Johannes Hopland fekk 9.01.

Ein frisk spurt høyrer med sjølv om ein har teke turen rundt Eikangervågen utan tidtaking, synest desse to «Alme-blada».

Stein Tore Holsen Viken nærmar seg 50 startar i vinterkarusellen.

Kjekt å slå bestefar i spurten synest Mats Johan G. Oppedal som kom i mål eit par meter før Bjarne Gausvik.

Astrid Nes Sjursen (nr. 66) og Valborg Nes på oppløpet.

FLITTIGE DELTAKARAR: Pokal for 30 startar fekk, framme frå venstre: Harald A. Hansen, Sondre R. Eidsnes, Amalie Kallestad og Idar Odland. Pokal for 100 startar fekk, bak frå venstre: Harald Marthinussen, Kirsten Rongved og Håkon Rongved. Så dei to som fekk pokal for 250 startar: Terje Eidsnes og Sverre Solberg (t.h.).

Tekst og foto: Stanley Hauge



Karusellfinale på Eikanger laurdag 22 . april

Postet av Eikanger Idrettslag den 14. Apr 2017

Laurdag 22. april er det karusellfinale på Eikanger med premieutdeling for heile sesongen. Nedanfor kan du finna ut om du er ein av dei mange som skal ha premie.

Straks etter dette 10. løpet i vinterkarusellen vert det premieutdeling for sesongen. Alle som har delteke i minst tre løp får medalje. 112 personar har tre eller fleire startar og har dermed sikra seg medalje. 40 personar står med to startar og kan sikra seg medalje ved å delta i det siste løpet. Aldri før har så mange fått medalje etter ein sesong.

Sjekk kor mange startar du har (pdf-fil)

Ein del deltakarar skal også ha premie for å ha passert milepålar som 30, 75, 100 og 250 startar i karusellen. I år er det ca. 10 personar som passer 30 startar, eit par rundar 75, 4-5 kan passera 100 startar og to veteranar har passert 250 startar.

Karusellstartar-1979-2016.pdf

Sverre Solberg er den andre som har passert 250 startar i vinterkarusellen.

Eit lite ekstra poeng med løpet laurdag er start nummer 18 000 sidan første løp i 1979 vil verta passert. Det ligg også godt an til å verta ny rekord for samla deltaking i ein sesong. Hittil er det 750 startar i sesongen, berre tre bak rekorden.

Eikanger IL håpar alle som skal ha premie møter opp.

Løypa er som vanleg rundt Eikangervågen med start kl. 15.00. Påmelding frå litt før kl. 14.30. Og dei som skal gå utan tid, kan starta straks dei er påmelde.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Sterkt sololøp av Jo Harald Færø

Postet av Eikanger Idrettslag den 1. Apr 2017

Vinnartida hans var fem sekund raskare enn han har oppnådd før denne sesongen. Det er 15. gongen han har vunne karusellen. På tredjeplass kom Helge Færø med 7.42.

STERKT SOLSOLØP: Jo Harald Færø tok teten frå start og vann på sesongbeste 6.42.

Grethe Jørgensen var på ny raskaste kvinne – for 29. gong. Denne gongen på tida 8.25. Dottera Amalie Kallestad, som vert 11 år i 2017, var den nest raskaste i kvinneklassen. Tida hennar på 8.38 var forbetring av den personleg rekorden med 12 sekund.

I FRAMGANG: Amalie Kallestad har hatt stor framgang denne sesongen og betra på ny bestetida si – no til 8.38.

Kristoffer Hopland i 14-årsklassen sprang på 7.45 – det nest beste han nokon gong har oppnådd – og han var nummer fire i mål. Han vart tett følgd av veteranen Rolf Vabø (f. 1959) som sette personbeste med 7.49. Dermed var han seks sekund betre enn den gamle bestetida si frå hausten 2015.

SOLID LØP: Desse to karane gjorde solide løp laurdag. Kristoffer Hopland (fremst) på 7.45 sprang på nest beste tida si. Rolf Vabø sette med 7.49 ny «pers» i karusellen.

Fleire andre løparar sette personbeste eller sesongbeste. Johannes Hopland i 12-årsklassen sprang på 8.35 og betra bestetida si med fem sekund.

Forholda var fine, med opphaldsver og vindstille då løpet gjekk.

FRISK SPURT: Desse to gutane, Torben og Emil, hadde ein frisk spurt.

85 personar deltok, av dei var det 35 som sprang på tida, medan heile 50 tok turen utan tidtaking.

Laurdag 22. april vert det sesongavslutting for karusellen, med premieutdeling for sesongen. Alle som har delteke i tre eller fleire løp får premie.

NED BAKKEN: Jo Harald Færø opna friskt og hadde skaffa seg solid forsprang alt ned første bekken ut frå start.

Vinterkarusell 2016-17, 9. løp.
Eikanger 1. april 2017
Arr.: Eikanger IL
Opphald, berr veg, + 7-8° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Jo Harald Færø 6.42
2. Knut Magne Hauge 7.02
3. Helge Færø 7.42
4. Kristoffer Hopland 7.45
5. Rolf Vabø 7.49
6. Arve Larssen 8.18
7. Hogne Haugsdal 8.22
8. Grethe Jørgensen 8.25
9. Johannes Hopland 8.35
10. Amalie Kallestad 8.38
11. Egil Opsal 8.41
12. Ole Johan Eidsnes 8.55
13. Sigmund Nævdal 9.02
14. Svein Fammestad 9.05
15. Jon Åge Rongved 9.10
16. Magne Andre Taule 9.20
17. Idar Odland 9.27
18. Terje Eidsnes 9.39
19. Gunnar Hauge 9.51
20. Atle Kolbeinsen 9.57
21. Erling Skarstein 10.02
22. Stina Nes Sjursen 10.05
23. Asbjørn Eidsheim 10.18
24. Jan Kårbø 10.33
25. Olai Nepstad 10.33
26. Adrian Hansen Toft 10.55
27. Håkon Rongved 10.59
28. Kristine Fammestad 11.02
29. Harald Hansen 11.50
30. Torben Namdal 12.03
31. Emil Kleiveland Fammestad 12.03
32. Sverre Solberg 12.16
33. Trude Austrheim 13.10
34. Frank Fammestad 13.35
35. Frida Fammestad 13.36

MED BARNEVOGN: Frank Fammestad jogga karuselløypa med barnevogn på 13.35, med Henrik i vogna og Frida ved sida av seg.

Utan tid:
Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Anders Eidsnes, Leiv Eidsnes, Leornardo Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Asle Eikanger, Hugo Eikanger, Ingfrid Eikanger, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Gudrun Espevoll, Henrik Fammestad, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Arvid Hauge, Stanley Hauge, Solveig Villanger Haugland, Steinar Haukås, Sølvi Iren Haukås, Sjur Øren Heggernes, Svein Olav Heggernes, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Sebastian Helgesen, Sonja Henden, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Alf Høyland, Ask Longva Håland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Kathrine Namdal, Gerd Nævdal, Inge Nævdal, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Kirsten Rongved, Sissel Skårnes, Cato Sperrevik, Grethe Titland, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Åge Toft

I alt 85 deltakarar.

Neste løp: Laurdag 22. april 2017 kl. 15.00.

SESONGDEBUT: Knut Magne Hauge deltok for første gong denne sesongen og vart nummer to på 7.02.

VETERAN: Helge Færø vart nummer tre med 7.42, to sekund etter sesongbeste frå løpet før jul.

VETERAN MED REKORD: Med tida 7.49 kutta Rolf Vabø seks sekund av bestetida si frå hausten 2015.

SESONGBESTE: Arve Larsen vart nummer seks med 8.18 - det bete han har oppnådd denne sesongen.

BESTENOTERING: Hogne Haugsdal inn til 8.22 og ny bestenotering i karusellen.

FLITTIG VINNAR: Grethe Jørgensen var for 29. gong raskaste kvinne i karusellen.

STERKT LØP: Johannes Hopland sprang på 8.35 – fem sekund raskare enn før.

VETERAN: Egil Opsal notert 8.41 og eit nytt flott løp av veteranen fødd i 1955.

11-ÅRSKLASSEN: Idar Odland i 11-årsklassen sprang på 9.27, tre sekund etter bestetida si.

TOK SEG UT: Atle Kolbeinsen sprang på 9.57 – første gong under ti minuttar denne sesongen.

SESONGDEBUT: Erling Skarstein deltok for første gongen denne sesongen og sprang på 10.02. Stine Nes Sjursen kjem like bak på 10.06.

Asbjørn Eidsheim inn til 10.18.

VETERANDUELL: Jan Kårbø (t.h.) og Olai Nepstad i spurtduell – Jan vart først. Olai sette sesongbeste på 10.33.

Adrian Hansen Toft i godt driv – tida vart 10.55.


Ann Kathrin og Annikken nesten i mål etter turen rundt Eikangervågen.

KVA VART TIDA? Løpsvinnar Jo Harald Færø er spent på om det vart sesongbeste – og det vart det med fem sekund.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Vinterkarusell på Eikanger laurdag 1. april

Postet av Eikanger Idrettslag den 21. Mar 2017

Laurdag 1. april vert det nytt løp i vinterkarusellen på Eikanger. Det niande og nest siste løpet denne sesongn. Løypa er som vanleg knappe 2,2 km rundt Eikangervågen.

Påmelding er som vanleg frå ca. kl. 14.30, og dei som skal trimma utan tidtaking kan starta så snart dei er påmelde.

For dei som skal springa på tid går starten alltid presis kl. 15.00 frå Eikanger skule.

Det vert trekt ut premiar på startnummer til om lag ein tidel av talet på startande.

Fin trim
I den lette og fine løypa rundt Eikangervågen, med start frå skulen, kjem du i lag med andre trimmarar. Farten avgjer du sjølv. Du kan springa for å oppnå ny bestetid eller du kan rusla rundt i hyggeleg lag med andre trimmarar – utan tanke på klokka. Og du treffer folk i alle aldrar, frå eitt-to-åringar til pensjonistar.

Løypa
Distansen er ca. 2,15 km. Men vil du trimma lenger er det fritt fram – slik mange gjer – dei tek ein ekstrarunde før eller etter løpet.

Eitt løp til
Det siste løpet går etter påske, laurdag 22. april Då vert det premiutdeling for heile sesongne, med medaljar til alle som har vore med i minst tre løp.

Startkontingent
Vaksne: kr 40,00 per løp.
Born til og med 15 år: kr 20,00 per løp.
Familie (foreldre/føresette og born t.o.m. 15 år): kr 70,00

Sesong-premiering

Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får premie. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og 150 og 200 startar.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Sara R. Linde med rekordløp

Postet av Eikanger Idrettslag den 11. Mar 2017

Sara Rebekka Færø Linde slo til med løpsrekord for kvinner i vinterkaruselløp nummer 300. Ho sprang på 7.18 og betra rekorden med fire sekund.

Jubileumsløpet på Eikanger laurdag vart heilt dominert av Færø-gjengen der heile familie stilte på startstreken denne gongen. Løyperekordhaldar Halfdan Emil var raskast på den sterke tida 6.18, deretter følgde brørne Jo Harald på 6.48 og Magnus Johan på 6.50.

VINNARBRØR: Halfdan Emil Færø var raskast med 6.18, eldstrebror Jo Harald vart nummer to og yngstebror Magnus Johan nummer tre.

Og som om ikkje trippeltriumfen var nok, så var det søstrene deira – Sara Rebekka og Bertine Helene som var raskast av damene. Dei to hadde også løyperekord med 7.22 som Bertine oppnådde i 2011 og Sara Rebekka i 2015. Etter det sterke løpet laurdag, under ikkje heilt gode forhold, står eldstesøster Sara Rebekka no åleine med rekorden.

REKORDSSØSTRE: Før løpet laurdag hadde dei løyperekorden saman på 7.22. No har Sara Rebekka Færø Linde (t.v.) rekorden åleine med 7.18. Tek du utfordringa Bertine Helene? Du har ein del år på deg fram til du vert 35.

Tidlegare denne sesongen hadde Sara Rebekka notert 7.35. På spørsmål frå arrangøren om ho hadde trena litt ekstra for å ta løyperekorden, var svaret eit klart ja!

Far til denne løpssterke gjengen, Einar, hadde sjuande beste tid med 7.37. Og nemnast må det også at Nikolai Færø, i same søskenflokken, med 9.33 gjorde eit av sine beste løp.

DEBUTANT: Clayton Alves debuterte i karusellen og var den som kom nærast Færø-brørne med tida 7.12.

Dei einaste som greidde splitta Færø-gjengen i toppen av resultatlista, var Clayton Alves på 4. plass med 7.12 og Ole L. M. Vabø på 6. plass med 7.30.

Eit hyggeleg innslag i jubileumsløpet var at den eine av vinnarane i det første løpet i 1979, Ole Johan Eidsnes, stilte til start for første gong på 15-16 år. Veteranen som runda 60 i fjor viste med tida 9.20 at forma slett ikkje er verst.

COMEBACK: Ole Johan Eidsnes delte sigeren i det første vinterkaruselløpet i 1979 med Gunnar Hauge. Etter 15-16 års fråvær deltok han i jubileumsløpet.

Med 101 deltakarar laurdag, var det første gong på fire år at deltakartalet i karusellen var over 100. Forholda var brukbare med berr veg, men med litt surt regn i lufta.

To løp står att i karusellen denne sesongen, laurdag 1. april og 22. april.

STARTEN: Med 41 personar på startstreken gjeld det å skaffa seg god posisjon inn i første sving. Lengst framme er Clayton Alves (nr. 25), Jo Harald Færø (39), Halfdan Emil Færø (34) og Bjørnar Eidsheim (55).

Vinterkarusell 2016-17, 8. løp.
Eikanger 11. mars 2017
Arr.: Eikanger IL
Regnbye, berr veg, + 4-5° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Halfdan Emil Færø 6.18
2. Jo Harald Færø 6.48
3. Magnus Johan Færø 6.50
4. Clayton Alves 7.12
5. Sara R. Færø Linde 7.18
6. Ole L. M. Vabø 7.30
7. Einar Færø 7.37
8. Axel Wollan 7.49
9. Bjørnar Eidsheim 7.52
10. Helge Færø 7.56
11. Rolf Vabø 7.58
12. Bertine Helene Færø 8.11
13. Grethe Jørgensen 8.21
14. Finn Vabø 8.25
15. Arve Larssen 8.30
16. Arild Tveranger 8.37
17. Egil Opsal 8.49
18. Johannes Hopland 8.52
19. Amalie Kallestad 8.56
20. Sigmund Nævdal 8.56
21. Ole Johan Eidsnes 9.20
22. Idar Odland 9.26
23. Nikolai Færø 9.33
24. Stina Nes Sjursen 9.41
25. Terje Eidsnes 9.46
26. Anna Ådnanes 10.06
27. Maja Totlandsdal 10.11
28. Susanne Rebnord 10.13
29. Jonny Totlandsdal 10.14
30. Gunnar A. Larssen 10.16
31. Atle Kolbeinsen 10.20
32. Kjell Namtveit 10.34
33. Håkon Rongved 10.49
34. Ludvig Færø Linde 11.29
35. Harald Hansen 11.31
36. Sverre Solberg 12.11
37. Elias Mosland 12.34
38. Trude Austrheim 13.27
39. Kirsten Rongved 13.29
40. Ingrid Ådnanes 13.39
41. Magnus Ådnanes 13.40

Utan tid:
Alf Kåre Mosland, Ingrid Søyland Askvik, Ivar Askvik, Syvert Søyland Askvik, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Ove Danielsen, Kåre Eide, Steinar Eide, Wenche Kjørlaug Eide, Leiv Eidsnes, Ingfrid Eikanger, Rune Eikanger, Viljar Eikanger, Magnus Elvik, Renate Eneroth, Espen Enertoh, Andrea W. Fyllingsnes, Knut Fyllingsnes, Rebekka W. Fyllingsnes, Renate Fyllingsnes, Samuel Fyllingsnes, Gustav Ansnes Færø, Helga Marit Færø, Arvid Hauge, Stanley Hauge, Benedikte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Sølvi Iren Haukås, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Sebastian Helgesen, Arnfinn Hellevang, Arve Henningsen, Andreas Hopland, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Gabriel Hosøy, Nathaniel Hosøy, Åsne Nyhavn Matre Hosøy, Alf Høyland, Odd Inge Høyland, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Live Færø Linde, Lorentz Linde, Alf Kåre Mosland, Olai Nepstad, Gerd Nævdal, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Mariell Robstad, Elise Søyland, Tony Thorsen, Grethe Titland, Åge Toft

I alt 101 deltakarar.

Neste løp: Laurdag 1. april 2017 kl. 15.00.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Laurdag 11. mars - vinterkarusell nummer 300

Postet av Eikanger Idrettslag den 4. Mar 2017

Laurdag 11. mars vert løp nummer 300 i Eikanger IL sin vinterkarusell arrangert. Sidan starten i 1979 har det vore nesten 18 000 startar i karusellen.

Jubileumsløpet går i den no faste løypa rundt Eikangervågen og er det åttande løpet denne sesongen.

Starta på Kløve
Første løpet vart skipa til 22. desember 1979 på Kløve. Løypa (3150 m) gjekk frå Kløvheim skule, om Fammestad og attende til skulen. 22 deltakarar stilte til start. Gunnar Hauge, som også var den som hadde teke initiativet til karusellen, delte sigeren med Ole Johan Eidsnes.

Dei tre første sesongane vart det arrangert eitt løp på kvar av stadane Kløve, Eikanger, Leiknes og Ostereidet. I sesongen 1980/81 vart det også halde eit løp på Stranda. Frå og med 1982/83 vart Eikanger fast stad for vinterkarusellen.

Toppsesongane
Sesongane 1984/85 og 1985/86 står enno som toppår når det gjeld deltakarar i karusellen på Eikanger. I det første løpet hausten 1984 stilte det 113 personar, og også i dei to neste løpa var det over 100 deltakar. Sesongen etter var like bra med 120 deltakar i det første løpet hausten 1985, ein rekord som står enno.

Men også i dei siste sesongen har det vore god deltaking. I dei sju første løpa i vinter har det vore vel 80 deltakarar i gjennomsnitt, og 97 på det meste.


Fleirtalet av dei som deltek i karusellen, tek turen rundt Eikangervågen som trim utan tidtaking.

Flest startar
Terje Eidsnes er den som har delteke flest gonger. Han var med i karusellen for første gong 4. desember 1982 vel ti år gamal. I alt har han delteke i 253 av dei 299 løpa som er arrangerte, nesten 85 % av gongene. Imponerande.

Snart 18 000
I alt har det vore 17 786 startar i karusellen. Milepålen 18 000 kan kanskje rundast i det siste løpet denne sesongen. To personar har delteke i løp alle sesongane sidan starten, Arvid Hauge og Steinar Haukås.

Harald Nygård står med 29 sigrar i karusellen.

Rekordane
Harald Nygård har vore raskast i karusellen 29 gonger og Helge Færø 27 gonger. Sigrun Molland har vore raskaste kvinne 41 gonger og Grethe Jørgensen 28.

Løyperekordane er det familien Færø som har. Halfdan Emil Færø har med 6.04 bestetida av alle. Raskast av kvinnene er søstrene Bertine Helene Færø og Sara Rebekka Færø Linde som begge har sprunge på 7.22.

Jubileum
Eikanger IL ynskjer velkomen til jubileumskarusell på Eikanger laurdag 11. mars. Starten går som vanleg kl. 15.00 og med påmelding den siste halvtimen, og vel så det, før start. I jubileumsløpet vert det litt ekstra premiar trekte ut på startnummer.

Heile seks sekund forbetra Halfdan Emil Færø løyperekorden med, til 6.04, i karusellen på Eikanger 6. mars 2013.


Tekst og foto: Stanley Hauge



Anders Eidsnes til topps i karusellen

Postet av Eikanger Idrettslag den 18. Feb 2017

UT FRÅ START: Rolf Vabø (nr. 41) tok teten før Kristoffer Hopland (nr. 22), Anders Eidsnes (nr. 36) og Egil Opsal (nr. 19).

Anders Eidsnes var raskast i karusellen på Eikanger laurdag. Med tida 7.52 tok han førsteplassen for andre gong. Grethe Jørgensen var på ny raskaste kvinne.

SIGER FOR ANDRE GONG: Anders Eidsnes tok for andre gong førsteplass i karusellen på Eikanger. Stein Tore Vinterstø vart nummer to.

Ut frå start og ned første bakken var det Rolf Vabø som tok teten. Han gjorde det beste løpet sitt for sesongen med tida 8.04 som heldt til fjerdeplass. Stein Tore Vinterstø var den som gav Eidsnes hardast kamp inn mot mål. På tida 7.57 vart Vinterstø ein klar nummer to.

NY TREDJEPLASS: Kristoffer Hopland tok tredjeplass i andre løpet på rad. Nytt fint løp av 14-åringen som hadde veteranen Rolf Vabø rett bak seg.

14-årige Kristoffer Hopland vart nummer tre for andre gong på rad. Tida hans var 8.02, som var tre sekund raskare enn for tre veker sidan.

TANGERTE SESONGBESTE: Grethe Jørgensen tangerte sesongbeste på 8.15 og var raskaste kvinne for 28. gong.

Grethe Jørgensen var på ny raskaste kvinne. Tida hennar var 8.15 som var tangering av sesongbeste frå første løpet i fjor haust. Og det var 28. gongen ho var best i kvinneklassen.

PERSONLEG REKORD: Amalie Kallestad sette på ny personleg rekord i karusellen, fem sekund raskare enn før.

Amalie Kallestad i 11-årsklassen sette ny personleg bestenotering i andre løpet på rad. Med 8.50 kutta ho fem sekund av rekorden sin frå førre løp. Idar Odland, også han i 11-årsklassen, sprang på 9.24 og var dermed 12 sekund raskare enn nokon gong før.

PERSONLEG REKORD: Også Idar Odland sette solid personleg rekord, 12 sekund betre enn nokon gong før.

Denne gongen var det berre 20 deltakarar som sprang på tid. Men med heile 52 personar som deltok utan tidtaking, var det i alt 72 startande. Løpsforholda laurdag var greie, men ei regnbye gjorde det litt surt sjølv om det var nærast vindstille.

Magne Andre Taule var nokre sekund raskare enn Egil Opsal denne gongen.

Neste løp på Eikanger vert laurdag 11. mars. Den dagen vert det også jubileum, då det vert løp nummer 300 sidan karusellen starta i desember 1979.

Vinterkarusell 2016-17, 7. løp.
Eikanger 18. februar 2017
Arr.: Eikanger IL
Regnbye, berr veg, + 4-5° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Anders Eidsnes 7.52
2. Stein Tore Vinterstø 7.57
3. Kristoffer Hopland 8.02
4. Rolf Vabø 8.04
5. Grethe Jørgensen 8.15
6. Magnus Ådnanes 8.41
7. Johannes Hopland 8.44
8. Arvid Hauge 8.50
9. Amalie Kallestad 8.50
10. Magne Andre Taule 9.01
11. Egil Opsal 9.04
12. Idar Odland 9.24
13. Terje Eidsnes 9.44
14. Susanne Rebnord 9.59
15. Sunniva R. Eidsnes 10.40
16. Olai Nepstad 10.55
17. Adrian Hansen Toft 11.20
18, Olav Alme 11.45
19. Sverre Solberg 11.58
20. Sondre R. Eidsnes 12.26

Susanne Rebnord i mål på tida 9.59.

Utan tid:
Rune Aldeholm, Margrethe Alme, Rakel Alme, Renate Alme, Ingrid Søiland Askvik, Ivar Askvik, Syvert Søiland Askvik, Petter Buvik, Lene Reigstad Danielsen, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Andrine Eikanger, Cecilie Eikanger, Linnea Eikanger, Rune Eikanger, Viljar Eikanger, Magnus Elvik, Renate Eneroth, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Gunnar Hauge, Stanley Hauge, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Sølvi Iren Haukås, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Jens Hindenes, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Alf Høyland, Elin Høyland, Emil Høyland, Margrethe Høyland, Odd Inge Høyland, Inge Leknes, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Elisa Søiland, Grethe Titland, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Åge Toft, Iben Buvik Aasgard, Oleg Buvik Aasgard, Rannveig Marie Buvik Aasgard

I alt 72 deltakarar.

Neste løp:
Laurdag 11. mars 2017 kl. 15.00.

Sunniva R. Eidsnes med ein frisk spurt og i mål på tida 10.40 – sesongbeste for henne.

TRIMGJENG: Nokre av dei 52 som deltok utan tidtaking. Renate Alme (nr. 144), Monica Toft (nr. 148), Liam Hansen Toft (nr. 147).

Flott løp av Adrian Hansen Toft på 11.20.

Olav Alme i fint driv inn til 11.45.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Vinterkarusell på Eikangar laurdag 18. februar

Postet av Eikanger Idrettslag den 13. Feb 2017

Laurdag 18. februar vert det på ny vinterkarusellen på Eikanger. Løpet er det sjuande denne sesongen. Påmelding er som vanleg frå ca. kl. 14.30, og dei som skal trimma utan tidtaking kan starta så snart dei er påmelde.

For dei som skal springa på tid går starten alltid presis kl. 15.00 frå Eikanger skule.

Det vert trekt ut premiar på startnummer til om lag ein tidel av talet på startande.

Fin trim
Om du ikkje alt er i gang, kan deltaking i nyttårsløpet vera ein fin inspirasjon til å få fart att med trimminga etter jule- og nyttårsfeiringa.

I den lette og fine løypa rundt Eikangervågen, med start frå skulen, kjem du i lag med andre trimmarar. Farten avgjer du sjølv. Du kan springa for å oppnå ny bestetid eller du kan rusla rundt i hyggeleg lag med andre trimmarar – utan tanke på klokka. Og du treffer folk i alle aldrar, frå eitt-to-åringar til pensjonistar.

Løypa
Distansen er ca. 2,15 km. Men vil du trimma lenger er det fritt fram – slik mange gjer – dei tek ein ekstrarunde før eller etter løpet.

Tre løp til
I tillegg til løpet komande laurdag, vert det tre løp til fram til våren. Dei går 11. mars, 1. og 22. april.

Startkontingent
Vaksne: kr 40,00 per løp.
Born til og med 15 år: kr 20,00 per løp.
Familie (foreldre/føresette og born t.o.m. 15 år): kr 70,00

Sesong-premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får premie. Så de er framleis sjanse for dei som enno ikkje har delteke, til å sikra seg medalje for denne sesongen.
For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og 150 og 200 startar.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Sakliste for årsmøte i Eikanger Idrettslag

Postet av Eikanger Idrettslag den 9. Feb 2017

Ostereidet-u-skule5064-N1200.jpg

Årsmøtet vert halde 16.02.2017 kl 19:00 på Ostereidet Ungdomskule.

Under følgjer saklista for årsmøtet.

1 .Godkjenning av dei stemmeberettiga

2 . Godkjenning av innkalling og sakliste

3 . Val av dirigent

Val av referent

Val av to medlemmar til å underskriva protokollen

4 . Årsmeldingar

5 . Godkjenning av rekneskapet for EIL 2016

6 . Medlemskontigent

7 . Budsjett 2017

8 . Organisasjonsplan

9. Deltaking i arbeidsutval for Osterhallen, val av representantar

10 . Val

Med vennleg helsing

styret i Eikanger Idrettslag



Ny Klanderud-siger i karusellen

Postet av Eikanger Idrettslag den 28. Jan 2017

Veteranen Tore Klanderud frå Hordvik var for andre gong på rad raskast i vinterkarusellen på Eikanger. Som for tre veker sidan var vinnartida hans 7.28.

FLITTIG VINNAR: Grethe Jørgensen sprang på 8.19 og var raskaste kvinne for 27. gong i karusellen. Ho spring ofte på tider mellom 8.10 og 8.25.

Grethe Jørgensen var raskaste kvinne med 8.19 og det var tredje gong denne sesongen ho var best. I alt har ho vore raskaste kvinne 27 gonger i karusellen.

STABILITET: Veteranen Tore Klanderud vann for andre gong på rad karusellen på Eikanger, og som for tre veker sidan var vinnartida hans 7.28.

Nærast Klanderud kom Harald Marthinussen på 7.48 som var klar sesongbeste for han. På tredjeplass kom Kristoffer Hopland på 8.05. Det er den beste plasseringa ungguten, som i år stiller i 14-årsklassen, har oppnådd til no.

SESONGBESTE: Harald Marthinussen deltok for andre gong denne sesongen og noterte solid sesongbeste.

Vidare nedover på lista var det mange veteranar. Bjarne Gausvik noterte sesongbeste med 8.07. Egil Opsal i klasse MV 60 sprang på 8.29 og kutta med det sju sekund av den tidlegare besenoteringa si.

FRISK UNG SPURT: Amalie Kallestad spurta nesten i 60-metersfart inn til mål og kom under ni minuttar for første gong.

Etter ein kjemperask spurt dei siste 40-50 meterane kom Amalie Kallestad i mål på 8.55. For første gong kom ho under ni minuttar og jenta i 11-årsklassen (f. 2006) var dermed ti sekund raskare enn nokon gong før.

I alt var det 89 deltakarar i løpet laurdag 28. januar. Heile 55 av dei tok karusellen som trim utan tidtaking. Forholda var ok med berr veg, litt yr i lufta, men litt sur trekk imot enkelte stader rundt Eikangervågen. Neste løp går laurdag 18. februar.

VETERAN OG TRIMGJENG: Veteranen Egil Opsal spring inn til personleg bestenotering, medan trimgjengen til høgre for han heiar. I trimgjengen frå venstre: Ann Kathrin M. Espevoll med Annikken i vogna, Ingrid Søiland Askvik, Elisa Søiland og Syvert Søiland Askvik.

Vinterkarusell 2016-17, 6. løp.
Eikanger 28. januar 2017
Arr.: Eikanger IL
Skya, yr, berr veg, + 2-3° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Tore Klanderud 7.28
2. Harald Marthinussen 7.48
3. Kristoffer Hopland 8.05
4. Bjarne Gausvik 8.06
5. Rolf Vabø 8.12
6. Stein Tore Vinterstø 8.16
7. Grethe Jørgensen 8.19
8. Egil Opsal 8.29
9. Johannes Hopland 8.41
10. Hogne Haugsdal 8.47
11. Amalie Kallestad 8.55
12. Magne Andre Taule 9.25
13. Arve Henningsen 9.35
14. Terje Eidsnes 9.43
15. Gunnar Hauge 9.50
16. Idar Odland 10.02
17. Are Flekke 10.13
18. Jan Kårbø 10.17
19. Kjell Namtveit 10.27
20. Olai Nepstad 10.51
21. Stein Tore Holsen Viken 11.37
22. Sverre Solberg 11.41
23. Mats Johan G. Oppedal 12.13
24. Silje Nes Sjursen 12.50
25. Malene Landro Sjursen 12.58
26. Sondre R. Eidsnes 13.18
27. Anders Eidsnes 13.25
28. Astrid Nes Sjursen 13.39
29. Trond Austrheim 13.42
30. Trude Austrheim 13.43
31. Håvard Andre G. Oppedal 13.52
32. Øyvind G. Oppedal 13.53
33. Frode Sjursen 14.22
34. Eline Nes Sjursen 14.23

TRE GENERASJONAR: Yngstemann, Håvard Andre G. Oppedal (nr. 32), vert heia fram av pappa Øyvind G. Oppedal (nr. 33) og bestefar Bjarne Gausvik.

Utan tid:
Ingrid Søiland Askvik, Syvert Søiland Askvik, Marte Reigstad Clausen, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Asle Eikanger, Hugo Eikanger, Ingfrid Eikanger, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Andrea W. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Knut Fyllingsnes, Kristoffer W. Fyllingsnes, Rebekka W. Fyllingsnes, Renate Fyllingsnes, Samuel Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Stanley Hauge, Benedikte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Sølvi Iren Haukås, Sjur Øren Heggernes, Svein Olav Heggernes, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Sebastian Helgesen, Steffen Helgesen, Arnfinn Hellevang, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Alf Høyland, Inge Leknes, Hilde Marthinussen, Jonas Marthinussen, Malin Marthinussen, Inge Nævdal, Solveig Odland, Margunn G. Oppedal, Live Ramsvik, Silas Raunehaug, Håkon Rongved, Elisa Søiland, Grethe Titland, Åge Toft, Janina Øvretveit, Tobias Øvretveit

I alt 89 deltakarar.

Neste løp:
Laurdag 18. februar 2017 kl. 15.00.

Silje Nes Sjursen mot mål og like bak kjem Malene Landro Sjursen.

Idar Odland hadde nok ein gong gleda av å slå fleire seniorar og veteranar

Mats Johan G. Oppedal får drahjelp av mamma Margun.


Rundt første sving med Tore Klanderud i tet.

Krist0ffer Hopland inn til tredjeplass og den beste plasseringa si nokon gong i karusellen. Bak kjem veteranane Bjarne Gausvik og Rolf Vabø.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Vinterkarusell på Eikanger laurdag 28. januar

Postet av Eikanger Idrettslag den 23. Jan 2017

Laurdag 28. januar vert det nytt løp i vinterkarusellen på Eikanger. Løypa er som vanleg knappe 2,2 km rundt Eikangervågen.

Løpet er den sjette vinterkarusellen denne sesongen. Påmelding er som vanleg frå ca. kl. 14.30, og dei som skal trimma utan tidtaking kan starta så snart dei er påmelde.

For dei som skal springa på tid går starten alltid presis kl. 15.00 frå Eikanger skule.

Det vert trekt ut premiar på startnummer til om lag ein tidel av talet på startande.

Fin trim
I den lette og fine løypa rundt Eikangervågen, med start frå skulen, kjem du i lag med andre trimmarar. Farten avgjer du sjølv. Du kan springa for å oppnå ny bestetid eller du kan rusla rundt i hyggeleg lag med andre trimmarar – utan tanke på klokka. Og du treffer folk i alle aldrar, frå eitt-to-åringar til pensjonistar.

Løypa
Distansen er ca. 2,15 km. Men vil du trimma lenger er det fritt fram – slik mange gjer – dei tek ein ekstrarunde før eller etter løpet.

Fire løp til
I tillegg til løpet komande laurdag, vet det fire løp til fram til våren. Dei går 18. februar, 11. mars, 1. og 22. april.

Startkontingent
Vaksne: kr 40,00 per løp.
Born til og med 15 år: kr 20,00 per løp.
Familie (foreldre/føresette og born t.o.m. 15 år): kr 70,00

Sesong-premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får premie. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og 150 og 200 startar.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Sterk sesongstart av Sara Linde

Postet av Eikanger Idrettslag den 7. Jan 2017

Sara Rebekka Færø Linde starta 2017-sesongen med eit sterkt løp i vinterkarusellen på Eikanger. Med tida 7.35 var ho berre sju sekund etter vinnaren av herreklassen.

Berre Sara Rebekka sjølv og søstera Bertine Helene Færø, som deler løyperekorden på 7.22, har sprunge fortare rundt Eikangervågen. Det var 26. gong Sara Rebekka var raskaste kvinne i karusellen. Ho har ikkje delteke så ofte dei siste åra. Førre gong ho deltok og vann var i siste løpet våren 2015.

Etter å ha vore aktiv i friidrett i 25 år, kjem Sara Rebekka (f. 1982) i år opp i veteranklassen (KV 35-39). Om ho satsar på det, kan ho verta ein sterk lokal deltakar i veteran-NM i Knarvik til sommaren.

DAMER I TETEN: Sara Rebekka Færø Linde (startnr. 22) og Grethe Jørgensen (nr. 7) tok teten ut frå start. Langt framme var også Kristoffer Nilsen Apelthun (nr, 32), Helge Færø (nr 33) og Johannes Hopland (nr. 39).

Raskast av alle i nyttårsløpet var Tore Klanderud (f. 1967) med tida 7.28. Veteranen frå Hordvik tok med det andre sigeren sin på Eikanger. Førre gong han vann var i det glatte nyttårsløpet for sju år sidan. Han var berre fem skund etter bestetida si frå 2013.

VETERAN: Tore Klanderud frå Hordvik vann nyttårsløpet. Han stiller i år i veteranklasse MV50.

Etter veteranane Helge Færø og Bjørnar Eidsheim på 3. og 4. plass, kom to sterke gutar i 2003-klassen. Kristoffer Nilsen Apelthun viste med tida 7.51 at forma etter ein tyngre periode er på veg oppover. Berre fem sekund etter han kom jamgamle Kristoffer Hopland. Ny framgang vart det på to år yngre Johannes Hopland. Med 8.40 kutta han den tidlegare bestetida si med sju sekund.

RASKE UNGGUTAR: Kristoffer Nilsen Apelthun sprang på 7.51 og Kristoffer Hopland på 7.56. Solide løp av gutane som vert 14 år i år.

Forholda under løpet laurdag var gode med berr veg og vindstille. Men temperaturen nærma seg null under løpet og det var rett før det fraus på enkelte stader. Og skuleplassen var eit einaste glatt is-svell.

72 personar stilte til start, og fleirtalet av dei tok turen utan tidtaking.

Neste løp på Eikanger: Laurdag 28. januar kl. 15.00.

Stian Skar Kolås (nr. 20) og Amalie Kallstad spurtar mot mål.

Vinterkarusell 2016-17, 5. løp.
Eikanger 7. januar 2017
Arr.: Eikanger IL

Skya, opphald, berr veg, + 0-1° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Tore Klanderud 7.28
2. Sara R. Færø Linde 7.35
3. Helge Færø 7.40
4. Bjørnar Eidsheim 7.48
5. Kristoffer Nilsen Apelthun 7.51
6. Kristoffer Hopland 7.56
7. Vebjørn Haugsdal 8.06
8. Rolf Vabø 8.19
9. Grethe Jørgensen 8.24
10. Johannes Hopland 8.40
11. Egil Opsal 8.48
12. Erlend Titland 9.11
13. Stian Skar Kolås 9.26
14. Amalie Kallestad 9.30
15. Terje Eidsnes 9.48
16. Arve Henningsen 9.54
17. Stina Nes Sjursen 10.16
18. Kjell Namtveit 10.37
19. Olai Nepstad 10.41
20. Jan Kårbø 10.53
21. Ida Herland Sæthre 10.55
21. Nils Rune Sæthre 10.55
23. Sverre Solberg 11.41
24. Harald Hansen 12.11
25. Silje Nes Sjursen 12.20
26. Anette Kristiansen 16.53

IVRIG TRIMMAR: Åge Toft er nesten alltid på plass når det er vinterkarusell på Eikanger.

Utan tid:
Ingrid Søiland Askvik, Syvert Søiland Askvik, Semir Ebsa, Leiv Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Andrea W. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Knut Fyllingsnes, Kristoffer W. Fyllingsnes, Rebekka W. Fyllingsnes, Renate Fyllingsnes, Samuel Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Nikolai Færø, Arvid Hauge, Stanley Hauge, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Sjur Øren Heggernes, Arnfinn Hellevang, Daniel Sjursen Hole, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Alf Høyland, Marius Skar Kolås, Inge Leknes, Ludvig Færø Linde, Unni Midtgård, Inge Nævdal, Susanne Rebnord, Håkon Rongved, Robert Skar, Sissel Skårnes, Elisa Søiland, Grethe Titland, Åge Toft, Anna Ådnanes, Ingrid Ådnanes, Magnus Ådnanes, Martin Ådnanes

I alt 72 deltakarar.

Neste løp:
Laurdag 26. januar 2017 kl. 15.00.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Nyttårsløp på Eikanger laurdag 7. januar

Postet av Eikanger Idrettslag den 1. Jan 2017

Laurdag 7. januar startar andre halvdel av vinterkarusellen på Eikanger med nyttårsløp.

Løpet er det femte vinterkarusellen denne sesongen. Påmelding er som vanleg frå ca. kl. 14.30, og dei som skal trimma utan tidtaking kan starta så snart dei er påmelde.

For dei som skal springa på tid går starten alltid presis kl. 15.00 frå Eikanger skule.

Det vert trekt ut premiar på startnummer til om lag ein tidel av talet på startande.

Fin trim
Om du ikkje alt er i gang, kan deltaking i nyttårsløpet vera ein fin inspirasjon til å få fart att med trimminga etter jule- og nyttårsfeiringa.

I den lette og fine løypa rundt Eikangervågen, med start frå skulen, kjem du i lag med andre trimmarar. Farten avgjer du sjølv. Du kan springa for å oppnå ny bestetid eller du kan rusla rundt i hyggeleg lag med andre trimmarar – utan tanke på klokka. Og du treffer folk i alle aldrar, frå eitt-to-åringar til pensjonistar.

Løypa
Distansen er ca. 2,15 km. Men vil du trimma lenger er det fritt fram – slik mange gjer – dei tek ein ekstrarunde før eller etter løpet.

Fem løp til
I tillegg til løpet komande laurdag, vet det fem løp til fram til våren. Dei går 28. januar, 18. februar, 11. mars, 1. og 22. april.

Startkontingent
Vaksne: kr 40,00 per løp.
Born til og med 15 år: kr 20,00 per løp.
Familie (foreldre/føresette og born t.o.m. 15 år): kr 70,00

Sesong-premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får premie. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og 150 og 200 startar.

Tekst og foto: Stanley Hauge