Vinterkarusell på Eikanger laurdag 26. november

Postet av Eikanger Idrettslag den 21. Nov 2016

Tredje løpet i vinterkarusellen 2016/17 på Eikanger går laurdag 26. november. Starten går kl. 15.00 for dei som spring på tid. Trimmarar kan starta så snart dei er påmelde, frå ca. kl. 14.30.

Karusellen har start og mål ved Eikanger skule. Løypa på ca. 2,2 km går rundt Eikangervågen – populært kalla «Brua rundt».

Ti løp
Eikanger IL har lagt opp til fire løp før jul og seks etter nyttår. Det vert fire løp før jul og seks løp etter nyttår. Løpsdatoane før jul er 15.10., 5.11., 26.11. og 17.12. Etter nyttår vert det løp 7.1.,28.1., 18.2., 11.3., 1.4. og 22.4.

Alle løpa går laurdags ettermiddag og starten er presis kl. 15.00. Påmeldinga startar om lag ein halv time før. Dei som ikkje skal ha registrert tid, kan starta så snart dei har meldt seg på – men seinast kl. 15.00.

Startkontingent
Startkontingenten er kr 40,- for vaksne, kr 20,- for born til og med 15 år, og familiekontingent kr 70,- (samla for vaksne og born til og med 15 år).

Premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får premie. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar og 100 startar. Det vert også trekt ut nokre premiar på startnummer til deltakarane ved kvart løp.

Fin trim
Vinterkarusellen er ikkje berre for dei som vil springa fortast mogleg rundt Eikangervågen. Over halvparten av dei som deltek tek som regel turen som trim utan tidtaking. Deltakarane er i alle aldrar, frå dei knapt kan gå til godt opp i pensjonsalderen.

Løyperekord
Løyperekorden har Halfdan Emil Færø med 6.04 frå 16. mars 2013. Best tid i dameklassen har Bertine Helene Færø med 7.22 frå 19. februar i 2011. Kanskje nokon kan utfora løyperekordane til Færø-søskena denne sesongen?

Flest løp
I år er det 38. sesongen på rad Eikanger IL arrangerer vinterkarusell. 292 løp med i alt 17 222 startande er avvikla sidan desember 1979.

Terje Eidsnes står med 247 startar før årets sesong. Over 200 startar har også: Sverre Solberg 241, Steianr Haukås 234, Alf Høyland 223, Arvid Hauge 216, Leiv Eidsnes 215 og Sigmund Nævdal 214.

To personar, Arvid Hauge og Steinar Haukås, har vore med i eitt eller fleire løp kvar einaste sesong sidan starten.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.