Eikangerløpet, 5000m på bane, søndag 1. oktober

Postet av Eikanger Idrettslag den 18. Sep 2017


Eikangerløpet, 5000m på bane, vert arrangert på Ostereidet søndag 1. oktober kl. 15.00. Løpet vert i år arrangert for 38. gong.

Dette løpet passar ikkje berre for aktive friidrettsutøvarar, men høver også godt for trimmarar og mosjonistar som vil testa seg på rundløpsbana. Løpsforholda på raudstubbana på Ostereidet er gode så sant veret er ok.

Deltakartalet i løpet har svinga ein del, frå nær 40 til om lag 10. I fjor var det 22 deltakarar.

Halfdan Emil Færø har løpsrekorden med 15.23,0 frå 2015. I dameklassen er det Bertine Helene Færø som har rekorden med 18.51,3 frå 2010.

Arvid Hauge har vore med 36 gonger og Inge Nævdal 33 gonger. Elles har Sverre Solberg 24 og Bjørnar Eidsheim 23 startar, Gunnar Hauge 21 og Sigmund Nævdal 20.

I tillegg til premiering av dei beste i dame- og herreklassen, er det premie for 1. gongs deltaking, og når ein har delteke 3 gonger, 5 gonger, 10 gonger, 20 gonger og 25 gonger.

Sjå også: Storset Opp

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.