Nyttårsløp på Eikanger laurdag 6. januar

Postet av Eikanger Idrettslag den 30. Des 2017


Nyttårsløp laurdag 6. januar startar andre halvdel av vinterkarusellen på Eikanger. Starten går presis kl. 15.00 for dei som skal springa på tid.

Løpet er det femte vinterkarusellen denne sesongen. Om du ikkje alt er i gang, kan du la deltaking i nyttårsløpet vera ein fin inspirasjon til å få fart att med trimminga etter jule- og nyttårsfeiringa.

I den lette og fine løypa rundt Eikangervågen, med start frå skulen, kjem du i lag med andre trimmarar. Farten avgjer du sjølv. Du kan springa å testa forma eller du kan rusla rundt i hyggeleg lag med andre trimmarar  – utan tanke på tida. Og du treffer folk i alle aldrar, frå eitt-to-åringar til pensjonistar.

Distansen er ca. 2,15 km. Men vil du trimma lenger er det fritt fram – slik mange gjer – dei tek ein ekstrarunde før eller etter løpet.

Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Og dei som deltek utan tidtaking, kan starta så snart dei har meldt seg på.

Startkontingent  
Startkontingenten er kr 50,- for vaksne, kr 25,- for born til og med 15 år, og familiekontingent kr 90,- (samla for vaksne og born til og med 15 år).

Premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover. Det vert også trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp.

Fire løp til
I tillegg til løpet komande laurdag, vet det fire løp til fram til våren. Dei går 27. januar, 17. februar, 10. mars og 7. april.

Sjekk kor mange løp du har delteke i
Kor mange gonger du i alt har delteke i vinterkarusellen kan du no finna i i denne pdf-fil:

Oversikt over tal karusellstartar 1979-2017.pdf

I oversikta er det teke med alle som har delteke fem gonger eller meir.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.