Friidrettstemne tysdag 27. august

Postet av Stanley Hauge den 21. Aug 2019

Tysdag 27. august med start kl. 18.30 vert det friidrettstemne på Ostereidet. Friidrettsgruppa inviterer jenter og gutar frå 5-6 år og oppover til sommarkarusell og  det vert seriestemne for vaksne.

27. august sommarkarusell, start kl. 18.30, påmelding frå kl. 18.00
Øvingar: 40m (60m) og lengde.

På seriestemnet same kveld vert det 3000m med start ca. kl. 19.45. Evt. også lengde og kastøving.

Neste trening for rekruttane vert

3. september    kl. 18.30-19.30

10. september  sommarkarusell, start kl. 18.00, påmelding frå kl. 17.45
                        øvingar kjem seinare

Startkontingent på sommarkarusellane: kr 20,00 per deltakar

Me treng medhjelparar
For å få ei god avvikling av sommarkarusellane treng me medhjelparar. Me oppmodar foreldre til å hjelpa til med tidtaking, måling m.m.

Det vil også vera hyggeleg om noko kan vera med på treningane slik at me vert fleire til å ta oss av dei ivrige rekruttane.

Vel møtt på idrettsbana på Ostereidet.

Premiering
Som tidlegare år vert det premieutdeling etter sesongen med premie til alle som deltek. Kanskje vert det også nokre premieoverraskingar på dei enkelte stemnene.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.