40-årsjubileum for Eikangerløpet

Postet av Stanley Hauge den 6. Sep 2019

Harald Nygård har flest sigar i Eikangerløpet med 13. Her frå løpet han deltok i sist sesong.

Eikangerløpet, 5000m på bana på Ostereidet, har i år 40-årsjubileum når det vert skipa til søndag 22. september med start kl. 15.00.

Første løpet vart arrangert i 1979, men alt frå bana vart opna i 1975 har 5000m vore arrangert mot slutten av sesongen.

Løpet søndag 22. september har påmelding frå kl. 14.30.
Startkontingent kr 75,00.

Løpet passar ikkje berre for aktive friidrettsutøvarar, men også for trimmarar og mosjonistar som til vanleg ikkje deltek i baneløp. Her får dei eit fint høve vil testa seg på ei rundløpsbane.  

Løpet er for deltakarar av begge kjøn frå ca. 12 år og oppover. 

Statistikk
Arvid Hauge har utarbeidd ei rekkje statistikkar om løpet. Løpet hr vore arrangert kvart år sidan 1979, med unnatak av 2009 då det måtte avlysast på grunn av at heile bana stod under vatn.

Harald Nygard er den som har flest sigrar med 13. Deretter kjem Halfdan Emil Færø med sju, Gunnar Hauge med fem og Jo Harald Færø med fire. 

Sara Rebekka Færø Linde har flest sigar i kvinneklassen med åtte, medan søstera Bertine Helene Færø har seks.

Harald Nygård hadde lenge også bestetida i lpet med 15.25,8 frå 1992, men Halfdan Emil Færø tok løpsrekorden med 15.23,0 i 2015. Sara Rebekka Færø Linde er raskaste kvinne med 18.24,5 frå 2017.

Flest startar har Arvid Hauge med 38, Inge Nævdal 33, Sverre Solberg 26, Bjørnar Eidsheim 25, Gunnar Hauge 23 og Helge Færø 20.

Eikangerl-vinnarar..pdf

DELTAKARAR  I EIKANGERLØPET  1979-2018.pdf

Eikangerl-menn-tider.pdf

Eikangerl-kvinner.pdf

POENGLISTE  MENN.pdf

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.