Romarheimgjeng til topps i vellukka sandvolleyball-turnering

Postet av Eikanger Idrettslag den 15. Sep 2015



Ostereidet-meistrar i sandvolleyball: Team Skår frå Romarheim.

Team Skår frå Romarheim gjekk til topps i den vellukka turneringa i sandvolleyball på Ostereidet søndag 13. september. Trass gråvêr og vind var 50-60 personar samla.

Det var styret i Eikanger IL som inviterte til sandvolleyball-turneringa. Dei ordna også med open kiosk og varme grillar.

Det var påmeldt 5 lag med 5-6 spelarar per lag med begge kjønn representert. Både ungdom og godt vaksne deltok. Det var også fleire barnefamiliar som kom innom for å heia og grilla. Truleg var det i alt rundt 50-60 personar, og det trassi gråvêr og vind.

Laga som stilte var: Alek sine soldatar, Beauties and the beast, Allstars, Team Skår og Vinnerlaget.

Turnering
Dei 5 laga spelte først eit lite seriespel der alle møtte kvarrandre ein gong i kampar på 10 minuttar.

Då seriespelet var over, sto vi att med Team Skår som gjorde reint bord med 4 av 4 moglege sigrar. Alek sine soldatar vann 3 av 4, og låg dermed på 2. plass.

Arrangørane ønskte ein finalekamp mellom 1. og 2. plass, med 15 minuttars spel.

I finalen starta Alek sine soldatar friskt og tok ei tidleg og etter kvart god leiing. Men Team Skår slo deretter hardt tilbake og vann til slutt 35-28. Det er dermed uoffisielle Ostereidet-meistrar i sandvolleyball.

Vinnarlaget vann gratis pizza på Ostereidet Kro og ein ny volleyball. Men gjengen frå Romarheim gjorde ein hyggelig gest, og let den tapande finalisten få volleyballen. Med hint om å trena seg opp til neste anledning.

Vellukka
Alt i alt var det eit vellukka arrangement. Styret tar likevel litt sjølvkritikk over at turneringa vart annonsert noko seint, pluss at annonseringa ikkje vart spreidd så godt utover. Det ligg nok eit større potensial til å samla fleire ved ein seinare anledning. Styret håper derfor at vi kan gjenta dette til neste år, gjerne ein solrik vårdag.

Nedanfor – nokre biletglimt frå turneringsområdet.















Tekst: Robert Lorang Hansen/Stanley Hauge, foto Robert Lorang Hansen.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.