Premieutdeling søndag 17. november

Postet av Stanley Hauge den 8. Nov 2019

Søndag 17. november vert det premieutdeling for sommarkarusellen i friidrett for gutar og jenter. Utdelinga vert på Hausttreffet til idrettslaget som startar kl. 16.00 i idrettsbygget på Ostereidet.

Friidrettsgruppa oppmodar alle som har delteke på karusellen i sommar, til å møta opp og få premien sin.

Ved dei fire stemnene var det i alt 33 deltakarar fordelt på 22 gutar og 11 jenter. Alle som har vore med i minst ei øving får premie.

To gutar, Syvert Søiland Askvik og Sjur Øren Heggernes, var med på alle stemnene og deltok i alle øvingane. Det same var dei to jentene Rannveig Marie Buvik Aasgard og Alv Jordal Aarra.

I den vedlagde fila finn du oversikt over alle som var med. Så står namnet på denne lista, vil du få premie. 

Sommarkarusell-2019-alle resultat.pdf


Tekst og foto: Stanley Hauge


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline