Færø og Jørgensen karusellvinnarar

Lagt ut av Stanley Hauge den 23. Nov 2019

INNSPURT: Jo Harald Færø var raskast i spurten og drog frå Knut Magne Hauge på oppløpet. Magnus Johan Færø vart nummer tre.

Jo Harald Færø vann spurten mot Knut Magne Hauge i det tredje løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Grethe Jørgensen var raskaste kvinne.

Magnus Johan Færø (bilete over) var i teten inn i den siste motbakken, tett følgd av Jo Harald Færø pg Knut Magne Hauge.  Jo Harald og Knut Magne sprang forbi Magnus Johan øvst i bakken og spurta om sigeren. Jo Harald var raskast og kom i mål på 6.49, som er ny sesongbeste for han. 

Det var 18 gongen Jo Harald gjekk til topps i karusellen. Grethe Jørgensen sprang på ny under åtte minuttar og var raskaste kvinne for 38. gong.

Informasjon om jubileumskarusell 14. desember.pdf

FULL FART: Ut frå start var 14-åringane Johannes Hopland (nr. 13) og Eivind Langøy (25) i teten. 

14-åringane Johannes Hopland og Eivind Langøy kjempa om fjerdeplassen. Johannes var raskast med 7.20, medan Eivind med tida 7.22 betra den personlege rekorden sin i karusellen med 17 sekund. Den tida oppnådde han 5. januar i år.

SPURTAR: Idar Odland (nr. 3), tett følgd av Anders Eidsnes (28) og Harald Norheim (nr. 5).

Veteranen Espen Aakre (1978) sprang på 7.45 og var sju sekund berre enn den gamle karusellrekorden sin frå november i fjor.

FLITTIG VINNAR: For 38. gong var Grethe Jørgensen raskaste kvinnen i vinterkarusellen. 

Ungjenta Victoria Osen imponerte på nytt ved å kutta ti nye sekund av bestetida si frå førre løp, og ho sprang no på 8.39. Fine løp også av Amalie Kallestad på 8.45 og Maja Totlandsdal på 9.03. 

102 personar stilte til start på Eikanger laurdag. Forholda var fine med berr og stort ett tørr veg, nesten vårtemperatur og vindstille. 

40-årsjubileum
Neste løp går laurdag 14. desember. Då vert det markering av at det er 40 år sidan første vinterkarusellen vart arrangert. Premieringa vert ekstra raus med pengepremiar til dei tre beste i klassane for menn og kvinner på tid. Mellom trimmarne vert det mellom anna trekt ut gåvekort på kr 1000 og kr 500 pluss mange andre fine premiar.

FIRKLØVER MOT MÅL: Simen Aakre (33), Victoria Osen (15), Bjørn Harald Nævdal (29) og Daniel Norheim (4).

Vinterkarusell 2019-20, 3. løp.
Eikanger 23. november 2019
Arr.: Eikanger IL
Skya, + 6-8° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Jo Harald Færø 6.49
2. Knut Magne Hauge 6.50
3. Magnus Johan Færø 6.53
4. Johannes Hopland 7.20
5. Eivind Langøy 7.22
6. Harald Marthinussen 7.28
7. Vebjørn Haugsdal 7.40
8. Espen Aakre 7.45
9. Idar Odland             7.49

PÅ OPPLØPET: Vebjørn Haugsdal føre Espen Aakre.

10. Anders Eidsnes             7.50
11. Harald Norheim 7.51
12. Grethe Jørgensen 7.56
13. Sigurd Aakre 8.37
14. Victoria Osen 8.39
15. Daniel Norheim 8.40
16. Bjørn Harald Nævdal 8.41
17. Amalie Kallestad 8.45
18. Bjarne Gausvik 8.52
19. Arvid Hauge            8.58

Maja Totlandsdal sette personbeste med 9.03.

20. Maja Totlandsdal 9.03
21. Torbjørn Vedå 9.25
22. Sjur Øren Heggernes 9.29
23. Jan Kårbø 9.37
24. Ove Danielsen 9.44
25. Helene Osen 9.46
26. Ragnhild Namtvedt 9.49
27. Terje Eidsnes 9.55
28. Sigmund Nævdal 10.06
29. Carl Ludvig Thuve Larsen 10.13
30. Gunnar Hauge 10.14
31. Tone Helen Marthinussen 10.16
32. Elias Dyrdal 10.21
33. Gunnar A. Larssen 10.24
34. Syvert Søyland Askvik 11.12
35. Håkon Rongved 11.28
36. Sverre Solberg 11.52
37. Johannes Sletthaug 12.55
38. Sebastian Rongved            16.27

Torbjørn Vedå på veg mot mål i fin stil.

Utan tid:
Olav Alme, Ingrid Søyland Askvik, Kristian Bjørge, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Kristine  Fjordheim, Byrge Solheim Fjordheim, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Bertine-Helene Færø, Einar Færø, Gustav Ansnes Færø, Stanley  Hauge, Inga Haugsdal, Kristin Andvik Haugsdal, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Alis Hellevang, Arnfinn Hellevang, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Isak Øvretveit Hosøy, Kate Hosøy, Mali Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf  Høyland, Vegard Kvestad, Åshild Langøy, Bjarte Larssen, Bjørn Mo, Alf Kåre Mosland, Cecilie Beate Mosland, Elias Mosland, Jonathan Mosland, Olai Nepstad, Christer Aase Nævdal, Fredrik Aase Nævdal, Sebastian Aase Nævdal, Gerd Nævdal, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Kirsten Rongved, Elise Søyland, Grethe Titland, Adrian Hansen Toft, Laila Toft, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Åge  Toft, Liv-Reidun Sletten Vabø, Albert  Vedå, Aksel Vedå, Anton Nikolai Vedå, Tone Marit Vedå, Benedikte Aase

FINT DRIV: Ung løpar i fint driv, Sjur Øren Heggernes.

Neste løp:

Laurdag 14. desember kl. 15.00

Tekst og foto: Stanley Hauge


0 Kommentar

Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline