Vinterkarusell 5: Nyttårsløp laurdag 4. januar

Postet av Stanley Hauge den 30. Des 2019

Femte løpet i Eikanger IL sin vinterkarusell vert nyttårsløpet som vert arrangert laurdag 4. januar. Starten går presis kl. 15.00 for løpsklassen, medan dei utan tid kan starta så snart dei har meldt seg på. 

Eit gåvekort på kr 500 hjå Sport Norge Knarvik vert trekt ut på startnummer. Alle som deltek er med i trekninga om gåvekortet.

I karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt», vert det fem løp etter nyttår. Løypa går i lett terreng rundt  vågen og høver for folk i alle aldrar.

Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2004 og seinare)

Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.

Første løp etter nyttår vert laurdag 4. januar, deretter vert det løp 25. januar, 15. februar, 7. mars, og 28. mars.

Vinterkarusellhefte2019-20-nett.pdf

Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover.

Det vert sesongpremiar til alle som er med i minst tre løp:

7-9 startar – gull
5-6 startar – sølv
3-4 startar – bronse

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.