Morken spurta til siger i nyttårsløpet

Postet av Stanley Hauge den 4. Jan 2020

SOLID SPURT: Phillip Morken har nett spurta forbi Jo Harald Færø og sikrar seg sigeren i nyttårsløpet.

15-årige Phillip Morken spurta til siger i nyttårsløpet på Eikanger 4. januar. På det glatte oppløpet greidde han å koma sekundet føre Jo Harald Færø i mål.

Jo Harald drog feltet og var i teten det meste av løpet. På eit underlag som ikkje gav et beste festet, greidde Phillip Morken å springa fori Jo Harald ein 8-120 meter før målstreken. For andre gong gjekk han til topps i karusellen. Første gongen var i løpet 26. januar i fjor.

TREDJEPLASS: Kristoffer N. Apelthun Færø.

På tredjeplass laurdag kom Kristoffer Apelthun Færø på tida 7.20, og på fjerplass ein annna unggut – Johannes Hopland på 7.27.

STARTEN: Johannes Hopland (nr. 17) i teten frå start, med Jo Harald Færø (23) og Grethe Jørgensen (6) like bak. 

Grethe Jørgensen var raskaste kvinne på tida 8.17. Det var 39. gong ho var raskast i karusellen og nærmar seg Sigrun Molland som har vore raskaste kvinne 42 gonger.

LITT GLATT OPPLØP: Bjørnar Eidsheim fremst i denne trioen, med Grethe Jørgensen til venstre og Einar Færø til høgre.

Amalie Kallestad på 9.08 og Victoria Osen på 9.27 var dei jentene som kom nærast Grethe. 

For første gong denne sesongen kom vinteren til karusellen på Eikanger. Eit par centimeter snølag i eine halvdelen av løypa, gjorde det litt glatt enkelte stader. Men stort sett var det greie, men litt tunge forhold. Det viste også att på tidene då dei fleste sprang 20-30 sekund seinare enn tidlegare i sesongen.

FINT LØP: Idar Odland sprang på 8.37 under dei tunge forholda.

Med 36 startande i klassen med tidtaking og 66 i klassen utan tid, passerte deltakarartalet også denne gongen 100 startande. 

Neste karusell på Eikanger går laurdag 25. januar.

Vinterkarusell 2019-20, 5. løp.
Eikanger 4. januar 2020
Arr.: Eikanger IL

Enkelte snøbyer, snø og is i delar av løypa,  ÷ 1- +1° C. 

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Phillip Morken 7.15
2. Jo Harald Færø 7.16
3. Kristoffer N. Apelthun Færø 7.20
4. Johannes Hopland 7.27
5. Vebjørn Haugsdal 8.11
6. Bjørnar Eidsheim 8.16
7. Einar Færø 8.17
8. Grethe Jørgensen 8.17
9. Idar Odland 8.37
10. Sigurd Aakre            9.07

MIDT MELLOM BARNEVOGNER: Sgurd Aakre (nr. 13) kom sekund føre Amalie Kallestad (delvis skjult) i mål. Sølvi Iren Haukås )t.v.) og Karina H. Nytun (t.h.) med barnevogner.

11. Amalie Kallestad            9.08
12. Victoria Osen 9.27
13. Johan Austgulen 9.28
14. Marcus Helland Haukås 9.30
15. David Sherrock 9.43
16. Richard Sherrock 9.43
17. Olav Alme 9.44
18. Sivert Nytun Schulstad 9.51
19. Christer Morken 9.53
20. Erlend Titland            9.55

UNG TRIO: Victoria Osen fremst, følgd av Johan Austgulen og Marcus Helland Haukås.DEBUTANTAR I KARUSELLEN:  Richard (nr. 27) og David Sherrock.

21. Adrian Hansen Toft            10.04
22. Andreas Thuve Larsen 10.23
23. Eira Austgulen 10.44
24. Carl Ludvig Thuve Larsen 10.46
25. Gunnar A. Larssen 10.46
26. Terje Eidsnes 10.51
27. Harald Hansen 11.14
28. Kjell Namtveit 11.18
29. Ronja Holm-Livden 11.45
30. Jonathan Mosland 11.46
31. Cecilie Beate Mosland 11.47
32. Madelein Strand Andvik 12.08
33. Sverre Solberg 12.40
34. Magnus Strand Andvik 12.53
35. Liam Hansen Toft 13.27
36. Sandra Strand Andvik            16.23

GODT DRIV: Sivert Nytun Schulstad (nr. 25) følgd av Christer Morken (9) og Erlend Titland (12).Og litt lenger bak kjem Adrian Hansen Toft.

Utan tid:

Hallgeir Alme, Margrethe Alme, Renate Alme, Lillian  Andvik, Håkon Strand Andvik, Håvard Austgulen, Sara Copana, Jan Halvard Edvardsen, Steinar Eide, Wenche Kjørlaug Eide, Leiv Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Renate Eneroth, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård  Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Helga Marit Færø, Arvid Hauge, Gunnar Hauge, Stanley  Hauge, Inga Haugsdal, Kristin Andvik Haugsdal, Kay Eric Haukås, Steinar Haukås, Sølvi Iren Haukås, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Sebastian Helgesen, Steffen Helgesen, Elin Hindenes, Jan Bertel  Holm, Oline K. Hindenes Holmedal, Selma Hindenes Holmedal, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Isak Øvretveit Hosøy, Mali Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf  Høyland, Mathilde Eneroth Høyland, Odd Inge Høyland, Jan Kårbø, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Valborg Lien, Tone Helen Marthinussen, Tago Nytun Martins, Unni Midtgård, Elias Mosland, Ilian Myhr, Kathrine Namdal, Torben Namdal, Øyvind Namdal, Karina H. Nytun, Marit  Nytun, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Tony Thorsen, Grethe Titland, Monica Toft, Åge  Toft

Neste løp:

Laurdag 25. januar 2020 kl. 15.00.

DEBUTANT: Andreas Thuve Larsen.

LETT BLANDING: Carl Ludvig Thuve Larsen (nr. 18), Eira Austgulen (nr. 31), Terje Eidsnes (gul hue) og Håvard Austgulen (156).

SMILANDE: Terje Eidsns deltok for 277. gong.

Tekst og foto: Stanley Hauge


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline