Premieutdeling og karusellfinalen til hausten

Lagt ut av Stanley Hauge den 16. Mar 2020

Karusellfinalen med premieutdeling som skulle arrangerast laurdag 28. mars på Eikanger, vil ikkje verta halden før til hausten. Me kjem attende til dato, men det vert truleg tidleg i oktober. 

Oppdatert: 15. juli 2020.

Det er framleis ein del restriksjonar for korleis løp kan arrangerast. Kanskje kjem det endringar i reglane som gjer det enklare til hausten. Me skal i alle fall laga tl eit opplegg som gjer det greitt både for dei som deltek utan tidtaking og dei som vil springa på tid.

Me ynskjer alle karuselldeltakarar ein god sommar og tren godt! Premiane som skal delast ut har me klare.

Premieutdelinga
Me i friidrettsgruppa er klar med premieutdelinga til alle som skal ha medaljar og premiar for å ha delteke i mange løp.

I alt har 310 personar delteke i dei åtte første karuselløpa. 122 av dei har kvalifisert seg til medalje ved å ha delteke i tre eller fleire løp. 55 personar står med to startar. Dei kan greia bronsemedalje dersom me får arrangert det siste løpet og dei deltek der. 

Nedanfor finn du oversikt over alle som har delteke denne sesongen og kor mange løp dei har starta i. Sjekk kor mange startar du har og kva medalje du eventuelt skal ha.

Karusellstartar2019-20-et.8-lop.pdf

Medaljar vert delte ut slik:

7-9 startar: Gull

5-6 startar: Sølv

3-4 startar: Bronse 

Løpspremiar for mange startar skal desse ha/kan få:

250 startar
Alf Høyland 256
Arvid Hauge            252

150 startar
Grethe Titland            154

100 startar
Marith Haugen            100

Gunnar Larssen            99
(rundar 100 om han detek i siste løpet)

75 startar
Kay Eric Haukås 79
Merethe M. Odland            78

30 startar
Bente Merethe H. Færø 30
Bjørn A. Mo 34
Olav Alme 32
Kjell Namtveit 32
Bjarte Larssen 34
Adrian Hansen Toft 32
Monica Toft            32

Dersom dei deltek i det siste løpet:
Kristoffer N. Færø 29
Andre Midtgård Espevoll            29

Tekst og foto: Stanley Hauge


0 Kommentar

Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline