Færø-dominert Eikangerløp

Lagt ut av Stanley Hauge den 27. Sep 2020

STARTEN: Jo Harald Færø tok teten frå start, tett følgd av Kristoffer A. Færø, Bertine Helene Færø, Bjørnar Eidsheim og Einar Færø.

Bertine-Helene Færø sette ny løpsrekord med 18.05,1 på 5000m då ho vann Eikangerløpet søndag 27. september. Broren Jo Harald var raskast av alle og pappa Einar (64 år) imponerte med 18.42,1.

Bertine Helene sletta den gamle rekorden sin frå i fjor med 18 sekund. 17-talet nærmar seg. Det var åttande gongen ho var raskaste kvinne i Eikangerløpet. Første gong ho vann var som 11-åring i 2003 på tida 24.00,1. 

 NY REKORD: Bertine Helene Færø betra løpsrekorden sin frå i fjor med 18 sekund til 18.05,1.

I år som i fjor var det berre broren hennar, Jo Harald Færø, som var raskare enn Bertine-Helene ved løpet på Ostereidet. Han vann for tredje året på rad. Tida var i år 17.07,9, om lag 37 sekund betre enn i fjor. Totalt var det sjette sigeren hans i Eikangerløpet.

SJETTE GONG: Jo Harald Færø var raskast i Eikangerløpet for sjette gong. Her spurtar han i mål medan Bertine Helene tek fatt på siste runde

På andreplass i herreklassen kom ungguten Kristoffer Apelthun Færø (f. 2003) på ny personleg rekord 17.53,7. Dermed var han nesten to minuttar raskare enn for to år sidan. På tredjeplass kom Einar Færø (f. 1956) som stiller i klasse veteran 60-64 år. Tida hans er norsk bestenotering i denne klassen i år.

SOLID PERSONLEG REKORD: Snart 17-årige Kristoffer Apelthun Færø sette solid ny personleg rekord.

Eit imponerande løp gjorde Nikolai Færø som var med for sjuande gong. Med tida 21.14,2 betra han bestetida si frå i fjor med 30 sekund.

VERT STADIG BETRE: Grethe Jørgenen betra den personlege rekorden sin frå 2017 med nesten 25 sekund.

I kvinneklassen var Grethe Jørgensen den nest beste med tida 19.41.0. Ny personleg rekord og minuttet raskare enn ved løpet i fjor. 

SUPERVETERAN I FORM: Einar Færø stiller siste året i veteranklassen 60-64 år og kom i mål på norsk årsbeste for klassen.

17 løparar stilte til start i Eikangerløpet som i år  ar arrangert for 41. gong. Det var nokre fleire enn dei siste åra.  

SPREK VETERAN: Bjørnar Eidsheim i veteranklassen 50-54 år var nokre sekund etter tida si frå i fjor.  

Storset Opp vert ikkje arrangert i år. Men laurdag 24. oktober (OBS: Ny dato) er Eikanger IL klar med første løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Då vert det også premieutdeling for sesongen som måtte avbrytast då koronaen slo til i mars i år. 

Eikangerløpet 2020.
Ostereidet idrettsbane 27.9.2019 
Arr.: Eikanger IL
Lettskya, flott, vindstille, +17-18° C.                                

5000m menn 
1.             Jo Harald Færø (1983), Eikanger IL            17.07,9

2.             Kristoffer Apelthun Færø, AKS 77            17.53,7

3.            Einar Færø (1956), Eikanger IL            18.42,1

4.             Bjørnar Eidsheim (1968), Eikanger IL            19.05,8

5.            Ludvig Færø Linde (2010), Varegg            19.45,0

6.            Gunnar Eidsheim (1981)            20.31,0

7.            Nikolai Færø (1985), Eikanger IL            21.14,2

8.             Arvid Hauge (1960), Eikanger IL            21.53,1

9.            Erlend Danielsen (1992)            22.20,2

10.            Brynjar Nordanger (1963), Eikanger IL            23.17,9

11.            Jan Kårbø (1957), Eikanger IL            23.20,1

12.            Sverre Solberg (1952), AKS 77            29.10,6

                                                

5000m kvinner                                    
1. Bertine-Helene Færø (1992), Varegg 18.05,1
(Ny løpsrekord)

2.            Grethe Jørgensen (1975), AKS 77            19.41,0

3.             Amalie Kallestad (2006), AKS 77            22.48,2

4.            Live Færø Linde (2013), Varegg            25.37,0

Tekst og foto: Stanley Hauge


0 Kommentar

Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline