Karuselløp laurdag 24. oktober på Eikanger

Lagt ut av Stanley Hauge den 18. Okt 2020

Laurdag 24. oktober går første løp i vinterkarusellen 2020-21 på Eikanger. Då vert det også utdeling av premiar for sesongen 2019-2020. Løpet vert arrangert i tråd med gjeldande korona-reglar for idrett.

Løypa vert den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule.

Påmeldinga vert  frå ca. kl. 14.20. Starten for løpsklassen er kl. 15.00. Dei som skal ta turen utan tidtaking kan starta så snart dei har meldt seg på.

Korona
1-metersregelen skal følgjast ved heile arrangementet. Alle frammøtte må halda avstand på minimum ein meter både ved påmelding og premieutdeling, like eins halda god avstand ute i løypa.

Alle frammøtte, både deltakarar og andre, må registrera seg med mobiltelefonnr./e-post og kva kommune dei bur i. Deltakarane vert registrerte ved påmelding. Det vert lagt ut eiga liste for registrering av andre frammøtte.

Personar som er smitta av korona, er i karantene eller som har symptom på luftvegsinfeksjon, som for eksempel feber, sår hals, rennande nase, hoste eller nedsett allmenntilstand, skal ikkje delta i eller vera til stades ved karusellen.

Til handhygiene vert det plassert ut handdesinfeksjon på fleire stader ved skulen.

Startnummer vert berre brukt for klassen som skal spring på tid. For dei som deltek utan tidtaking tildeler me som arrangerer startnummer på påmeldingslista – så alle kjem med i trekninga om premiar trekt på startnummer.

Dersom det vert meir enn 25 deltakarar i løpsklassen, må me dela opp i fleire hit. 

Om springing i felt
Friidrettsforbundet har sett opp følgjande retningslinjer for å spring i felt:

«Opptreden i felt:
Alle deltakere skal opptre varsomt og forplikte å overholde smittevernreglene og holde minimum 1 meter avstand.

Man skal påse og etterstrebe følgende ved løping i felt:

• Hold minimum 1 meters avstand til andre deltakere før start og på startstreken.

• Velg en plassering på startstreken som tilsvarer ditt nivå. Er du blant de antatt beste stiller du fremst.

• Skal man passere annen deltaker, sørg for at det er god plass. Grensen på en meter gjelder også her.

• Unngå generelt unødvendig opphold. Ingen skal være på steder lenger enn nødvendig. Møt opp, løp, og dra hjem.»

Startkontingent

Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2005 og seinare)

Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.

Denne sesongen vert det haldne 6. evt. 7 løp: 24. oktober, 14. november, 9. januar 2021, 6. februar, 13. mars og evt. 17. april. 

Premieutdelinga for sesongen 2019-20
I alt 310 personar deltok i dei åtte første karuselløpa i sesongen som måtte avsluttyast før det siste løpet skulle gå i vår. 122 av dei har kvalifisert seg til medalje ved å ha delteke i tre eller fleire løp. 

Nedanfor finn du oversikt over alle som har delteke denne sesongen og kor mange løp dei har starta i. Sjekk kor mange startar du har og kva medalje du eventuelt skal ha.

Karusellstartar2019-20-et.8-lop.pdf

Medaljar vert delte ut slik:
7-8 startar: Gull
5-6 startar: Sølv
3-4 startar: Bronse 

Vinterkarusell 2019-20-medaljevinnarar.pdf

Løpspremiar for mange startar

250 startar
Alf Høyland 256
Arvid Hauge            252

150 startar
Grethe Titland            154

100 startar
Marith Haugen            100

Gunnar Larssen            99
(rundar 100 når han deltek i neste gong)

75 startar
Kay Eric Haukås 79
Merethe M. Odland            78

30 startar
Bente Merethe H. Færø 30
Bjørn A. Mo 34
Olav Alme 32
Kjell Namtveit 32
Bjarte Larssen 34
Adrian Hansen Toft 32
Monica Toft            32

Desse passer 30 dersom dei deltek i 24.10.:
Kristoffer N. Færø 29
Andre Midtgård Espevoll            29

Tekst og foto: Stanley Hauge


0 Kommentar

Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline