Johannes sin første siger, Bertine-Helene for 30. gong

Lagt ut av Stanley Hauge den 24. Okt 2020

DUELL: Johannes Hopland (nr. 12) i spurtoggjer med Jo Harald Færø.

Johannes Hopland var raskast av alle ved sesongopninga i vinterkarusellen på Eikanger laurdag 24. oktober. Bertine-Helene Færø var nok ein gong raskaste kvinne etter eit sterkt løp på 7.14.

 For 15-årige Johannes var det første gong han gjekk til topps i karusellen, medan Bertine Helene var raskast for 30. gong. Vinnartida til Hopland var 6.58 og han vann etter eit spurtoppgjer med Jo Harald Færø.

START FELT 1: Full fart ut frå start med deltakarane i det første hitet. 

Ei rekkje deltakarar leverte sterkt løp og fleire sette personlege bestenoteringar. 14-årige Idar Odland betra bestetida si med 19 sekund til 7.15. Sigurd Aakre som er 13 år sprang på 7.44 og var 12 sekund raskare enn i siste løpet i mars i år.

KAMP: Bertine-Helene Færø og Idar Odland i frist spurt rett før målstreken. 

Einar Færø som frå årsskiftet er i veteranklassen 65+ sprang fortare enn på mange sesongar, og imponerte med tida 7.36. Imponerte gjorde også Grethe Jørgensen (f. 1975) som med 7.48 betra bestetida si frå to år sidan med eitt sekund.

13-årige Alexandra Tunes Lund sprang med 7.51 for første gong under åtte minuttar. 

STARTFELT 2: Den yngre garde dominert i startfelt to. Og opninga var frisk.

Heile 113 deltakarar stilte til start i dette første løpet etter at koronaen stoppa karusellen før det siste løpet i førre sesong skulle haldast. Derfor vart det ved sesongstarten no premieutdeling for sesongen 2019-2020. 

SPREK VETERAN: Einar Færø imponert med 7.36 som er den beste tida ha har hatt på fleire sesongar.

Med nesten 50 løparar i klassen med tidtaking måtte det i samsvar med koronareglane i friidrett startast i to hit. Dei normalt raskaste starta i første hitet og resten av gjengen tre minuttar seinare. 

Påmeldinga gjekk litt tregare enn vanleg då alle som deltok måtte registrera mobilnummer og heimkommune. Også andre frammøtte enn deltakarane måtte registrera seg.

TETT KAMP: Kristoffer N. Apelthun Færø (nr. 13), med Bertine-Helne Færø og Idar Odland rett bak.

Løpsforholda laurdag var bra, litt kjølig, men skya opphald og nesten tørr veg.

Neste løp på Eikanger vert laurdag 14. november.

Vinterkarusell 2020-21, 1. løp.
Eikanger 24. oktober 2020
Arr.: Eikanger IL
Skya, opphald, berr veg,  +8-9° C. 

Vinterkar. 24.10.2020-resultatliste.pdf

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Johannes Hopland 6.58
2. Jo Harald Færø 7.00
3. Kristoffer N. Apelthun Færø 7.13
4. Bertine-Helene Færø 7.14
5. Idar Odland 7.14
6. Ketil Iden 7.22
7. Einar Færø 7.36
8. Sigurd Aakre 7.44
9. Grethe Jørgensen 7.48
10. Alexandra Tunes Lund            7.51


FINT DRIV: Sigurd Aakre i fint driv inn til ny personbeste på 7.44.

NY FRAMGANG: Grethe Jørgensen har tydelegvis trent godt i korona-sommaren. Ho betra bestetida si frå 2018.


NY PERSONBESTE: Alexandra Tunes Lund sprang under åtte minuttar for første gong på Eikanger.

11. Espen Aakre            7.55
12. Eivind Namdal-Steinhoff 8.36
13. Amalie Kallestad 8.42
14. Sjur Øren Heggernes 8.55
15. Nikolai Færø 8.59
16. Oliver Johannesen 9.04
17. Ragnhild Namtvedt 9.11
18. Svein Olav Heggernes 9.23
19. Alf Fjellstad 9.24
20. Helene Osen 9.28 

UNDER NI MINUTTAR: Sjur Øren Heggernes sprang på 8.55 og var først i mål i det andre hitet.

NY PERSONBESTE: Ragnhild Namtvedt var blant dei mange som sette ny personbeste i karusellen.PÅ OPPLØPET: Helene Osen og Sivert Feiling.

21. Jan Kårbø            9.33
22. Sivert Feiling 9.35
23. Terje Eidsnes 9.37
24. Adrian Hansen Toft 9.41
25. Elias Øvretveit 9.45
26. Solveig Haugland Hauge 9.45
26. Steinar Haukås 9.45
28. Are Flekke 9.52
29. Espen Lund 9.58
30. Bjørn Mo 10.05 

YNGSTEMANN FØRSTE: Elias Øvretveit (nr. 44) var først i mål av desse tre som alle fekk tida 9.45. Steinar Haukås og Solveig Haugland Hauge er dei to andre. Solveig betra bestetida si med over 50 sekund.

31. Ove Danielsen            10.06
32. Timo Valle 10.14
33. Carl Ludvig Thuve Larsen 10.21
34. Gustav Ansnes Færø 10.27
35. Maren Midtgård 10.38
36. Jahn Tommy Midtgård 10.39
37. Marion Thorsen 11.12
38. Tom Kristian Thorsen 11.13
39. Magnus Strand Andvik 11.46
40. Madelein Strand Andvik            11.52

 41. Andrew Wakefield            11.56
42. Sandra Strand Andvik 12.29
43. Sverre Solberg 12.45
44. Tanita Sperrevik 13.33
45. Olav Kåre Romarheim 14.20
46. Kristin Romarheim            14.21

FAMILIEDUELL: Maren Midtgård med pappa Jahn Tommy like bak.

Utan tid:

Olav Alme, Renate  Alme, Håkon Strand Andvik, Mariann Andvik, Sebastian Andvik, Tirill Andvik, Lene Reigstad Danielsen, Steinar Eide, Wenche Kjørlaug Eide, Anders Eidsnes, Leiv Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes, Hugo Eikanger, Renate Eneroth, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård  Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Helga Marit Færø, Helge Færø, Alexander Gausvik, Amalie Gausvik, Bjarne Gausvik, Jan Helge Gausvik, Kristina Erdal  Gausvik, Arvid Hauge, Gunnar Hauge, Stanley  Hauge, Inga Haugsdal, Konrad Haugsdal, Kristin Andvik Haugsdal, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Alis Hellevang, Arnfinn Hellevang, Dagfinn Hope, Gunnvor Hope, Katrine Hopland, Mathilde Eneroth Høyland, Odd Inge Høyland, Ada Elise Thuve Larsen, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Tone Helen Marthinussen, Jan Erik Odland, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Nikolai Rongved, Sebastian Rongved, Cato Sperrevik, Mateo Takle, Grethe Titland, Sofia H. Titland, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Åge  Toft, Aksel Vedå, Albert  Vedå, Anton Nikolai Vedå, Tone Marit Vedå, Torbjørn Vedå, Janina Øvretveit, Jonas Øvretveit 

I alt 113 deltakarar. 

Neste løp:

Laurdag 14. november 2020 

Tekst og foto: Stanley Hauge


0 Kommentar

Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline