Julekarusellen 12. desember avlyst på Eikanger

Lagt ut av Stanley Hauge den 5. Des 2020

Det vert ikkje julekarusell og nisseløp på Eikanger i år. Av omsyn til koronasituasjonen vert løpet 12. desember avlyst.


Me følgjer oppmodinga frå friidrettsforbundet om ikkje å ha tilskipingar som ikkje er nødvendige. Me håpar at talet på smittetilfelle går endå meir ned slik at me kan arrangera nyttårsløpet 9. januar 2021.

Me ynskjer karuselldeltakarar og andre trimmarar ei retteleg god jul. Kom dykk gjerne ut på trimturar, men hugs god avstand.

Helsing
Eikanger IL friidrettsgruppa


0 Kommentar

Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline