Nyttårskarusellen 9. januar vert avlyst – uvisst framover

Postet av Stanley Hauge den 4. Jan 2021

Det vert ikkje nyttårskarusell på Eikanger i år. Av omsyn til koronasituasjonen vert løpet 9. januar avlyst. Det er også uvisst når neste karusell vert.

Me følgjer oppmodinga frå friidrettsforbundet om ikkje å ha tilskipingar som ikkje er nødvendige. Me håpar at talet på smittetilfelle går endå meir ned slik at me kan arrangera karusellar seinare i vinter og til våren.

Me ynskjer karuselldeltakarar og andre trimmarar eit godt nytt år. Kom dykk gjerne ut på trimturar, men hugs god avstand.

Helsing
Eikanger IL friidrettsgruppa



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.