Enno uvisst når me kan arrangera karusell att

Postet av Stanley Hauge den 2. Feb 2021

Den er uvisst når me kan arrangera neste vinterkarusell. Ifølgje friidrettsforbundet er det for tida ikkje tillate å arrangera mosjonsløp for vaksne ove 20 år og ikkje konkurransar i det heile for born og ungdom.


Det planlagde karuselløpet vårt laurdag 6. februar må derfor gå ut.

Me følgjer oppmodinga frå friidrettsforbundet om ikkje å ha tilskipingar no. Me håpar at talet på smittetilfelle går endå meir ned slik at me kan arrangera karusellar seinare i vinter og til våren.

Me ynskjer karuselldeltakarar og andre trimmarar god trening og vel møtt att seinare i år.

Helsing
Eikanger IL friidrettsgruppa


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.