Vinterkarusellen - 3. løpet går laurdag 28. nov. kl. 15.00

Postet av Eikanger Idrettslag den 23. Nov 2015

Laurdag 28. november går det tredje løpet i Eikanger IL sin vinterkarusell 2015-16.

Karusellen har start og mål ved Eikanger skule. Løypa på ca. 2,2 km går rundt Eikangervågen – populært kalla «Brua rundt».

Ti løp
Eikanger IL har lagt opp til i alt ti karuselløp dernne sesongen. Løpsdatoane før nyttår er: 10. oktober, 7. november, 28. november og 19. desember.

Første løp etter nyttår vert laurdag 9. januar, deretter 30. januar, 20. februar, 12. mars, 2. april og 23. april.

Alle løpa går laurdags ettermiddag og starten er presis kl. 15.00. Påmelding frå ca. kl. 14.30. Dei som skal delta utan tidtaking, kan starta så snart dei er påmelde.

Startkontingent
Vaksne: kr 40,00 per løp.
Born til og med 15 år: kr 20,00 per løp.
Familie (foreldre/føresette og born t.o.m. 15 år): kr 70,00

Fin trim
Vinterkarusellen er slett ikkje berre for dei som vil springa fortast mogleg rundt Eikangervågen. Over halvparten av dei som deltek tek som regel turen som trim utan tidtaking. Deltakarane er i alle aldrar, frå dei knapt kan gå til godt opp i pensjonsalderen.

Premiering
Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får premie. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og 150 og 200 startar. Ved kvart løp vert også trekt ut premiar på startnummer til om lag ti prosent av deltakarane.

Oversikt over sesongen 2015-16 (pdf-fil)

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.