Færø-brør tok trippelsiger – Terje Eidsnes for 250. gong

Postet av Eikanger Idrettslag den 17. Des 2016

Færø-brørne Halfdan Emil, Jo Harald og Magnus Johan tok dei tre første plassane i vinterkarusellen på Eikanger laurdag. For Halfdan Emil var det andre sigeren på rad. Terje Eidsnes (biletet) deltok for 250. gong.

På tida 6.41 var Halfdan Emil klart først i mål, medan Jo Harald og Magnus Johan hadde tett kamp om andreplassen. Jo Harald spurta best og med 6.47 var han knapt sekundet føre Magnus Johan.

Nærast dei tre Færø-karane kom Martin Kvamme Kalnes på 7.03, seks sekund etter bestetida hans frå førre løp.

STARTEN: Martin Kvamme Kalnes (startnr 40) i teten ut frå start. Skjult bak han kjem Jo Harald Færø, så Halfdan Emil Færø (nr. 60), Magnus Johan Færø (nr. 65), Grethe Jørgsensen (nr. 7), Idar Odland (nr. 20) og Egil Opsahl (nr. 24).

Grethe Jørgensen var på ny raskaste kvinne. Denne gongen på 8.19, to sekund raskare enn for tre veker sidan. Evie Kalnes Dencker var nest raskaste i kvinne med 8,44, i det første karuselløpet hennar denne sesongen.

Under den heller sure regnbya som kom då løpet vart arrangert, var det fleire som likevel noterte seg for sesongbeste. Superveteranen Egil Opsahl (f. 1955) kutta nye seks sekund av bestetida si frå førre løp, og han var heile 22 sekund betre enn i sesongopning i oktober.

SUPERVETERAN: Egil Opsahl (f. 1955) sprang på 8.36 og sette ny personbeste i karuselløypa.


10-årige Idar Odland sprang med 9.28 fortare enn nokon gong før. Også fleire andre 10-13-åringar sprang på flotte tider. Her er det fleire løpartalent som det skal verta spennande å følgja i åra framover.

250 startar
4. desember 1982 var tiåringen Terje Eidsnes (f. 1972) med i vinterkarusellen for første gong. Ved førejulsløpet laurdag starta han for 250. gong. Sjølvsagt toppar han lista over dei som har vore med flest gonger. I alt har Eikanger IL skipa til 296 karuselløp sidan starten i 1979.

«KARUSELLKONGEN»: 34 år etter han debuterte i karusellen som tiåring, deltok Terje Eidsnes for 250. gong. Her vert han gratulert av nissekledde Grethe Titland (t.v.) og Torunn Hopland. Dei to fekk premien for best kledde nissar.


Nissar
Ein god gjeng deltakarar hadde teke utfordringa frå arrangøren og stilte med nissekostyme. Nisselue var på plass hjå ein god del, og nokre få hadde flott nissedrakt. Best kledde nissar var Torunn Hopland og Grethe Titland. Etter at dei hadde fått vinnarpremien, viste det seg at dei hadde med julegåve til arrangørane. Og dette var korkje korrupsjon eller avtalt spel for å få betre tider på resultatlista, for desse nissane høyrer til trimgjengen utan tidtaking.

Stina Nes Sjursen noterte 10.07 under dei sure forholda laurdag – litt bak sesongbeste på 9.40.

God deltaking

83 deltakarar stilte til start, fordelt med 41 i løpsklassen og 42 som trimma utan tidtaking. Neste løp på Eikanger er nyttårsløpet laurdag 7. januar.

Vinterkarusell 2016-17, 4. løp.
Eikanger 17. desember 2016
Arr.: Eikanger IL
Grått, regnbyer, mørkt, + 6-7° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Halfdan Emil Færø 6.41
2. Jo Harald Færø 6.47
3. Magnus Johan Færø 6.48
4. Martin K. Kalnes 7.03
5. Bjørnar Eidsheim 7.42
6. Helge Færø 7.47
7. Trond Austrheim 7.48
8. Vebjørn Haugsdal 7.49
9. Kristoffer Hopland 7.53
10. Grethe Jørgensen 8.19
11. Arild Tveranger 8.20
12. Hogne Haugsdal 8.27
13. Atle Austrheim 8.30
14. Egil Opsal 8.36
15. Anders Vik 8.43
16. Evie Kalnes Dencker 8.44
17. Johannes Hopland 8.49
18. Amalie Kallestad 9.07
19. Sigmund Nævdal 9.08
20. Idar Odland 9.28
21. Terje Eidsnes 9.35
22. Ida Herland Sæthre 10.04
23. Nils Rune Sæthre 10.04
24. Kjell Namtveit 10.06
25. Stina Nes Sjursen 10.07
26. Asbjørn Eidsheim 10.11
27. Andrew Wakefield 10.38
28. Valborg Nes 10.53
29. Sunniva R. Eidsnes 11.18
30. Anders Eidsnes 11.23
31. Sverre Solberg 11.29
32. Silje Nes Sjursen 12.25
33. Astrid Nes Sjursen 13.04
34. Malene Landro Sjursen 13.04
35. Mats Johan G. Oppedal 13.30
36. Bjarne Gausvik 13.30
37. Lars Eidsnes 13.34
38. Eline Nes Sjursen 13.39
39. Frode Sjursen 13.39
40. Håvard Andre G. Oppedal 15.14
41. Jan Helge Gausvik 15.14

Utan tid:

Mette Ansnes, Kåre Eide, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Ingfrid Eikanger, Rune Eikanger, Viljar Eikanger, Magnus Elvik, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Gustav Ansnes Færø, Harald Hansen, Arvid Hauge, Stanley Hauge, Brit Lillian Melseter Haukås, Steinar Haukås, Arnfinn Hellevang, Torunn Hopland, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Jan Kårbø, Carl Ludvig Thuve Larsen, Inge Leknes, Tone Marthinussen, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Sebastian Rongved, Lisbeth Sjursen, Kornelius Skår, Øyvind Skår, Sissel Skårnes, Cato Sperrevik, Tanita Sperrevik, Grethe Titland, Åge Toft

Neste løp:

Laurdag 7. januar 2017 kl. 15.00

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.