Rekordtid av Bertine-Helene Færø

Postet av Stanley Hauge den 12. Okt 2019

TANGERTE REKORD: Bertine-Helene Færø fekk god drahjelp av Bjarte Eikanger på oppløpssida og tangerte karusellrekorden til Sara-Rebekka.

Bertine-Helene Færø sprang på 7.10 i karusellopninga på Eikanger 12. oktober og tangerte dermed rekorden til søstera Sara-Rebekka Færø Linde. 

Bertine-Helene betra si eiga bestetid frå januar i år med sju sekund. Det skal verta spennande å sjå ein duell mellom dei to søstrene når Sara Rebekka er kvitt betennelseplagene sine og kan trena og springa for fullt att. 

STARTEN: 43 løparar stilte til start i klassen med tidtaking. Thomas Strømstad Løseth (nr. 14) tok teten i lag med Hopland-brørne Johannes (21) og Kristoffer (22). Jon Anders Haukøy (8) var også langt framme.

For Bertine Helene var det 28. gongen ho var raskaste kvinne i karusellen. Nest raskaste kvinne var Mette Ansnes med 8.02, ho sprang 24 sekund fortare enn den gamle bestetida si frå 2006. Grethe Jørgensen var tredje raskaste med 8.04 og sesongopna fem sekund betre enn i fjor.

VINNAREN:  Den 16-årige Gneist-guten Thomas Strømstad Løseth spurta frå Kristoffer Hopland og vann på 6.44. Men skal han slå bestetida til Kristoffer på 6.39 må han koma att fleire gonger.

Aller raskast i opningsløpet på Eikanger var Gneist-guten Thomas Strømstad Løseth på 6.44. Eit sterkt løp av 16-åringen som hadde hardast konkurranse av jamgamle Kristoffer Hopland. Med 7.01 var Kristoffer 22 sekund etter bestetida si frå 13. april i år, men han var nokre sekund raskare enn ved sesongopninga i fjor. 

STERK DEBUT: 15-årige Jon Anders Haukøy gjorde ein sterk debut og vart nummer tre på 7.08.

På tredjeplass kom 15-årige Jon Anders Haukøy som debuterte med tida 7.08. Han var sekundet føre veteranen Bjarte Eikanger. 

FLOTT DRIV: Idar Odland har eit flott driv i springinga si og sette ny personleg bestetid nok ein gong.

13-årige Idar Odland heldt fram den flotte utviklinga han viste i siste løpet i vårsesongen. Med 7.44 kutta han 17 sekund av besetida si frå 13. april og kom for første gong under åtte minuttar. Daniel Norheim sprang for første gong under ni minutt og fekk tida 8.54 – sterkt gjort av tiåringen. 

90 personar stilte til start på Eikanger laurdag. Deltakarane kunne gle seg over nye startnummer sponsa av Spar Mongstad og at det no er høve til å betala startkontingenten med vips. 

Forholda var fine med lettskya og sol, stille og ca. 10 plussgrader. Og tørr vegbane i store delar av løypa.

DUELL: Mette Andsnes (32) og Grethe Jørgensen hadde ein fin kamp om å verta nest raskaste kvinne. Dei kom i mål rett over åtte minuttar og kan satsa på sluttid på sju-talet i seinare løp.

Det neste løpet på Eikanger går laurdag 2. november. 

Vinterkarusell 2019-20, 1. løp.
Eikanger 12. oktober 2019
Arr.: Eikanger IL
Lettskya, solgløtt, stille,  + 10-11° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Thomas Strømstad Løseth 6.44
2. Kristoffer Hopland 7.01
3. Jon Anders Haukøy 7.08
4. Bjarte Eikanger 7.09
5. Bertine-Helene Færø 7.10
6. Knut Magne Hauge 7.24
7. Johannes Hopland 7.34
8. Idar Odland 7.44
9. Inge Haukøy 7.56
10. Mette Ansnes            8.02

11. Grethe Jørgensen            8.04
12. Eskil Sørli Verlo 8.36
13. Amalie Kallestad 8.47
14. Daniel Norheim 8.54
15. Adrian Hansen Toft 9.00
16. Marcus Helland Haukås 9.06
17. Brynjar Nordanger 9.10
18. Gaute Sørli Verlo 9.11
19. Arvid Hauge 9.12
20. Kirill Eikanger 9.20
21. Ida Herland Sæthre 9.28
22. Nils Rune Sæthre 9.32
23. Jan Kårbø 9.37
24. Gunnar Hauge 9.58
25. Marianne Haukøy 10.09
26. Terje Eidsnes 10.11
27. Martin Andreas Søraa 10.12
28. Merethe M. Odland 10.16
29. Kjell Namtveit 10.28
30. Trine Rønn-Aar 10.39
31. Jonathan Mosland 10.46
32. Cecilie Beate Mosland 10.46
33. Solveig Villanger Haugland 10.57
34. Gustav Ansnes Færø 11.04
35. Jo Harald Færø 11.05
36. Liam Hansen Toft 11.24
37. Valentina Dimitrova 11.43
38. Frida Eikanger 11.43
39. Sverre Solberg 11.54
40. Sondre Sørli Verlo 11.57
41. Anna Ansnes Færø 12.30
42. June V. Hanstveit Vedå 13.15
43. Aina Nepstad 13.38 

TRIMGJENG: Nokre av dei nesten 50 som deltok i trimklassen utan tidtaking. Familien Holmedal og rett bak dei Steinar Haukås (105) som deltok for 256. gong. 

Utan tid:
Emil Høyland Aldeholm, Steinar Eide, Wenche Kjørlaug Eide, Leiv Eidsnes, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård  Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Sofie Haugland Hauge, Stanley  Hauge, Kay Eric Haukås, Steinar Haukås, Sølvi Iren Haukås, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Sebastian Helgesen, Elin Hindenes, Amanda Bjørsvik Hodneland, Kenneth Holmedal, Oline K. Hindenes Holmedal, Selma Hindenes Holmedal, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Mathilde Eneroth Høyland, Odd Inge Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Bjørn Mo, Elias Mosland, Kathrine Namdal, Torben Namdal, Øyvind Namdal, Olai Nepstad, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Mina Elisabeth Søraa, Grethe Titland, Sofia H. Titland, Laila Toft, Monica Toft, Richard Toft, Åge  Toft

 Neste løp:

Laurdag 2. november kl. 15.00

ANDREPLASS: Kristoffer Hopland.

MED BARNEVOGN: Knut Magne Hauge imponerte på nytt med sterk tid i «barnevogn»-klassen.

NY PERSONLEG REKORD: Daniel Norheim sprang for første gong under ni minuttar.

NY PERSONLEG REKORD: Adrian Hansen Toft betra bestetida si med fem sekund til 9.00.

UNGGUT OG VETERANAR: Gaute Sørli Verlo (39) kjempa med veteranane Brynjar Nordanger (39) og Arvid Hauge. Ein annan veteran, Olai Nepstad heilt til høgre i biletet, følgjer spent med.

DEBUTANT: Marianne Haukøy debutert i karusellen på fin tid.

FLEST STARTAR: Terje Eidsnes i gnag med ny karusellsesong. Han toppar liste over flest løp og er no oppe i 273. startar.

KVA SER DEI? Jonathan og Cecilie Beate Mosland kikkar til sides. Har dei ein heiagjeng?

FIN SPURT: Liam Hansen Toft.

NYE STARTNUMMER: Veteranen Sverre Solberg var ein av dei som gledde seg over dei nye startnummer som Spar Mongstad har sponsa karusellen med. Framleis flott driv på Sverre om det ikkje går så fort som i glanstida hans.

UNG DEBUTANT: Konsentrert og i flott driv.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.