Flott opning av den nye kunstgrasbana

Postet av Stanley Hauge den 19. Sep 2022

Ordførar Sara Sekkingstad klipte snora godt assistert av Liam Hansen Toft (t.h.) og Alvin Wakefield (t.v.).


Ordførar i Alver, Sara Sekkingstad, klipte snora og stod for den offisielle opninga av den opprusta kunstgrasbana på Ostereidet. Det skjedde i strålande ver laurdag 17. september.


21 år etter at kunstgrasbana på Ostereidet i 2001 vart opna som den første slike bana i Hordaland, fekk den no som den siste bana i Alver fornya dekke. I tillegg er bana opprusta med nytt lysanlegg og det er sett opp nettinggjerde rundt bana på dei delane der det trengst.


For Eikanger IL, og ikkje minst fotballgruppa, var dette ein stor og etterlengta dag. Leiar i idrettslaget, Robert Lorang Hansen, takka kommunen og alle som har gjort sitt til at opprustinga no er gjennomført.

Den opprusta bana med nytt dekke, nytt lysanlegg og høgt nettinggjerde rundt.


Ordførar Sekkingstad meinte det var på høg tid at bana fekk fornya dekka, og ho håpar det vil stimulera aktiviteten. Ho har heller ikkje gløymt behovet og ønskjet om Osterhallen, men peika på at det vil verta avgjerande at kommunen får tilgjengeleg midlar til å gjennomføra dette dei næraste åra.


For fotballgruppa med leiar Helge Rasmusen i spissen er det ein stor inspirasjon å kunna ta i bruk det nye dekket. Rasmussen trekkjer også fram at Byggtorget har løyvd 80 000 kr til å få bygd spelarbuer ved bana.

Gina Blomberg helste frå fotballkretsen og Alver idrettsråd. Ho overrekte eit nett med fotballar som leiar i Eikanger IL, Robert Lorang Hansen (i midten) og leiar i fotballgruppa, Helge Rasmussen, tok i mot. I bakgrunnen til høgre Alte Vaage som var kommunen sin prosjektleiar.


Gina Blomberg, som representerte både fotballkretsen og Alver idrettsråd – der ho der leiar, ynskte lukke til med den nye bana. Frå fotballkretsen overrekte ho eit nett med fotballar.


Les meir om opninga i oppslaga på nettsidene til Nordhordland og Strilen.


Ny-kunstgrasbane-Nordhordland.pdf


Ny-kunstgrasbane-Strilen.pdf


Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.