15-årige Jonas ny karusellvinnar

Postet av Stanley Hauge den 11. Mar 2023

SNØRIK START: Jonas Iversen Lilleskare tok teten frå start, tett følgd av Magnus Johan Færø (nr. 14) og Idar Odland (nr. 4). Masse snø på den ubrøyta startlangsida.

Jonas Iversen Lilleskare i 15-årsklassen vart vinnar i karusellen på Eikanger laurdag 1. mars. Han sprang på 7.08 på skikkeleg vinterføre.

VINNAR: Jonas Iversen Lilleskare vart ein suveren vinnar på tida 7.08.

Bertine Helene Færø var raskaste kvinne på tida 9.07. Det var 40. gongen ho var raskaste kvinne i karusellen.

40. GONG: Bertine Helene Færø var raskaste kvinne i karusellen for 40. gong. Bjørnar Eidsheim kjem rett bak henne her.

Idar Odland var nest raskast av alle deltakarane. Han noterte 7.24. På tredjeplass kom Magnus Johan Færø på 7.55.

NEST RASKAST: Idar Odland var nest raskast laurdag med tida 7.24.

Det vart ein skikkeleg vinterkarusell denne gongen. Under løpet veksla det mellom snøbyer og solglimt. I løpet av morgontimane laurdag hadde det kome 12-15 cm lett nysnø, og meir kom det fram til løpsstart. I løypa var det snø og is enkelte stader frå skuleplassen og fram til brua over Eikangervågen. Derifrå og til mål var det litt slaps eller berr veg.

TREDJEPLASS: Magnus Johan Færø kom på tredjeplass med 7.55.

42 deltakarar stilte til start i dette nest siste løpet denne sesongen. Avsluttingsløpet går laurdag 1. april. Då vert det premieutdeling for sesongen med medaljar til alle som har delteke tre gonger eller meir.

Vinterkarusell 2022-23, 6. løp.
Eikanger 11. mars 2023
Arr.: Eikanger IL
Skya, snøbyer og solglimt, vinterføre – med snø i vegbana i ca. halve løypa,  ÷3° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Jonas Iversen Lilleskare    7.08

2. Idar Odland    7.24

3. Magnus Johan Færø    7.55

4. Anders Eidsnes    8.50

5. Bertine-Helene Færø    9.07

6. Bjørnar Eidsheim    9.11

7. Håvard Fyllingsnes    9.59

8. Gunnar Hauge    10.40

9. Terje Eidsnes    10.58

10. Jan Kårbø    11.09

11. Merethe M. Odland    11.11

12. Magnus Golten Fyllingsnes    11.58

13. Atle  Kolbeinsen    12.15

14. Håkon Rongved    13.14

Utan tid:
Leiv Eidsnes, Bente E. Fyllingsnes, Henrik Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Laurits Golten Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Samuel Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Stanley  Hauge, Kay Eric Haukås, Torunn Hopland, Isak Øvretveit Hosøy, Mali Øvretveit Hosøy, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Anne Marie Molvik, Anne Lise Nordpoll, Even Nordpoll, Svein Nordpoll, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Sverre Solberg, Tanita Sperrevik, Åge  Toft, Johan Vågenes, Helge Øvretveit, Irene Øvretveit

I alt 42 deltakarar.

Neste løp:
Laurdag 1. april 2023. 

Tekst og foto: Stanley Hauge



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.