Skulestemner i flott sommarvêr – sjå resultatlister

Postet av Stanley Hauge den 10. Jun 2023

PREMIEURTDELING: 170 elevar frå barneskulane samla til premieutdeling. (Foto: Karstein Storsæter.)

Ostereidet ungdomsskule arrangerte 1. og 2. juni dei årlege skulestemnene. I flott sommarvêr vart det to fine dagar for i alt nesten 250 deltakarar. Ei rekkje gode resultat vart oppnådde.

(Foto: Karstein Storsæter.)

Stemnet 1. juni var for barneskulane i området. Elevar frå Leiknes, Eikanger, Kløvheim og Ostereidet barneskular deltok. I alt ca. 170 elevar i 5. til 7. klasse. Øvingane var 60m, 800m (ungdomsskulen), lengde, kule, stafett og natursti.

Det var ungdomsskulen med lærarar og elevar som arrangerte stemnet.

STAFETT: Klar til start. (Foto: Karstein Storsæter.)

Som avslutning var alle dei 170 elevane samla i amfiet ved ungdomsskulen der premieutdelinga fann stad.

STAFETTVEKSLING: God strekk etter stafettpinnen. (Foto: Karstein Storsæter.)

Ungdomsskulen
Fredag 2. juni var det ungdomsskuleelevar sin tur til å konkurrera i dei same øvingane. 

SPRINTJENTER: Første hit i jenter 8. klasse. (Foto: Stanley Hauge.)

I 8. klassen for gutar sikra Sondre Lund seg tte sigrar, på 800m, i lengde og kulestøyt og han tok andreplass på 60m. På kortsprinten var Jens Myklebust raskaste åttandeklassing på 8.3. Sondre hadde dagens lengste lengdehopp med 4,57.

Raskast av alle på 60m  var Johannes Stusdal i niandeklasse med 8,0.

I 10. klasse for jenter tok Tina H. Torsvik tre sigrar, på 60m, 800m og lengde. På 60m hadde ho med 8,7 raskast tid av alle jentene. Lilly H. Torsvik i 8. klasse sprang 60m på 8,9 og ho vann også lengde med 3,79.

SPRINTGUTAR: 8. klasse gutar. (Foto: Stanley Hauge.)

Premiane til stemnet var det Eikanger IL som stod for.

Dessverre er det svært laust på løpebana på Ostereidet for tida. Årsaka er at det i fjor vart lagt på eit nytt topplag som ikkje er raudstubb. Her håpar både skulane og idrettslaget at kommunen rettar opp denne feilen og får på plass att raudstubb slik det har vore sidan bana vart opna i 1975.

EIL-ungdomsskulestemne 2.6.2023.pdf

EIL-barneskulestemne 1.6.2023.pdf

Tekst: Stanley Hauge



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.