Svein Roar Kvamme vann Eikangerløpet

Postet av Stanley Hauge den 1. Okt 2023

VINNAR: Svein Roar Kvamme jublar då han går i mål som vinnar.

Svein Roar Kvamme vann Eikangerløpet søndag 1. oktober på 16.42,0. Han vann etter duell med Jo-Harald Færø som fekk tida 16.48,9. Bertine-Helene Færø var raskaste kvinne med 19.27,4. 

Eikangerløpet, som er  5000m på bane, avsluttar banesesongen på Ostereidet.

LIKE ETTER START: Jo-Harald Færø i teten, tett følgd av Svein Roar Kvamme, Nellie Cecilie Taule (rett bak Svein Roar), Grethe Jørgensen og Bjørnar Eidsheim.

Jo-Harald Færø tok teten ut frå start, men Svein Roar Kvamme gjekk kort tid etter opp i teten og heldt leiinga til må. Jo-Harald vart først lenger og lenger etter, men avslutta sterkt og tok innpå dei siste 4-5 rundane. 

Svein Roar Kvamme, som no stiller for Eikanger IL, deltok for tredje gong. Besttida hans der 15. 39,5 frå 2014 då han vart nummer to bak ein annan Færø – Halfdan-Emil som den gong vann på 15.28,8.

Tredje raskast i løpet i år var Bjørnar Eidsheim med tida 19.22,2. Deretter kom superveteranen Einar Færø på 19.28,6.

FLEIRE I FELTET: Bjørnar Eidsheim fremst, så Anders Eidsnes, Einar Færø, Bertine-Helene Færø og Are Flekke.

Bertine-Helene Færø var raskaste kvinne for niande gong. Første gong ho var raskast var i 2003 som elleveåring. Grethe Jørgensen, som har tre sigrar på Ostereidet, vart nummer tre i år. 15-årige Nellie Cecilie Taule debuterte og imponerte på andreplass med 20.15,2.

19 personar stilte til start i årets løp, seks fleire enn i fjor og det største feltet sidan 2018. 

Løpsforholda i år var tyngre enn før. Det skuldast mest at toppgrusen som vart lagt på i fjor ikkje er raudstubb, men ein lausare grus som ikkje er så veleigna. Eikanger IL og løpsdeltakarane vonar kommunen får ordna opp i dette til neste sesong. Elles var det opphald, vindstille og fin temperatur for å springa langt.

Premiar for mange startar
Tre deltakarar fekk i år pokal for å ha delteke for tiande gong. Det var Grethe Jørgensen, Nikolai Færø og Anders Eidsnes.

POKAL FOR TI STARTAR I LØPET: Grethe Jørgensen, Anders Eidsnes og Nikolai Færø (t.h.)

Flest startar har Arvid Hauge med 44, Inge Nævdal med 36, Sverre Solberg 31, Bjørnar Eidsheim 30, Gunnar Hauge 26 og Helge Færø 22. Av kvinnene har Bertine-Helene Færø flest med 12.

Vinterkarusellen neste
Laurdag 14. oktober er Eikanger IL klar med første løpet i vinterkarusellen på Eikanger.  Deretter vert det løp 11. november og 9. desember.

 STORT FELT: 19 personar stilte til start i årets Eikangerløp, fleire enn på mange år.

Eikangerløpet 2023.
Ostereidet idrettsbane 1.10.2023
Arr.: Eikanger IL
Opphald, vindstille, +11-12° C. 

5000m menn 

1.    Svein Roar Kvamme    1990    Eikanger IL    16.42,0
2.    Jo-Harald Færø    1983    Eikanger IL    16.48,9
3.    Bjørnar Eidsheim    1968    Eikanger IL    19.22,2
4.    Einar Færø    1956    Eikanger IL    19.28,6
5.    Ruben Hosøy    1988    Eikanger IL    19.56,6
6.    Helge Færø    1960        21.12,1
7.    Anders Eidsnes    1973    Eikanger IL    21.48,2
8.    Nikolai Færø    1985    Eikanger IL    23.00,9
9.    Are Flekke    1996    Norna-Salhus    23.04,3
10.    Erlend Brattholmen    1988    Eikanger IL    23.21.4
11.    Ørjan Taule    1979        25.15,7
12.    Inge Nævdal    1954    Eikanger IL    25.23,0
13.    Jan Kårbø    1957    Eikanger IL    25.26,0
14.    Arvid Hauge    1960    Eikanger IL    25.48,8
15.    Thomas Namdal    1978    Eikanger IL    29.32,8
16.    Sverre Solberg    1952    Aks 77    32.39,9

5000m kvinner               
1.    Bertine-Helene Færø    1992    Varegg    19.27,4
2.    Nellie Cecilie Taule    2008    Aks 77    20.15,2
3.    Grethe Jørgensen     1975    Aks 77    20.55,7

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.