Vinterkarusell laurdag 11. november på Eikanger

Postet av Stanley Hauge den 2. Nov 2023

Laurdag 11. november går andre løp i vinterkarusellen 2023-24 på Eikanger. Det vert lagt opp til tre løp før jul og fire etter nyttår. 

Løypa er den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule.

Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00 for løpsklassen. Påmeldinga startar ein god halv time tidlegare, frå kl 14.20. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.

Denne sesongen vert det halde 7 løp: 14. oktober, 11. november, 9. desember, 6. januar 2022, 3. februar, 9. mars og 6. april. 

Vinterkarusellhefte2023-24-plakat-nett.pdf

Startkontingent
Born til og med 15 år           kr 25,-
Vaksne                                kr 50,-
Familie                                kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2008 og seinare)

Premiering 
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.

Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.

 Medaljar vert delte ut slik:

6-7 startar: Gull
4-5 startar: Sølv
3 startar: Bronse

 Premiar for mange løp

Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100  startar, 150 startar, 200 startar og 250 startar.

Flest startar
Vinterkarusellen går no inn i sesong 45 sidan starten i 1979. I alt er det arrangert 344 løp med 21 611 startar.

Terje Eidsnes med 291 startar er den som har delteke flest gonger. Han er tett følgd av Sverre Solberg med 290. Deretter kjem Steinar Haukås med 275, Alf Høyland med 267, Arvid Hauge 265 og Leiv Eidsnes 254.

Av kvinnene er det Venke Toft Fyllingsnes med 171 startar og Grethe Titland med 165 som har delteke flittigast.

Løyperekordar
Svein Roar Kvamme har løyperekorden med 5.58 frå 21. oktober 2017. Halfdan Emil Færø har notert 6.04 (2013) og Kjetil Hodnekvam 6.10 (2001). Eli Anne Dvergsdal har rekorden for kvinner med 6.55 (2019), følgd av Bertine-Helen Færø 7.04 (2019) og Sara-Rebekka Færø Linde 7.06 (2019).

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.