Ope basseng, til og med veke 50 og frå veke 1 og utover.

Postet av Eikanger Idrettslag den 28. Nov 2023

Kvar tysdag, onsdag og laurdag held Eikanger IL ope basseng med badevakt. Me kan melde om 28-29 grader i vatnet og flinke badevaktar på land. 

I ein kald vinterkveld kan det vere godt for både kropp og sjel å kome inn i varmen og bevege seg i vatn. 

Tysdagar og laurdagar er det familiebading. Born under 12 år må ha følge med vaksen, men dei vaksne treng ikkje vere uti. Onsdagar er det dame- og herresymjing. Gratis for medlemmar kvar onsdag (medlemskap kostar berre 100kr pr familie og du kan melde deg inn via heimesida, https://eil.idrettenonline.no/register/apply/application ).


Velkommen til Ostereidet basseng. 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.