Flott markering av pengegåve frå Equinor

Postet av Eikanger Idrettslag den 7. Des 2023

Torsdag 7. desember kl.16.30 var det mange samla på Ostereidet Kunstgrasbane for å feire den store pengestøtta frå Equinor. Equinor gir 100.000kr i pengestøtte til Eikanger IL sitt Fotballakademi. 

Leiaren i Eikanger IL, fotball, Helge Rasmussen tok imot gåvesjekken frå Benedikte Fanebust Søreide frå Equinor. Eikanger IL er særs glade for pengestøtta og skal no starte planlegging av nytt Akademi og vidareutvikle spelarar som brenn for vidare utvikling som fotballspelar. 



Kvaliteten på klubben veks, spesielt etter det nye, flotte anlegget som vart opna hausten 2022. Klubben vert stadig større og har no fleire fotball-lag enn på lenge. Med pengestøtte frå Equinor og gode sponsorar, kan Eikanger IL fortsette å vidareutvikle klubben i rett retning og ikkje minst utvikle gode fotballspelarar.


Fotballspelar Nathaniel på G14 er særs fornøgd med den store pengegåva. 

Eikanger IL takkar for at så mange ville kome og støtte opp om denne markeringa.

 

Det var god stemning med fyr i bålpanna, musikk, gløgg, pepperkaker, klementiner, kaker og kaffi. 


Alle frammøtte fekk kvar sitt lodd og førstepremien gjekk til Linnea Vatshelle Thorsen som vann flott fruktkorg frå Rema1000 Ostereidet. 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.