Eikangerløpet 1. oktober på Ostereidet

Postet av Stanley Hauge den 13. Sep 2023

Eikangerløpet, 5000m på bane, vert arrangert på Ostereidet søndag 1. oktober kl. 15.00. Løpet vert i år arrangert for 44. gong.

Påmelding kan skje frå kl. 14.15 løpsdagen eller ved å senda e-post til stanhau@online.no innan laurdag 30. september kl. 12.00. Startkontingent kr 100,00 per deltakar. Kan betalast kontant eller med vips til: #577536

Litt om løpet
Dette løpet passar ikkje berre for aktive friidrettsutøvarar, men høver også godt for trimmarar og mosjonistar som vil testa seg på rundløpsbana. 

Deltakartalet i løpet har svinga ein del, frå nær 40 til om lag 10. I fjor var det 13 deltakarar.

Halfdan Emil Færø har løpsrekorden med 15.23,0 frå 2015. I dameklassen er det Karoline Holsen Kyte som har rekorden med 17.21,8 frå 2021. 

Arvid Hauge har vore med 42 gonger og Inge Nævdal 35 gonger. Elles har Sverre Solberg 30 og Bjørnar Eidsheim 29 startar, Gunnar Hauge 25 og Sigmund Nævdal 20. 

Premiering
I tillegg til premiering av dei beste i dame- og herreklassen, er det premie for 1. gongs deltaking, og når ein har delteke 3 gonger, 5 gonger, 10 gonger, 20 gonger og 25 gonger.

Vel 17 rundar
På den 293,3 m lange bana på Ostereidet må ein springa 17 rundar pluss 13,9 meter.

Det er fint om du som skal delta får med deg ein som kan hjelpa til med rundeteljinga som skjer ved registrering på eige ark som arrangøren ordnar med.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.