Veteransigrar i førjulskarusellen

Postet av Stanley Hauge den 10. Des 2023

STARTEN: Sjur Øren Heggernes tok teten frå start, tett følgd av Anders Eidsnes og Helge Færø.

Veteranen Anders Eidsnes var raskast i førjulskarusellen på Eikanger laurdag 9. desember. Raskaste dame var Randi Kjøsnes som også er veteran.

TREDJE GONG: Anders Eidsnes til topps i karusellen for tredje gong.

Strilen no - Nissefaktor på førjulskarusellen 

Eidsnes (klasse MV 50.54) gjekk til topps i karusellen for tredje gong. Vinnartida hans var 8.28. Han har frå før ein siger i sesongen 2015-16 og ein i 2016-17.

DEBUTERTE MED SIGER: Randi Kjøsnes deltok for første gong og vart raskaste dame.

Randi Kjøsnes (klasse KV 55-59) debuterte i karusellen med å vera raskaste dame. Ho fekk tida 8.41, nest raskast av alle som deltok. Ho er lærar og busett i Masfjorden.

Ein annan veteran, Helge Færø (MV60-64) kom på tredjeplass. Deretter følgde dei to 13-åringane Sjur Øren Heggernes og Emin Tangerås.

FJERDEPLASS: 13-årige Sjur Øren Heggernes kom på fjerdeplass med 9.38.

Knapt 50 deltakarar stilt til start laurdag, og det var eit par færre enn i tilsvarande løp i fjor. 

STILIGE NISSAR: Desse stilige nissane frå Fyllingsnes skapte stemning.

Fleire deltakarar stilte med nisseluer i løpet, men dei flottast kledde nissane var som vanleg Grethe Titland og Torunn Hopland.

Det var litt vinterlege forhold ved dette løpet, men bortsett frå første sving ut frå start og ned første bakken var forholda greie. 

6. januar er vert det nyttårsløp på Eikanger, så det er berre å halda treninga ved like framover.

Vinterkarusell 2023-24, 3. løp.
Eikanger 9. desember 2023
Arr.: Eikanger IL
Nesten klårt, opphald, litt vind, for det meste berr veg, men litt is og snø enkelte stader,  +2-3° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Anders Eidsnes    8.28
2. Randi Kjøsnes    8.41
3. Helge Færø    9.05
4. Sjur Øren Heggernes    9.38
5. Emin Tangerås    9.55
6. Terje Eidsnes    10.23
7. Inge Nævdal    10.30
8. Jan Kårbø    10.37
9. Steinar Haukås    11.34
10. Atle  Kolbeinsen    11.45
11. Svein Elvik    11.58
12. Kjell Namtveit    12.10
13. Ingrid Tangerås    13.26
14. Iris Tangerås    13.26SJEKKAR TIDA: Jan Kårbø, flittig karuselldeltakar, sjekkar tida.

Utan tid:
Jan Halvard Edvardsen, Leiv Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Gunnar Hauge, Stanley  Hauge, Torunn Hopland, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Anne Marie Molvik, Anne Lise Nordpoll, Astrid Nordpoll, Even Nordpoll, Stian Nordpoll, Svein Nordpoll, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Jostein Rød, Kian Rød, Sverre Solberg, Audun Stusdal, Eira Stusdal, Eivind Stusdal, Grethe Titland, Sofia H. Titland, Åge  Toft, Liv Reidun Sletten Vabø

I alt 47 deltakarar.

Neste løp:
Laurdag 6. januar 2024. 

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.