Phillip Morken suveren i karusellopninga

Postet av Stanley Hauge den 18. Okt 2025

STARTEN: Phillip Morken tok teten direkte frå start.

Phillip Morken var suveren i opninga av vinterkarusellen for sesongen 2025-26 på Eikanger laurdag. Med vinnartida 6.17 betra han bestetida si frå 2022 med ti sekund. 

Morken har no niande beste tida av alle som har delteke i karusellen. Men han er 19 sekund etter rekordtida til Svein Roar Kvamme frå 2017, så den unge løparen har framleis noko å strekkja seg etter. Det var femte gongen han gjekk til topps i karusellen. Laurdag gjekk han ut i stort tempo og sikra seg fort ei stor luke til resten av feltet, og så auka han berre inn til mål.SUVEREN: Med ny personleg bestetid på 6.17 var Morken suveren vinnar.

Bertine-Helene Færø var raskast av kvinnene med tida 7.29, som er 15 sekund betre enn ho hadde førre sesong. Ho var raskaste kvinne for 44. gong, og ho tangerte dermed Grethe Jørgensen som også står med 44 sigrar. Jørgensen vart forresten nummer to av kvinnene med 8.11. Eit nytt sterkt løp av veteranen.STERK SESONGOPNING: Bertine-Helene Færø var raskaste kvinne for 44. gong på Eikanger.

MESTVINNANDE: Grethe Jørgensen stod med 44 sirsar for kvinner på Eikanger. No står ho og Bertine-Helene Færø likt.

Liam Eidsnes Phillips var nest raskast i løpet laurdag med tida 7.13, som var same tida han hadde i sesongopninga i fjor og berre sju sekund etter betetida si. Øyvind Kleivdal var tredje raskast i klassen for menn med 7.41. 

NEST RASKAST: Liam Eidsnes Phillips var nest raskast i karusellopninga.

Fleire løparar noterte betre tider enn førre sesong, mellom andre Kasper Valestrand med 7.54 – heile 41 sekund betre enn før. Fleire yngre løparar i 10-årsalderen viste også stor framgang.

SOLID LØP: Øyvind Kleivdal  i mål på tida 7.41.

I alt 90 startande deltok i det førte løpet for sesong. Av dei sprang 35 på tid, fleire enn på lenge.

RASK TIÅRING: Aksel Vedå spurtar inn til mål. Tida? Fine 9.46.

Det var greie forhold der det veksla litt med småregn og sol, menn berre kring fem plussgrader. 

Neste løp på Eikanger går laurdag 15. november og frt iste løpet før jul vert 13. desember. 

Vinterkarusell 2025-26, 1. løp.
Eikanger 18. oktober 2025
Arr.: Eikanger IL
Opphald, regnbye, solgløtt, berr veg,  +5-6° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Phillip Morken    6.17
2. Liam Eidsnes Phillips    7.13
3. Bertine-Helene Færø    7.29
4. Øyvind Kleivdal    7.41
5. Jan Chr. Nævdal    7.44
6. Aleksander Vågsholm    7.49
7. Kasper Valestrand     7.54
8. Grethe Jørgensen    8.11
9. Ørjan  Hansen    8.20
10. Oliver Molland    8.45

11. Steinar Molland    8.46
12. Bjørnar Eidsheim    8.52
13. Ludvig Bjørsvik    9.10
14. Matteo Hansen    9.16
15. Olav Stordal Phillips    9.31
16. Nikolai Færø    9.39
17. Aksel Vedå    9.46
18. Gunnar Hauge    10.00
19. Sigmund Nævdal    10.16
20. Renate Eneroth    10.22

Arvid Hauge     10.27
Isak Øvretveit Hosøy    10.37
Mathilde Eneroth Høyland    10.44
Odd Inge Høyland    10.45
Jan Kårbø    10.58
Theodor Bjørsvik    11.07
Sveinung Bjørsvik    11.09
Lucian Hindenes    11.10
David  Andvik    11.15
Anny Sofie Kleivdal    11.53

Christer Aase Nævdal    12.27
Fredrik Aase Nævdal    16.06
Bjørn Harald Nævdal    16.07
Sofie Haugland Hauge    17.40
Knut Magne Hauge    17.42

Utan tid:
Ann Kitty Bertheussen,  Kristian Bjørge,  Britt Reigstad Clausen,  Marte Reigstad Clausen,  Åge  Clausen,  Ingeborg Reigstad Danielsen,  Lene Reigstad Danielsen,  Anders Eidsnes,  Hanne R. Eidsnes,  Leiv Eidsnes,  Andre Midtgård Espevoll,  Bente E. Fyllingsnes,  Bjørn Jostein Fyllingsnes,  Jan S. Fyllingsnes,  Oddvar Fyllingsnes,  Venke Fyllingsnes,  Helga Marit Færø,  Isabell Hansen,  Stanley  Hauge,  Alis Hellevang,  Arnfinn Hellevang,  Torunn Hopland,  Mali Øvretveit Hosøy,  Alf  Høyland,  Margrethe Høyland,  Maria Kleivdal,  Ole Kleivdal,  Bjarte Larssen,  Gunnar A. Larssen,  Inge Leknes,  Oddbjørn Løyning,  Sandra Løyning,  Ove Normann Morken,  Astrid Nordpoll,  Even Nordpoll,  Stian Nordpoll,  Gerd Nævdal,  Marius Aase Nævdal,  Cathrina Eidsnes Phillips,  Merete Eidsnes Phillips,  Kjersti Skogseid,  Sverre Solberg,  Cato Sperrevik,  Audun Stusdal,  Eivind Stusdal,  Håvard Stusdal,  Tony Thorsen,  Grethe Titland,  Åge  Toft,  Liv Reidun Sletten Vabø,  Lavrans Vedå,  Torbjørn Vedå,  Noah Vik,  Helge Øvretveit,  Irene Øvretveit

I alt 90 deltakarar.

Neste løp:
Laurdag 15. november 2025. 

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

— Guest