Skade og forsikring

Fysisk aktivitet førebyggjer skadar og gjer oss sterkare til å tåla fysiske påkjenningar. Me vert endå motigare. Men av og til førekjem skadar under vegs. Her følgjer rutina for kva trenarar/lagleiarar skal gjera i slike tilfelle.

Når skade oppstår skal du først og fremst ta deg av den skadde. På alle treningar, utan unntak, skal det vera førstehjelpsutstyr. Ring 1 1 3 først som sist! Ikkje nøl med det. Leiar for gruppa di (fotball, friidrett, ski, trim, idrettsskulen) skal informerast straks. Dette er eit trenar-/lagleiaransvar.

Ved skade skal du gjera følgjande:

Skrubbsår og andre enkle ting skal ikkje rapporterast. Muskulære ting, pustevanskar, besvimelse og brot skal rapporterast skriftleg frå gruppene inn til xxx@eikangeril.no eller på telefon til leiar/nestleiar i laget snarast.

Til og med året barnet fyller 12 år er det Gjensidige barneidrettsforsikring som behandlar eventuell forsikringssak.

Alle må kjenna forsikringa si – les om forsikringane


Kontaktpersonar

leiar-eikangerIL - mobil: 955 22 070

leiar-fotball-eikangerIL - mobil 476 31 901

leiar-friidrett-eikangerIL - mobil 917 50 230

leiar-trim-eikanger IL - mobil 954 40 177

leiar-idrtttsskulen-eikangar IL - mobil 908 55 991

leiar-ski-eikangerIL - mobil 991 67 795