Medlemskap og innmelding
Så enkelt er det å melda seg inn i Eikanger IL:
Gå inn på "Bli medlem" på linjen over :-)
Lurer du på noko om medlemskap, send ein e-post til medlem.eikangeril@gmail.com
eller: Møt opp på trening saman med kameratar, og snakk med trenaren.
Du er alltid velkommen i Eikanger IL
Medlemskontingent
Krav om medlemskontingent vil koma som ei elektronisk løysing gjennom minidrett.no. Dersom du ikkje ønskjer elektronisk faktura på medlemskontingenten, ta kontakt med idrettslaget (medlem.eikangeril@gmail.com) så får du faktura med kid-nummer.
Satsar for medlemskontingent
For 2015 er medlemskontingenten i Eikanger IL:
- Born t.o.m. det året dei fyller 18 år betalar kr. 250,- pr. kalenderår.
- Aktive vaksne f.o.m. det året dei fyller 19 år betalar kr 400,- pr. kalenderår.
- Familiekontingent 800,- pr. kalenderår (born kan vera del av familiekontingent t.o.m. det året dei fyller 18)
Passive medlemmer er ein fin måte å støtta eit positivt arbeid blant born og unge i bygda er å teikna seg som passivt medlem i laget. Mange besteforeldre støttar fritidstilbodet til barneborna på denne måten. Passivt medlemskap kostar 250,- kroner pr. år.
Det er årsmøtet som fastset Eikanger idrettslag sin kontingent. Fotballgruppa krev i tillegg inn treningsavgift/gruppekontingent.
Unngå purringar
Etter betalingsfrist for 2. gongs purring risikerer du å verta utestengt frå aktiviteten du er med på. Det er ein stor jobb å halda medlemsregisteret oppdatert, og feil kan skje. Skulle du få feil krav, ver snill og meld kjapt tilbake.
Utmelding
Medlemmane (eller dei føresette) må gje melding via brev eller e-post dersom dei ikkje lenger deltek på aktivitetar i Eikanger IL og såleis ikkje ynskjer å stå som medlem. Formelt er du medlem til idrettslaget har motteke utmelding.
Kontaktpersonar
Leiar: Robert Lorang Hansen
Kasserar for Eikanger IL: Janina Kjeilen
E-post: leiar.eikangeril@gmail.com
Medlemskap: medlem.eikangeril@gmail.com