Sesongstart for vinterkarusellen laurdag 12. oktober

Postet av Stanley Hauge den 6. Okt 2019

GJENG I FINT DRIV: Amalie Kallestad avslutta karuellsesongen 2018-19 med ny personleg rekord på 8.37. Like bak kjem Ludvig Færø Linde og Mette Ansnes.

Eikanger IL sin vinterkarusell på Eikanger startar med første løpet laurdag 12. oktober.

I karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt», vert det fire løp før jul og fem etter nyttår. 

Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.

 Løpsdatoane for løpa før nyttår er: 12. oktober, 2. november, 23. november og 14. desember.

Første løp etter nyttår vert laurdag 4. januar, deretter vert det løp 25. januar, 15. februar, 7. mars, og 28. mars.

Vinterkarusellhefte2019-20-nett.pdf

Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt  Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar.

Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2004 og seinare)

Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover.  

40-årsjubileum
Det første vinterkaruselløpet vart skipa til på Kløvheim 22. desember 1979. 40-årsjubileet vil verta markert ved løpet 14. desember i år.

START: Strten i første løpet sesongen 2018-2019. Bertine-Helene Færø (nr. 42) la seg frmest i feltet ut frå start saman med brørne Magnus-Johan (41) og Jo-Harald (40).

Flest løp
321 løp med i alt 19 701 startande er avvikla sidan første løpet i 1979.

Før komande sesong står Terje Eidsnes med 272 startar og Sverre Solberg med 268. Over 200 startar har også: Steinar Haukås 255, Alf Høyland 248, Arvid Hauge 245, Leiv Eidsnes 233, Sigmund Nævdal 222, Jan Kårbø 201 og Anders Eidsnes 200. 

To personar, Arvid Hauge og Steinar Haukås, har vore med i eitt eller fleire løp kvar einaste sesong sidan starten. 

Av kvinnene er det Venke Toft Fyllingsnes med 150 startar og Grethe Titland med 147 som har delteke mest. 

VInterkar-1979-2019-oversikt-tal-løp.pdf

Løpsrekordar
Svein Roald Kvamme har løpsrekorden med 5.58 sett 21. oktober 2017. For kvinner sette Sara Rebekka Færø Linde løpsrekord på 7.10 i løpet 16. februar i år.

Bestetid-kvinner79-19-per1.5.2019.pdf

BestetiderVK-menn 1979-2019.pdf

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.