Tidels-duell om karusellsiger

Postet av Stanley Hauge den 25. Jan 2020

TETT KAMP: Knut Magne Hauge kom inn på oppløpet med knapp leiing til Jo Harald Færø og heldt leiinga heilt til målstreken.

Knut Magne Hauge vann karusellen på Eikanger laurdag 25. januar etter ein tidels-duell med Jo-Harald Færø. Begge fekk tida 6.47 då tidelar ikkje vert registrerte på resultatlista.

Resultatliste Vinterkar. 25.1.2020.pdf

Det var ein tett kamp mellom dei to heile oppløpet inn til målporten på skuleplassen. For Knut Magne var det beste tida han har notert sidan han sette personbeste på 6.45 i april 2013. For Jo-Harald var det sesongbeste. 

For Knut Magne det sjette gongen han gjekk til topps i karusellen, førre gong var i desember 2017.  

DEN SMILANDE: Grethe Jørgensen kjem nesten alltid smilande inn til mål ulikt dei fleste andre etter eit hardt løp.

Grethe Jørgensen var for tredje gong denne sesongen raskaste kvinne, og det var 40. gong har var raskaste kvinne i karusellen. Laurdag vart ho hardast pressa av to unge jenter. Alexandra Tunes Lund (f. 2007) og Amalie Kallestad (f. 2006) sette begge personbeste med 8.08 og 8.10. Så spørst det kor lenge det går før dei slår veteranen.

 UNGGUTAR I FRAMGANG: Johannes Hopland (over) og Kristoffer N. Færø (biletet under) viser flott framgang. Det skal verta spennande å følgja dei når banesesongen startar i april/mai.

 To unge gutar sette flotte nye bestetider. Johannes Hopland (f. 2005) sprang på 6.57 og kom for første gong under sju minuttar. Han kutta 12 sekund av den gamle personlege rekorden. Kristoffer N. Færø hadde som mål å springa under 7.00 han også, men den nye rekorden hans er 7.02. Kanskje han får sjå 6-talet alt neste gong han deltek.

STARTEN: Ung gutar i teten ut frå start, medan Jo Harald Færø (nr. 37) og Knut Magne Hauge (nr. 25) som til slutt kjempa om sigeren, let dei storma av garde.

I det store startfeltet med 51 deltakarar på tid, var det mange både unge og eldre som fekk notert gode tider, så det vert tydelegvis trena godt. Forholda var fine me litt yr i lufta, nesten vindstille og 5-6 plussgrader.  

Heile 113 personar deltok. Berre i jubileumsløpet før jul har det vore fleire deltakarar denne sesongen. Det er no tre løp att fram til våren og neste løp går laurdag 15. februar. 

Vebjørn Haugsdal fremst med Richard Sherrock (sjå også biletet under) like bak.

Vinterkarusell 2019-20, 6. løp.
Eikanger 25. januar 2020
Arr.: Eikanger IL
Stort sett opphald, nesten vindstille,  +5-6° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Knut Magne Hauge 6.47
2. Jo Harald Færø 6.47
3. Johannes Hopland 6.57
4. Kristoffer N. Apelthun Færø 7.02
5. Vebjørn Haugsdal 7.42
6. Richard Sherrock 7.46
7. Idar Odland 7.50
8. Anders Eidsnes 7.53
9. Grethe Jørgensen 7.57
10. Espen Aakre            7.58

Nytt godt løp av Idar Odland. Anders Eidsnes kjem like bak.

Flott framgang av Alexandra Tunes Lund (fremst) ogAmalie Kallestad.

11. Alexandra Tunes Lund            8.08
12. Amalie Kallestad 8.10
13. Sigurd Aakre 8.19
14. Bjarne Gausvik 8.26
15. Adrian Rød Jensen 8.44
16. Johan Austgulen 8.45
17. Daniel Norheim 8.48
18. Victoria Osen 8.53
19. Arvid Hauge 8.54
20. David Sherrock            9.03

 Sigurd Aakre i flott driv.

Adrian Rød Jensen med Johan Austgulen litt lenger bak.

Andreas Thuve Larsen            9.05
Einar Færø 9.12
Nikolai Færø 9.13
Helene Osen 9.19
Ragnhild Namtvedt 9.23
Benjamin Kleppe Haugstad 9.25
Annette Kleppe 9.29
Jan Kårbø 9.31
Geir Olav Repål 9.39
Terje Eidsnes            9.43

Fin tid – 9.19 – på Helene Osen.Det same på Ragnhild Namtvedt (biletet under med 9.23). Annette Kleppe (nr. 24) fekk 9.29. Mellom dei to kjem Benjamin Kleppe Haugstad 9.25 (reknar eg med, han manglar startnummer).

 
Ove Danielsen 9.45
Martin Ådnanes 9.49
Sigmund Nævdal 9.55
Madelein Strand Andvik 9.56
Jan Halvard Edvardsen 10.02
Martin Nytun Schulstad 10.05
Carl Ludvig Thuve Larsen 10.06
Eira Austgulen 10.07
Tone Helen Marthinussen 10.10
Marita Tunes            10.28

Elias Øvretveit            10.51
Ronja Holm-Livden 11.03
Magnus Strand Andvik 11.05
Asbjørn Eidsheim 11.05
Kjell Namtveit 11.16
Ingunn Kvalsvik 11.27
Sverre Solberg 12.36
Sandra Strand Andvik 13.50
Vilde Holm-Livden 13.50
Tanita Sperrevik            17.25

Tirill Holm-Livden            19.04

TRIMARAR: Ein gjeng med trimmarar pluass Mrita Tunes (nr. 21) til venstre.

Utan tid:

Olav Alme,  Lillian  Andvik,  Håkon Strand Andvik,  Håvard Austgulen,  Ingeborg Reigstad Danielsen,  Lene Reigstad Danielsen,  Leiv Eidsnes,  Miriam R. Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes,  Magnus Elvik,  Andre Midtgård Espevoll,  Ann Kathrin Midtgård  Espevoll,  Annikken Midtgård Espevoll,  Asbjørn Espevoll,  Bente E. Fyllingsnes,  Jan S. Fyllingsnes,  Venke Fyllingsnes,  Helga Marit Færø,  Helge Færø,  Gunnar Hauge,  Stanley Hauge,  Inga Haugsdal,  Kristin Andvik Haugsdal,  Kay Eric Haukås,  Marcus Helland Haukås,  Michelle Helland Haukås,  Steinar Haukås,  Benjamin Helgesen,  Sebastian Helgesen,  Steffen Helgesen,  Alis Hellevang,  Arnfinn Hellevang,  Jan Bertel  Holm,  Katrine Hopland,  Leif Bjørnar Hopland,  Torunn Hopland,  Isak Øvretveit Hosøy,  Mali Øvretveit Hosøy,  Ruben Hosøy,  Alf  Høyland,  Ada Elise Thuve Larsen,  Bjarte Larssen,  Inge Leknes,  Malin Marthinussen, Anne Lise Nordpoll,  Karina H. Nytun,  Marit  Nytun,  Gerd Nævdal,  Jan Erik Odland,  Merethe M. Odland,  Solveig Odland,  Susanne Rebnord,  Cato Sperrevik,  Grethe Titland,  Adrian Hansen Toft,  Liam Hansen Toft,  Monica Toft,  Åge  Toft,  Janina Øvretveit,  Johanne Øvretveit,  Thomas Øvretveit,  Magnus Ådnanes

Neste løp:

Laurdag 15. februar 2020 kl. 15.00.

Fremst i denne gjengen kjem Martin Nytun Schulstad (11), så Carl Ludvig Thuve Larsen (41) og Eira Austgulen (33).

Superveteran Kjell Namtvedt.

... og så Ingunn Kvalsvik, ein annan veteran.

Sverre Solberg stilte tilfeldigvsi med kommunenummret til nye Alver kommune, der hn jobbar, på brystet.  

Her rundar feltet første sving med Kristoffer N. Færø i teten.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.