Karuselløp på Eikanger laurdag 7. mars

Postet av Stanley Hauge den 28. Feb 2020

Det åttande og nest siste løpet i Eikanger IL sin vinterkarusell denne sesongen vert arrangert laurdag 7. mars. Starten går presis kl. 15.00 for løpsklassen, medan dei utan tid kan starta så snart dei har meldt seg på. 

Påmeldinga startar frå kl. 14.25.

Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2004 og seinare)

Karuselløypa er på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt». Løypa går i lett terreng rundt  vågen og høver for folk i alle aldrar.

Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.

Dei to siste løpa denne sesongen vert haldne 7. mars og 28. mars.

Vinterkarusellhefte2019-20-nett.pdf

Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover.

Det vert sesongpremiar til alle som er med i minst tre løp:

7-9 startar – gull
5-6 startar – sølv
3-4 startar – bronse

Har du berre delteke ein gong denne sesongen, kan du enno få medalje om du deltek i dei to siste løpa.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.