Bertine Helene Færø imponerte

Postet av Stanley Hauge den 13. Nov 2021

Bertine Helene Færø (biletet) sprang fort i vinterkarusellen på Eikangar laurdag 13. november. Ho tangerte bestetida si på 7.04 frå november 2019. Og ho var berre ni sekund etter løpsrekorden.


Raskast av alle var på ny Jo Harald Færø som på tida 6.36 tok den 22. sigeren sin i karusellen. På andreplass kom Knut Magne Hauge på 6.47 og på tredjeplass kom  Øystein Aamli på 6.50. Knut Magne var dermed berre to sekund frå bestetida si frå 2013.


NY SIGER: Jo Harald Færø var raskaste i karusellen for andre gong denne sesongen.


UNG VETERAN: Øystein Aamli (f. 1986) gjorde eit solid løp på 6.50, mange år etter førre gong han deltok i karusellen.


Det er mange år sidan Øystein Aamli deltok i karusellen. Han har bestetid på 6.12 frå 2011 og det er berre tre personar som har sprunge raskare enn han i løypa rundt Eikangervågen.

I FRAMGANG: Idar Odland er i framgang og sette ny personleg bestenotering i karusellen.


15-åringen Idar Odland viste på ny flott framgang og med 7.07 kutta han nye fire sekund av bestetida si frå første løpet i haust.. Sterkt løp også av Sigurd Aakre som på 7.22 betra den personlege rekorden sin med 22 sekund.  Jonas Marthinussen sette ein solid ny personbeste på 7.56.


SUPERVETERAN: Einar Færø i klasse MV 65-69 år presterte eitt av sine mange sterke løp denne sesongen.


Veteranen Einar Færø leverte eit sterkt løp på 7.31. Det er mange sesongar sidan han har spunge så fort i karusellen, men så har han heller ikkje satsa på det. Denne sesongen har han imponert i baneløp på 1500m og 5000m, der han har vore nær ved å slå dei norske bestenoteringane for aldersklassen +65 år. Han vart også noregsmeister i terrengløp for denne veteranklassen (MV 65-69).


Grethe Jørgensen var på ny nest raskaste kvinne med 8.14. Tredje raskaste kvinne var Solveig Haugland Hauge på 9.38.


DUELL: Sigurd Aakre (nr. 20) og Helge Fosse hadde ein frisk duell i innspurten.


Over 90 deltakarar stilte til start i løpet som gjekk under fine forhold.


Det neste, og siste løpet før jul, går på Eikanger laurdag 11. desember. 


STARTEN:Bjørnar Eidsheim i teten rundt første sving ut fra start.


Vinterkarusell 2021-22, 2. løp.

Eikanger 13. november 2021

Arr.: Eikanger IL

Lettskya, sol, berr veg,  +8-9° C.


«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Jo Harald Færø     6.36

2. Knut Magne Hauge     6.47

3. Øystein  Aamli     6.50

4. Bertine-Helene Færø     7.04

5. Idar Odland     7.07

6. Sigurd Aakre     7.22

7. Helge Fosse     7.23

8. Einar Færø     7.31

9. Harald Marthinussen     7.37

10. Ruben Hosøy     7.40


NESTEN PERSONBESTE: Knut Magne Hauge vart. nummer to på 6.47, berre to sekund fra personbeste.


Bjørnar Eidsheim     7.46

Jonas Marthinussen     7.56

Espen Aakre     8.03

Grethe Jørgensen     8.14

Erlend Titland     8.54

Petter Hindenes     9.08

Terje Eidsnes     9.23

Solveig Haugland Hauge     9.38

Ove Danielsen     9.47

Jan Kårbø     10.06

Steinar Haukås     10.11

Magnus Golten Fyllingsnes     10.45

Håvard Fyllingsnes     10.46

Vard Waage     10.46

Kjell Namtveit     11.14

Sverre Solberg     11.31

Ingunn Kvalsvik     12.55


Harald Marthinussen (fremst) og Ruben Hosøy (nr. 3) på oppløpet, med Bjørnar Eidsheim lenger bak.


Utan tid:

Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Jan Halvard Edvardsen, Anders Eidsnes, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes, Brage Eknes, Eva Eknes, Renate Eneroth, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård  Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Knut Fyllingsnes, Kristoffer W. Fyllingsnes, Rebekka W. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Helga Marit Færø, Arvid Hauge, Sofie Haugland Hauge, May Haugland, Benedicte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Sølvi Iren Haukås, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Sebastian Helgesen, Alis Hellevang, Arnfinn Hellevang, Åse Hindenes, Sivert Fosse Hindenes, Torunn Hopland, Katrine Dale Hopsdal, Isak Øvretveit Hosøy, Mali Øvretveit Hosøy, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Mathilde Eneroth Høyland, Odd Inge Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Svein Nordpoll, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Thea Emilie Romarheim, Håkon Rongved, Kari Soltveit, Tomine Thomsen, Grethe Titland, Sofia H. Titland, Helge Toft, Laila Toft, Sissel Toft, Åge  Toft, Tone Øvrebø, Ella  Aakre, Therse Aakre, Vilde Aakre


I alt 92 deltakarar.


Neste løp:

Laurdag 11. desember 2021 


Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.