Solid framgang for Johannes Hopland

Postet av Stanley Hauge den 9. Apr 2022


TOK TETEN:  Johannes Hopland tok teten ut frå start. Bjarte Eikanger (nr. 2) og Are Flekke (nr.5) følgjer deretter. Ny veg under opparbeiding inn til skulen.


Med ei sterk ny personbestetid tok Johannes Hopland andre sigeren sin i vinterkarusellen på Eikanger. Med tida 6.35 sprang han 22 sekund betre enn nokon gong.


NY BESTETID: Johannes Hopland spurtar inn til ny bestetid – 6.35.


17-åringen (f. 2005) vann førre gong det einaste løpet som vart arrangert i pandemi-sesongen 2020-21. Vinnartida hans då var 6.58, medan bestetid hans få før var 6.57 frå 25.1.2020.


ANDREMANN: Bjarte Eikanger vart nummer to.


I løpet no på laurdag var Johannes soleklart føre veteranen Bjarte Eikanger på 7.10 og Bjørnar Eidsheim på 7.52. 


FØRSTE SIGER: Sunniva R. Eidsnes var for første gong raskaste kvinne i karusellen.


Raskaste kvinne var Sunniva R. Eidsnes på 10.47, ho var med det ni sekund etter bestetida si frå 2016.


40 personar stilte til start i påskeveret som veksla mellom snø- og sluddbyer, varmande solskin og kald nordavind i delar av løypa. Men berr veg gjorde at forholda var bra.


IVRIG DELTAKAR: Are Flekke har gjennom mange år vore ein ivrig deltakar i karusellen.


Vegen og området inn til skule plassen har vore under omfattande vedlikehald dei siste par månadene, og manglar enno litt på å vera ferdig.


Neste løp på Eikanger vert søndag 1. mai. Det vert ei kombinert avslutting av karusellen og eit jubileumsløp i samband med at det er 70 år sidan Eikanger IL vart skipa i 1952.


Vinterkarusell 2021-22, 6. løp.

Eikanger 9. april 2022

Arr.: Eikanger IL

Berr veg. Snøbyer veksla med sol  + 3-4° C.


«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Johannes Hopland    6.35

2. Bjarte Eikanger    7.10

3. Bjørnar Eidsheim    7.52

4. Are Flekke    8.15

5. Terje Eidsnes    9.42

6. Jan Kårbø    9.58

7. Sunniva R. Eidsnes    10.47

8. Anders Eidsnes    11.01

9. Sverre Solberg    13.44


Utan tid:

Jan Halvard Edvardsen, Leiv Eidsnes, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Renate Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Arvid Hauge, Sofie Haugland Hauge, Solveig Haugland Hauge, Stanley  Hauge, Kay Eric Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Arnfinn Hellevang, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Åse Hølleland, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Anne Lise Nordpoll, Svein Nordpoll, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Fiona Skommedal, Morgan Skommedal, Grethe Titland, Laila Toft, Åge  Toft


I alt 40 deltakarar.

SPENT PÅ TIDA: Kom eg under ti minuttar? undrar Jan Kårbø.


Neste løp:

Søndag 1. mai 2022


Tekst og foto: Stanley Hauge 




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.