Karusellavslutting og premieutdeling 1. april

Postet av Stanley Hauge den 17. Mar 2023

Laurdag 1. april går det 7. og siste løpet i karusellen for sesongen 2022-23. 48 personar har delteke tre eller fleire gonger og får medalje.

Dersom dei 25 som står med to løp til no deltek i det siste løpet, vert det bronsemedalje på dei også.

Karusellen 1. april

Påmelding frå kl. 14.20. Start løpsklassen presis kl. 15.00. Dei som skal trimma utan tidtaking, kan starta så snart dei er påmelde.

Løypa er den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule.

Startkontingent

Born til og med 15 år       kr 25,-

Vaksne                            kr 50,-

Familie                            kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2008 og seinare

Premiering 

Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer.

Etter endt sesong vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.

Sjekk kor mange startsar du har: Karusellstartar2022-23-et-6løp-Nett .pdf

Medaljar vert delte ut slik:

6-7 startar: Gull

4-5 startar: Sølv

3 startar: Bronse

Premiar for mange løp

Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100  startar, 150 startar, 200 startar og 250 startar.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.