Bjørnar Eidsheim ny karusellvinnar

Postet av Eikanger Idrettslag den 10. Okt 2015



Bjørnar Eidsheim (biletet) vann det første løpet i Eikanger Il sin vinterkarusell denne sesongen. Vinnartida var 7.33 og det er første sigeren til Bjørnar.

Veteranen (f. 1968) som no bur på Kløve, var berre åtte sekund etter bestetida si som han noterte i 1991. Då han sprang på 7.25 var han berre 23 år gamal.

Sidan i vår har Bjørnar drive med meir løpstrening enn nokon gong. Saman med Helge Færø og ungguten Kristoffer Nilsen Apelthun har han i sommar og haust gjennomført mange solide intervalløkter på grusbana på Ostereidet. Kanskje han greier ny personbeste i karsuselløypa denne sesongen?



Axel Wollan vart nummer to i karusellopninga med 7.43. Like bak kjem Kristoffer Nilsen Apelthun og Helge Færø.

På andreplass laurdag kom Alex Wollan med 7.43. 12-årige Kristoffer Nilsen Apelthun kom på tredjeplass med 7.49. Han betra bestetida si frå siste løpet i vår med 28 sekund med god hjelp av Helge Færø som «hare».



Bertine Helene Færø på ny raskaste dame i karusellen. Rett nok 40 sekund etter sin eigen løpsrekord, men ho nærmar seg 7-talet att. Grethe Jørgensen, like bak, sette personleg rekord i løypa med 8.07.

Bertine Helene Færø var raskast av damene med 8.02 og det var 17. gongen ho var første kvinne i mål i karusellen. Førre gong ho vann var i det andre løpet for fire år sidan. No er ho tydelegvis i framgang att etter ei par år med motgang. Ho starta denne sesongen med fire sekund betre tid enn i siste løpet i vår.



Niårige Amalie Kallestad betre bestetida si med eit halvt minutt til 9.39. Etter ein frisk spurt slo ho jamgamle Idar Odland med eit par sekund.

Grethe Jørgensen noterte 8.07 på andreplass av kvinnene, den beste tid ho ha hatt i karusellen. Imponerte gjorde niårige Amalie Kallestad med 9.39, heile 30 sekund betre enn i førre sesong.



Flott driv over 11-årige Finn Vabø som sprang på 8.14. Like bak kjem Rolf Vabø og bak han skimtar ein 12-årige Kristoffer Hopland.

Flotte løp gjorde også 11-årige Finn Vabø med 8.14 og 12-årige Kristoffer Hopland med 8.23. Veteranen Jon Åge Rongved kutta med 8.39 ni sekund av bestetida si frå februar i år. Så om nokon skulle tvila – også veteranar kan trena seg til framgang.



Kirill Eikanger i midten saman med veteranane Harald Hansen (t.v.) og Bjarte Eikanger som alle kom i mål på litt over 11 minuttar.

76 deltakarar stilte til start i sesongopninga som var flytta fram ei veke for å unngå stemnekollisjon med Galdihaug Opp som går laurdag 17. oktober. Deltakarane fordelte seg med 36 i løpsklassen og 40 som tok turen rundt Eikangervågen utan tidtaking. Det var gode løpsforhold i fint haustvêr. Neste løp på Eikanger går laurdag 7. november.



Bjørnar Eidsheim (nr. 79) tok teten ut frå start med Bertine Helene Færø (nr. 74) og Grethe Jørgensen (nr. 6) like ved.

Vinterkarusell 2015-16, 1. løp
Eikanger 10. oktober 2015
Arr.: Eikanger IL
Skya opphald + 10-11° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Bjørnar Eidsheim 7.33
2. Axel Wollan 7.43
3. Kristoffer Nilsen Apelthun 7.49
4. Helge Færø 7.51
5. Bertine Helene Færø 8.02
6. Grethe Jørgensen 8.07
7. Finn Vabø 8.14
8. Rolf Vabø 8.16
9. Kristoffer Hopland 8.23
10. Alf Fjellstad 8.30

Jon Åge Rongved 8.39
Jon Hægland 8.51
Arild Helland 9.20
Jan Kårbø 9.35
Trond Sellevold 9.39
Amalie Kallestad 9.39
Idar Odland 9.40
Johannes Hopland 9.49
Olai Nepstad 10.21
Håkon Rongved 10.22
Stein Tore Holsen Viken 10.34
Sverre Solberg 10.38
Kirill Eikanger 11.09
Harald Hansen 11.10
Bjarte Eikanger 11.11
Mats Johan G. Oppedal 12.27
Øyvind G. Oppedal 12.28
Magnus Elvik 12.39
Jakob Andre S. Askeland 13.05
Kirsten Rongved 13.13
Per Kristian Hægland 14.02
Solveig Laumark-Møller 14.14
Anna Hægland 14.22
Håvard Andre G. Oppedal 16.00
Bjarne Gausvik 16.01




Fin trimtur i fint haustvêr for Venke og Jan Sigurd Fyllingsnes og Tanita og Tone Sperrevik.

Utan tid:
Alf Høyland, Benjamin Ebbesen, Kåre Eide, Leiv Eidsnes, Andrine Eikanger, Asle Eikanger, Hugo Eikanger, Ingfrid Eikanger, Linnea Eikanger, Viljar Eikanger, Renate Eneroth, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Eirik Titland Gjesdal, Emilie Titland Gjesdal, Stanley Hauge, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Margrethe Høyland, Odd Inge Høyland, Inge Leknes, Harald Marthinussen, Hilde Marthinussen, Jonas Marthinussen, Malin Marthinussen, Gerd Nævdal, Sigmund Nævdal, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Cato Sperrevik, Tanita Sperrevik, Tone Sperrevik, Tony Thorsen, Grethe Titland, Vibeke Titland, Alice Toft

Nest løp:
Laurdag 7. november kl. 15.00

Tekst og foto: Stanley Hauge

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.