Siste karusell laurdag 16. april – og premieutdeling

Postet av Eikanger Idrettslag den 10. Apr 2016

Laurdag 16. april går det siste løpet i vinterkarusellen denne sesongen. Møt opp og få premien din. Alle med tre eller fleire løp får medalje.


Løpet går som vanleg frå Eikanger skule og rundt Eikangervågen. Start kl. 15.00 for dei som skal ha notert tid. Dei som trimmar utan tid, kan starta så snart dei har meldt seg på. Påmelding frå ca. kl. 14.25.

Premieutdeling
Premieutdeling vert så snart alle er komne i mål, det vil seia litt før kl. 15.30. Det vert som vanleg premie uttrekt på startnummer. Så vert det medaljar for alle som har minst tre startar denne sesongen. Bronse for 3-4 startar, sølv for 5-7 startar og gull for 8-10 startar.

Du kan sjekka kor mange startar du har etter dei ni første karusellane, sjå:

Vinterk 2015-16-startar-9L-alfabet.pdf

Vinterk 2015-16-startar-9L-flest.pdf

Det skal også delast ut pokal til dei som denne sesongen har passert 30 startar, 75 startar, 100 startar, 150 startar.

Startkontingent
Vaksne: kr 40,00 per løp.
Born til og med 15 år: kr 20,00 per løp.
Familie (foreldre/føresette og born t.o.m. 15 år): kr 70,00

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.