Eikangerløpet – 5000m på bane – søndag 30. september

Postet av Eikanger Idrettslag den 22. Sep 2018

Søndag 30. september er det klart for Eikangerløpet på det nye raudstubbdekket på bana på Ostereidet. Start kl. 15.00 og påmelding frå ca. kl. 14.15. Startkontingent kr 75,00.


Dette tradisjonsrike 5000m-løpet vert i år arrangert for 39. gong. Deltakarane kan i år sjå fram til at løpet går på heilt nylagt banedekke. I sommar kom ny raudstubb på plass på den knapt 300m lange bana. Om veret spelar på lag vert løpsforholda betre enn på lange tider.


Løpet passar ikkje berre for aktive friidrettsutøvarar, men også for trimmarar og mosjonistar som til vanleg ikkje deltek i baneløp. Her får dei eit fint høve vil testa seg på ei rundløpsbane.


Deltakartalet i løpet har svinga ein del, frå nær 40 til om lag 10. I fjor var det 19 deltakarar.


Løpsrekordar
Halfdan Emil Færø har løpsrekorden med 15.23,0 frå 2015. I dameklassen er det Sara Rebekka Færø Linde som har rekorden med 18.24.5 frå 2017. 


Arvid Hauge har vore med 37 gonger og Inge Nævdal 33 gonger. Elles har Sverre Solberg 25 og Bjørnar Eidsheim 24 startar, Gunnar Hauge 22 og Sigmund Nævdal 20. 


Fleire løp i haust

Søndag 7. oktober arrangerer Eikanger IL motbakkeløpet Storset Opp for andre gong. Løpet startar på kaien i Bjørsvik og har mål ved nordste garden på Storset. 


Vinterkarusellen til Eikanger IL har første løp laurdag 13. oktober på Eikanger. Det vert ti løp i sesongen 2018/19.

Tekst og foto: Stanley Hauge


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.