Storset opp søndag 10. oktober – meld deg på!

Lagt ut av Stanley Hauge den 28. Sep 2021

Søndag 10. oktober vert Storset Opp arrangert for fjerde gong. Motbakkeløpet for heile familien startar på dampskipskaien i Bjørsvik og har målgang lengst nord på Storset. 

Ver med på trimfesten som samla fleire hundre store og små i 2017-2019. Ved å delta kan du vinna flotte premiar ved  trekninga på startnummer. Alle som  startar får deltakarpremie.

Storset opp plakat 2021-nett.pdf

Påmelding
Registerer deg og dine på nettsida (lenkje nedanfor) og hent startnummer på Bjørsvikkaien.

Påmelding Storset Opp

Påmeldingsavgift:

Konkurranseklasse:
Over 16 år (fødd før 1.1.2005):                  200 kr

Under 16 år (fødd etter 1.1.2005):             100 kr

Trimklasse:
Individuell påmelding                                 100 kr

Familie                                                       250 kr
(maks 2 vaksne, og barn fødd etter 1.1.2003)

Start:
Trimklasse                                    klokka 11:00-12:30

Fellesstart konkurranseklassar     klokka 12:30

Praktisk informasjon

Parkering og garderobar ved Ostereidet ungdomsskule
Busstransport frå Ostereidet ungdomsskule til start i Bjørsvik

Premiering:
Flotte premiar trekte på startnummer –  iPad, treningstøy.

Pengepremiar til dei tre raskaste kvinner og menn i konkurranseklassen.

Premiering til dei 3 beste jenter og gutar i juniorklassen (12-15 år)

Om løypa
Storset opp startar i historiske omgjevnader på dampskipkaien i Bjørsvik. Frå start snirklar løypa seg på asfalt og grus i 3,0 kilometer til målgang på Storset. Her, om lag 200 meter over havet, kan ein nyte storslått utsyn over bygdene langs Osterfjorden og Hindenesfjorden.

Tekst: Stanley Hauge


0 Kommentar

Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline