STARTEN: JO-HARALD FÆRØ (12), LORENTZ LINDE (8), HALFDAN-EMIL FÆRØ (9) OG IDAR ODLAND (4) I TETEN UT FRÅ START.
Færø-fmilien dominerte på toppen av resultatlista i det 6. løpet av vinterkarusellen på Eikanger denne sesongen. Halfdan-Emil var med 6.11 raskast av alle og Bertine-Helene var raskaste kvinne med 7.13.
24 GONG: Halfdan-Emil Færø til topps for 24. gong. Vinnartida 6.11 er den fjerde beste nokon gong.
Halfdan-Emil deltok for første gong på fire år, og sikra seg karusellsige nummer 24. Vinnartida hans er den fjerde beste i karusellen nokon gong. For fire år sidan sprang han på 6.17.
GOD FORM: Bertine-Helene sprang på sterke 7.13 og var raskaste kvinne for 41. gong.
Bertine-Helene var raskaste kvinne for 41. gong og det er berre ho sjølv og to andre som har sprunge fortare enn vinnartida hennar laurdag. Førre gong ho vann var i nest siste løpet i fjor, men då sprang ho på 9.07. Så no er ho tydelegvis inne i ein god treningsperiode.
STERK TRIO: Idar Odland inn til 3. plass, sekundet føre Lorentz Linde og med Jo-Haralad Færø deretter.
Idar Odland var den einaste som hindra trippel for Færø-familien i klassen for menn. Odland noterte 6.27 og tangering av bestetida si og vart nummer to. På tredjeplass kom Lorentz Linde, gift med Sara-Rebekka Færø, på ny personbeste 6.28. Han vart tett følgd av Jo-Harald Færø som med 6.32 sette ny årsbeste.
STERKE TVILLINGAR: Even Veen (biletet over) og Aurora Veen Torkildsen (biletert nedanfor) sette flotte nye personbeste i karusellen.
Mange deltakarar sette personbeste eller årsbeste i løpet som gjekk under fine forhold, ja, nesten vårleg. ei 14-årite tvillingane Even Veen og Aurora Veen Torkildsen sette personbeste med 7.08 og 7.33. Tida til Aurora Veen Torkildsen gjer at ho er femte raskaste kvinne nokon gong i karusellen. 11-årige Live Færø Linde sprang på 7.44 og er den niande raskaste kvinna på karusellstatistikken.
NY BESTENOTERING: Live Færø Linde sprang på 7.44.
Flott løp også av Espen Eidsnes på 7.26, ei klar ny bestenotering for han. Ei rekkje veteranar viser også at dei trenar godt framfor vår- og sommarsesongen.
Espen Eidsnes (fremst) og Ketil Iden.
75 deltakarar stilte til start i løpet, 44 utan tidtaking og 31 som sprang på tid.
SESONGBESTE: Bjørnar Eidsheim i mål på 8.09.
Siste karusellen denne sesongen går laurdag6. april, rett etter påske. Då vert det premieutdeling for heile sesongen.
Arild Myhr fremst, med Anders Eidsnes like bak.
Vinterkarusell 2023-24, 6. løp.
Eikanger 9. mars 2024
Arr.: Eikanger IL
Klårt, sol og delvis skugge, berr veg, + 7-8° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m>
1. Halfdan-Emil Færø 6.11
2. Idar Odland 6.27
3. Lorentz Linde 6.28
4. Jo-Harald Færø 6.32
5. Even Veen Torkildsen 7.08
6. Bertine-Helene Færø 7.13
7. Espen Eidsnes 7.26
8. Ketil Iden 7.29
9. Aurora Veen Torkildsen 7.33
10. Live Færø Linde 7.44
11. Bjørnar Eidsheim 8.09
12. Arild Myhr 8.12
13. Anders Eidsnes 8.16
14. Karl Vågstøl 8.48
15. Einar Færø 8.54
16. Gustav Ansnes Færø 8.54
17. Nikolai Færø 9.08
18. Odd Inge Høyland 10.13
19. Terje Eidsnes 10.15
20. Jan Kårbø 10.18
Emin Tangerås 10.47
Steinar Haukås 10.53
Atle Kolbeinsen 11.17
Melissa Veland 11.30
Arvid Hauge 11.36
Sølvi Myking 12.40
Mathilde Eneroth Høyland 12.58
Renate Eneroth 13.07
Sverre Solberg 13.37
Iris Tangerås 14.17
Ingrid Tangerås 14.18
TRIMARAR UTAN TIDTAKING: Johanne Kyte Færø (119), Sara-Regbekka Færø Linde (113) og Frida Færø Linde (114).
Utan tid:
Emil Høyland Aldeholm, Rune Aldeholm, Lene Reigstad Danielsen, Sunniva R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Thea Marie Frotjold, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Helga Marit Færø, Johannes Kyte Færø, Stanley Hauge, Sølvi Iren Haukås, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Torunn Hopland, Alf Høyland, Elin Høyland, Margrethe Høyland, Karoline Holsen Kyte, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Frida Færø Linde, Sara R. Færø Linde, Anne Marie Molvik, Anne Lise Nordpoll, Astrid Nordpoll, Emil Nordpoll, Even Nordpoll, Grete Nordpoll, Stian Nordpoll, Svein Nordpoll, Jan Erik Odland, Merethe M. Odland, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Cato Sperrevik, Audun Stusdal, Eivind Stusdal, Sivert Stusdal, Åge Toft, Liv Reidun Sletten Vabø, Margareth Økland
I alt 75 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 6. april 2024. Karl Vågstøl.
Einar Færø (14) og Gustav Andsnes Færø.
Odd Inge Høyland (28), Terje Eidsnes og Jan Kårbø.
Atle Kolbeinsen.
Mathilde Eneroth Høyland
Tekst og foto: Stanley Hauge
]]>Sjette løpet i Eikanger IL sin vinterkarusell vert arrangert laurdag 9. mars 2024. Starten går presis kl. 15.00 for løpsklassen, medan dei utan tid kan starta så snart dei har meldt seg på.
Påmelding frå kl. 14.20.
I karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt», vert det fire løp etter nyttår. Løypa går i lett terreng rundt vågen og høver for folk i alle aldrar.
Sjå oversikter over bestetider og flest løp
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2008 og seinare)
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.
Det siste løpet denne sesongen vert 6. april.
Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover.
Det vert sesongpremiar til alle som er med i minst tre løp:
6-7 startar – gull
4-5 startar – sølv
3 startar – bronse
Tekst og foto: Stanley Hauge
]]>STARTEN: Ei kraftig haglbye slo til rett før starten i karusellen. Bjørnar Eidsheim i tet.
Ketil Iden vann vinterkarusellen på Eikanger for niande gong då han gjekk til topps i løpet laurdag 3. februar. Førre gong han vann var for åtte år sidan i det 6. løpet i 2015-16.VINNAR: Ketil Iden inn til klar siger i karusellen.
Randi Kjøsnes vart raskaste kvinne for andre gong.
RASKASTE KVINNE: Randi Kjøsnes til topps for andre gong i karusellen.
Ketil Iden, Bjørnar Eidsheim og Anders Eidsnes låg ganske nær kvarandre då det var om lag tre hundre meter att til mål. Då sette Ketil inn ein solid spurt og drog kjapt i frå dei to andre på flaten inn mot hamrane og i motbakken opp til innspurten. Han kom i mål på 8.16, 20 sekund føre Bjørnar Eidsheim på andreplass.
DEI NEST BESTE: Bjørnar Eidsheim inn til andreplass og Anders Eidsnes til tredjeplass.
Det vart skikkeleg vinterlege forhold ved karusellen laurdag. Vegen var berr og fin rundt heile løypa, men ein til dels kraftig sur vind i delar av runden rundt brua gjorde løpet til ei sur og kald oppleving. Verst vart det då løpsfeltet skulle starta og det slo til med ei solid haglbye. Heldigvis letta bya etter kort tid, så siste halvdel av løpet gjekk greitt.
UNGDOM OG VETERAN: Anton Nikolai Vedå (nr. 16) og Gunnar Hauge (8)).
45 personar stilte til start, av dei 20 i løpsklassen.
SMILANDE: Tone Marit Vedå.
Arrangøren vil gje ein ekstra honnør til Kjetil Iden. Førre gong han deltok, 20. oktober 2020, gløymde han å levera inn att startnummeret sitt. Det hadde han med seg då han stilte til start no på laurdag. Kjempeflott og eit føredøme for andre som i farten gløymer å levera inn att nummera.
SNART I 300: Terje Eidsnes nærmar seg 300 startar, men det vert først neste sesong han kan nå den milepålen.
Neste løpet på Eikanger, det sjette for sesongen, går laurdag 9. mars.
FAMILIEDUELL: Ruben Hosøy (19) og Isak Øvretveit Hosøy .
Vinterkarusell 2023-24, 5. løp.
Eikanger 3. februar 2024
Arr.: Eikanger IL
Vinterleg med haglbyer, ein del vind, berr veg, + 2-3° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Ketil Iden 8.16
2. Bjørnar Eidsheim 8.36
3. Anders Eidsnes 8.45
4. Randi Kjøsnes 8.48
5. Trond Austrheim 8.54
6. Anton Nikolai Vedå 10.08
7. Gunnar Hauge 10.10
8. Emin Tangerås 10.18
9. Tone Marit Vedå 10.38
10. Terje Eidsnes 10.44
11. Olav K. Romarheim 10.48
12. Kennet Innvær 10.54
13. Jan Kårbø 11.30
14. Svein Elvik 11.53
15. Atle Kolbeinsen 12.10
16. Isak Øvretveit Hosøy 12.17
17. Ruben Hosøy 12.18
18. Ingunn Kvalsvik 12.31
19. Iris Tangerås 13.32
20. Ingrid Tangerås 13.44
Utan tid:
Leiv Eidsnes, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Stanley Hauge, Torunn Hopland, Mali Øvretveit Hosøy, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Sverre Solberg, Cato Sperrevik, Audun Stusdal, Eivind Stusdal, Håkon Tangerås, Grethe Titland, Åge Toft, Liv Reidun Sletten Vabø, Johanne Øvretveit
I alt 45 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 9. mars 2024.
Tekst og foto: Stanley Hauge
]]>Femte løpet i Eikanger IL sin vinterkarusell vert arrangert laurdag 3. februar 2024. Starten går presis kl. 15.00 for løpsklassen, medan dei utan tid kan starta så snart dei har meldt seg på.
Påmelding frå kl. 14.20.
I karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt», vert det fire løp etter nyttår. Løypa går i lett terreng rundt vågen og høver for folk i alle aldrar.
Sjå oversikter over bestetider og flest løp
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2008 og seinare)
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.
De<i to neste løpa går 9. mars, og 6. april.
Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover.
Det vert sesongpremiar til alle som er med i minst tre løp:
6-7 startar – gull
4-5 startar – sølv
3 startar – bronse
Tekst og foto: Stanley Hauge
NY VINNAR: Debutanten Even Veen Torkildsen (f. 20210) vart vinnar av nyttårskarusellen.
To unge triatletar frå Åsane var raskast i nyttårsløpet i karusellen på Eikanger laurdag 6. januar. Tvillingane Aurora og Even Veen Torkildsen, fødde i 2010, var dei to som sprang fortast rundt Eikangervågen.
NY VINNAR: Aurora Veen Torkildsen (f. 2010) debuterte i karusellen og vart ny vinnar i kvinneklassen.
Vinnartida til Even var 7.31, medan Aurora fekk notert 8.15. Fine tider under gode, men kalde forhold. Det var 8-10 minusgrader rundt vågen denne flotte vinterdagen. Så det er nok ein av dei kaldaste karusellane som har vore arrangert på Eikanger.
VETERAN: Bjørnar deltok for første gong denne sesongen på tida 8.15.
Tredje raskast laurdag var veteranen Bjørnar Eidsheim på 8.14, følgd av fleire andre veteranar.
COMEBACK: Karl Vågstøl gjorde comeback i karusellen eller nokre sesongars fråver.
I alt var det 49 deltakarar, som var nokre fleire enn i nyttårsløpet for eitt år sidan.
Gunnar Hauge – ei forkjøling sidan førre løp hadde sett forma litt tilbake.
Bortsett frå nokre hundre meter på flatane utover frå skulen, der det var islagt i delar av vegbana, var det berr og tørr veg i løypa.
FLITTIGASTE DELTAKARAR: Terje Eidsnes står framleis med flest løp i karusellen – 296 i alt.
Neste karuselløp på Eikanger går laurdag 3. februar.
VETERAN OG UNGDOM: Veteranen Jan Kårbø tett følgd av unge Emin Tangerås.
Vinterkarusell 2023-24, 4. løp.
Eikanger 6. januar 2024
Arr.: Eikanger IL
Klårt, litt trekk ut mot brua, for det meste berr veg, men litt is enkelte stader, ÷ 8-9° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Even Veen Torkildsen 7.31
2. Aurora Veen Torkildsen 8.05
3. Bjørnar Eidsheim 8.15
4. Karl Vågstøl 9.07
5. Gunnar Hauge 10.08
6. Terje Eidsnes 10.31
7. Nikolai Færø 10.44
8. Jan Kårbø 10.56
9. Emin Tangerås 10.58
10. Arvid Hauge 11.11
11. Steinar Haukås 11.16
12. Atle Kolbeinsen 11.55
13. Helga Marit Færø 13.24
14. Iris Tangerås 14.43
15. Ingrid Tangerås 14.45
Utan tid:
Emil Høyland Aldeholm, Lene Reigstad Danielsen, Jan Halvard Edvardsen, Anders Eidsnes, Leiv Eidsnes, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Samuel Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Stanley Hauge, Kay Eric Haukås, Michelle Helland Haukås, Torunn Hopland, Alf Høyland, Elin Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Anne Lise Nordpoll, Even Nordpoll, Stian Nordpoll, Svein Nordpoll, Inge Nævdal, Håkon Rongved, Sverre Solberg, Sindre Andreas Sperrevik, Tone Sperrevik, Håkon Tangerås, Grethe Titland, Åge Toft, Liv Reidun Sletten Vabø, Kjell Vidar R. Øvrebø
VETERANAR: Arvid Hauge (nr. 2) og Steinar Haukås (16) har til saman 546 startar i karusellen.
I alt 49 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 3. februar 2024.
Tekst og foto: Stanley Hauge
]]>Godt nytt år til alle trimmarar og velkomen til 2024-sesongen. Fjerde løpet i Eikanger IL sin vinterkarusell vert nyttårsløpet som vert arrangert laurdag 6. januar 2024. Starten går presis kl. 15.00 for løpsklassen, medan dei utan tid kan starta så snart dei har meldt seg på.
Påmelding frå kl. 14.20.
I karuselløypa på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, populært kalla «Brua rundt», vert det fire løp etter nyttår. Løypa går i lett terreng rundt vågen og høver for folk i alle aldrar.
Sjå oversikter over bestetider og flest løp
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2008 og seinare)
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.
Første løp etter nyttår vert laurdag 6. januar, deretter vert det løp 3. februar, 9. mars, og 6. april.
Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover.
Det vert sesongpremiar til alle som er med i minst tre løp:
6-7 startar – gull
4-5 startar – sølv
3 startar – bronse
Tekst og foto: Stanley Hauge
]]>STARTEN: Sjur Øren Heggernes tok teten frå start, tett følgd av Anders Eidsnes og Helge Færø.
Veteranen Anders Eidsnes var raskast i førjulskarusellen på Eikanger laurdag 9. desember. Raskaste dame var Randi Kjøsnes som også er veteran.
TREDJE GONG: Anders Eidsnes til topps i karusellen for tredje gong.
Strilen no - Nissefaktor på førjulskarusellen
Eidsnes (klasse MV 50.54) gjekk til topps i karusellen for tredje gong. Vinnartida hans var 8.28. Han har frå før ein siger i sesongen 2015-16 og ein i 2016-17.
DEBUTERTE MED SIGER: Randi Kjøsnes deltok for første gong og vart raskaste dame.
Randi Kjøsnes (klasse KV 55-59) debuterte i karusellen med å vera raskaste dame. Ho fekk tida 8.41, nest raskast av alle som deltok. Ho er lærar og busett i Masfjorden.
Ein annan veteran, Helge Færø (MV60-64) kom på tredjeplass. Deretter følgde dei to 13-åringane Sjur Øren Heggernes og Emin Tangerås.
FJERDEPLASS: 13-årige Sjur Øren Heggernes kom på fjerdeplass med 9.38.
Knapt 50 deltakarar stilt til start laurdag, og det var eit par færre enn i tilsvarande løp i fjor.
STILIGE NISSAR: Desse stilige nissane frå Fyllingsnes skapte stemning.
Fleire deltakarar stilte med nisseluer i løpet, men dei flottast kledde nissane var som vanleg Grethe Titland og Torunn Hopland.
Det var litt vinterlege forhold ved dette løpet, men bortsett frå første sving ut frå start og ned første bakken var forholda greie.
6. januar er vert det nyttårsløp på Eikanger, så det er berre å halda treninga ved like framover.
Vinterkarusell 2023-24, 3. løp.
Eikanger 9. desember 2023
Arr.: Eikanger IL
Nesten klårt, opphald, litt vind, for det meste berr veg, men litt is og snø enkelte stader, +2-3° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Anders Eidsnes 8.28
2. Randi Kjøsnes 8.41
3. Helge Færø 9.05
4. Sjur Øren Heggernes 9.38
5. Emin Tangerås 9.55
6. Terje Eidsnes 10.23
7. Inge Nævdal 10.30
8. Jan Kårbø 10.37
9. Steinar Haukås 11.34
10. Atle Kolbeinsen 11.45
11. Svein Elvik 11.58
12. Kjell Namtveit 12.10
13. Ingrid Tangerås 13.26
14. Iris Tangerås 13.26SJEKKAR TIDA: Jan Kårbø, flittig karuselldeltakar, sjekkar tida.
Utan tid:
Jan Halvard Edvardsen, Leiv Eidsnes, Sondre R. Eidsnes, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Gunnar Hauge, Stanley Hauge, Torunn Hopland, Alf Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Anne Marie Molvik, Anne Lise Nordpoll, Astrid Nordpoll, Even Nordpoll, Stian Nordpoll, Svein Nordpoll, Håkon Rongved, Kirsten Rongved, Jostein Rød, Kian Rød, Sverre Solberg, Audun Stusdal, Eira Stusdal, Eivind Stusdal, Grethe Titland, Sofia H. Titland, Åge Toft, Liv Reidun Sletten Vabø
I alt 47 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 6. januar 2024.
Tekst og foto: Stanley Hauge
]]>Laurdag 9. desember vert det førjulskarusell på Eikanger. Alle trimmarar er velkomne, og særleg velkomne er trimmande nissar.
Løpet laurdag ettermiddag er det tredje i vinterkarusellen denne sesongen. Starten for løpsklassen er som vanleg presis kl. 15.00. Påmelding frå kl. 14.20 og alle som skal gå utan kan tid, kan starta så snart dei er påmelde.
Sprei gjerne informasjon om løpet til vener og andre (Facebook m.m.)
Det vert servering av julegodt til deltakarane!
Løypa er som vanleg ca. 2,2 km rundt Eikangervågen, så det bør ein nisse fint greia som førjulstrim og opplading til meir krevjande oppgåver to veker seinare!
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2006 og seinare)
Hugs på å levera startnummeret etter du er komen i mål.
Lett løype
Løypa går i lett terreng rundt Eikangervågen og høver for folk i alle aldrar.
– Over halvparten av dei som deltek, pleier stilla trimklasse utan tidtaking. Dei tek runden som god mosjon og eit hyggeleg treff. Løpet er såleis ikkje berre for dei som vil springa fortast råd og gjerne vinna, seier Stanley Hauge i friidrettsgruppa til Eikanger IL.
Premiering
Det vert trekt ut premiar på startnummer ved kvart løp. Alle som deltek i minst tre løp gjennom sesongen, får medalje. For dei som er med år etter år er det sett opp premiar for 30 startar, 75 startar, 100 startar og oppover.
Premieringa er bronse for 3 startar, sølv for 4-5 startar og gull for 6-7 startar.
Tekst og foto: Stanley Hauge
]]>STARTEN: Heile 39 deltakarar stilte til start i løpsklassen.
Unge gutar og jenter og veteranar imponerte med sterke tider i vinterkarusellen på Eikanger 11. november. Men det var dei unge som imponerte mest.
17-årige Idar Odland tok tredje sigeren i løprt og betra bestetida si til 6.27, ni sekund betre enn i dei to siste løpa tidleg i vår. Endå meir imponerte 10-åringen Live Færø Linde med tida 7.51.
NY BESTETID: Idar Odland, bergensar med slektsrøter på Eikanger, sette personbeste med ni sekund.
Live Færø Linde vann for første gong. Det skjedde nesten på dagen 30 år etter at mora, Sara Rebekka Færø Linde, vann for første gong 27. november 1993. Som 11-åring sprang Sara då på 9.41.
KJEMPETID: 10-årige Live Færø Linde var raskaste jente og er mellom dei ti raskaste kvinnene i karusellen nokon gong.
Tida til Live Færø Linde plasserer henne mellom dei ti beste jenter/kvinner nokon gong i karusellen. Idar Odland er med si bestenotering inne blant dei 15 raskaste karuselldeltakarane sidan starten i 1979.
Det var gledeleg å sjå mange unge jenter og gutar på startstreken i dette løpet. I aldersspennet sju til 15 år var det mange av desse ungdomane som sprang imponerande fort. Tredje beste tid av alle hadde 13-årige Ludvig Færø Linde med 6.57. Han vart berre slått av vinnaren og onkelen sin, Jo Harald Færø. Sistnemnde fekk tida 6.34 og var raskast av alle veteranane.
Ludvig Færø Linde kom i mål til tredjeplass på sterke 6.57.
Med 39 startande i klassen for tidtaking er det lenge sidan det har vore eit så stort startfelt på Eikanger. Og med knapt 60 deltakarar i klassen utan tidtaking, var det i alt 98 startande.
Forholda var gode med klårvêr, vindstille, berr veg og nokre få plussgrader.
Neste løp på Eikanger går 9. desember. Det vert det tradisjonelle juleløpet då nissane gjerne dukkar opp. Så det er berre å trena og førebu seg.
Kjetil Aasgard fremst her, med Einar Færø og Live Færø Linde deretter.
Vinterkarusell 2023-24, 2. løp.
Eikanger 11. november 2023
Arr.: Eikanger IL
Nesten klårt, opphald, vindstille, berr veg, +3-4° C.
«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Idar Odland 6.27
2. Jo Harald Færø 6.34
3. Ludvig Færø Linde 6.57
4. Kjetil Aasgard 7.45
5. Einar Færø 7.50
6. Live Færø Linde 7.51
7. Petter Buvik 7.59
8. Dag Taule 8.04
9. Gustav Ansnes Færø 8.37
10. Anton Nikolai Vedå 8.49
Ein godt påkledd Dag Taule noterte 8.04.
Gustav Andsnes Færø sprang pål 8.37.
Anton Nikolai Vedå (nr. 30) og Sjur Øren Heggernes (18) i mål på gode tider.
Sjur Øren Heggernes 8.50
Håvard Fyllingsnes 9.09
Sjur Aasgard 9.17
Nikolai Færø 9.20
Åsmund Aasgard 9.23
Alf Fjellstad 9.30
Gunnar Hauge 9.36
Alma Taule 10.00
Matheo Taule 10.08
Terje Eidsnes 10.09
Rikke Færø Linde 10.11
Lorentz Linde 10.12
Jan Kårbø 10.16
Olav K. Romarheim 10.22
Inge Nævdal 10.23
Tine Taule 10.34
Steinar Haukås 10.49
Emin Tangerås 10.54
Tone Marit Vedå 11.01
Ingunn Kvalsvik 11.53
SMILANDE: Tone Marit Vedå kom i mål med eit kjempesmil etter å ha sprunge rundt Eikangervågen på 11 minuttar.
Magnus Golten Fyllingsnes 12.43
Samuel Sherrock 12.44
Håkon Rongved 13.00
Iris Tangerås 13.22
Ingrid Tangerås 13.23
Oline Kristin Hindenes Holmedal 13.39
Elin Hindenes 13.40
Sverre Solberg 14.54
Rannveig Marie Buvik Aasgard 15.05
TRIMGJENG: Her er nokre av gjengen på nesten 60 personar som tok turen rundt vågen utan tidtaking. Flott trim for både hundar og folk!
Utan tid:
Emil Høyland Aldeholm, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Ove Danielsen, Javiera Dommersnes, Jan Halvard Edvardsen, Hanne R. Eidsnes, Leiv Eidsnes, Silje Golten Eikevik, Bente E. Fyllingsnes, Henrik Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Knut Fyllingsnes, Laurits Golten Fyllingsnes, Levy Fyllingsnes, Oddvar Fyllingsnes, Rebekka W. Fyllingsnes, Samuel Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Helga Marit Færø, Britt Gjelsvik, Stanley Hauge, Arnfinn Hellevang, Selma Hindenes Holmedal, Torunn Hopland, Alf Høyland, Elin Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Frida Færø Linde, Sara R. Færø Linde, Anne Marie Molvik, Anne Lise Nordpoll, Emil Nordpoll, Even Nordpoll, Grete Nordpoll, Stian Nordpoll, Svein Nordpoll, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Susanne Rebnord, Kirsten Rongved, Tone Sperrevik, Audun Stusdal, Eira Stusdal, Grethe Titland, Sofia H. Titland, Åge Toft, Liv-Reidun Sletten Vabø, Albert Vedå, Lauritz Vedå, Lavrans Vedå, Mons Vedå, Runar Vedå, Torbjørn Vedå, Margareth Økland, Magnus Ådnanes
I alt 98 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 9. desember 2023.
Håvard Fyllingsnes.
Sjur Aasgard fremst her.
Nikolai Færø (18), Åsmund Aasgard og Alf Fjeldstad (10).
Gunnar Hauge.
Alma Taule.
Fremst Mateo Taule (ser bakover), Terje Eidsnes (12), Rikke Færø Linde (34), Lorents Linde (35) og Jan Kårbø (1).
Rikke Færø Linde og Lorentz Linde.
Inge Nævdal (39) og Olav K. Romarheim (32).
Ein gjeng trimmarar og Steinar Haukås (11).
Tekst og foto: Stanley Hauge
]]>Laurdag 11. november går andre løp i vinterkarusellen 2023-24 på Eikanger. Det vert lagt opp til tre løp før jul og fire etter nyttår.
Løypa er den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule.
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00 for løpsklassen. Påmeldinga startar ein god halv time tidlegare, frå kl 14.20. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.
Denne sesongen vert det halde 7 løp: 14. oktober, 11. november, 9. desember, 6. januar 2022, 3. februar, 9. mars og 6. april.
Vinterkarusellhefte2023-24-plakat-nett.pdf
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2008 og seinare)
Premiering
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.
Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.
Medaljar vert delte ut slik:
6-7 startar: Gull
4-5 startar: Sølv
3 startar: Bronse
Premiar for mange løp
Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100 startar, 150 startar, 200 startar og 250 startar.
Flest startar
Vinterkarusellen går no inn i sesong 45 sidan starten i 1979. I alt er det arrangert 344 løp med 21 611 startar.
Terje Eidsnes med 291 startar er den som har delteke flest gonger. Han er tett følgd av Sverre Solberg med 290. Deretter kjem Steinar Haukås med 275, Alf Høyland med 267, Arvid Hauge 265 og Leiv Eidsnes 254.
Av kvinnene er det Venke Toft Fyllingsnes med 171 startar og Grethe Titland med 165 som har delteke flittigast.
Løyperekordar
Svein Roar Kvamme har løyperekorden med 5.58 frå 21. oktober 2017. Halfdan Emil Færø har notert 6.04 (2013) og Kjetil Hodnekvam 6.10 (2001). Eli Anne Dvergsdal har rekorden for kvinner med 6.55 (2019), følgd av Bertine-Helen Færø 7.04 (2019) og Sara-Rebekka Færø Linde 7.06 (2019).
Tekst og foto: Stanley Hauge
]]>ÅTTE ÅR ETTER: Merete M Odland var raskaste kvinne på Eikanger i sesongopninga, åtte år etter ho var raskaste kvinne der for første gong.
Jo-Harald Færø var raskast i karusellopninga på Eikanger laurdag 14. oktober. Sterk innsats av Odland-familien, då mor Merete var raskaste kvinne og sonen Idar var nest best av alle.
ENDÅ EIN GONG var Jo-Harald Færø raskast i karusellen på Eikanger.
For Merete M. Odland var det andre gongen ho gjekk til topps. Første gong var for nesten åtte år sidan, i sesongen 2015-16 då ho vann det fjerde løpet på 9.51. Laurdag sprang ho på 10.06, så ho held forma godt vedlike
Jo-Harald Færø fekk vinnartida 6.41 og det var 26. gongen han var den som sprang fortast rundt Eikangervågen. Idar Odland på andreplass fekk tida 6.55. På tredjeplass kom Kjetil Aasgard på 8.15, ein sto framgang for han.
TRIO: Gustav Ansnes Færø fremst i denne gjengen, følgd av Alf Fjellstad og Nikolai Færø.
10-årige Gustav Ansnes Færø sprang på 9.40 som var 12 sekund fortare enn i førre sesong.
LOVANDE: Idar Odland er ein ung og lovande løpar, andreplass denne gongen.
Forholda i sesongopninga var helst litt sure med regnbyer og vind i delar av løypa. Men det hindra ikkje at heile 71 løparar stilte til start.
Det vert to løp til før nyttår, 11. november og 9. desember.
STERKT LØP: Petter Buvik sprang på 8.25 som heldt til 5. plass.
FRAMGANG: Kjetil Aasgard vart nummer tre i karusellopninga.
Vinterkarusell 2023-24, 1. løp
Eikanger 14. oktober 2023
Arr.: Eikanger IL
Regnbyer, berr veg, +9-10° C.
«Brua rundt», ca. 2 150 m
1. Jo-Harald Færø 6.414. Anders Eidsnes 8.21
5. Petter Buvik 8.258. Nikolai Færø 9.48
9. Merethe M. Odland 10.0610. Terje Eidsnes 10.14FLITTIG DELTAKAR: Jan Kårbø deltek nesten alltid i karusellen. Fin sesongopning laurdag.
11. Jan Kårbø 10.2212. Steinar Haukås 11.01
13. Atle Kolbeinsen 11.1714. Aksel Vedå 11.48
15. Torbjørn Vedå 11.4916. Leornardo Eidsnes 13.12
17. Anna Ansnes Færø 13.1319. Sverre Solberg 14.22
20. Mathilde Eneroth Høyland 15.1521. Odd Inge Høyland 15.15
Utan tid:Emil Høyland Aldeholm, Mette Ansnes, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Ove Danielsen, Leiv Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Alma Solheim Fjordheim, Byrge Solheim Fjordheim, Kristine Fjordheim, Lavrans Solheim Fjordheim, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Helga Marit Færø, Gunnar Hauge, Stanley Hauge, Emil Holsen, Torunn Hopland, Alf Høyland, Elin Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Anne Lise Nordpoll, Astrid Nordpoll, Even Nordpoll, Stian Nordpoll, Svein Nordpoll, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Bjarte Gees Boken Soiheim, Cato Sperrevik, Audun Stusdal, Eivind Stusdal, Grethe Titland, Vibeke Titland, Adrian Hansen Toft, Liam Hansen Toft, Richard Toft, Åge Toft, Liv-Reidun Sletten Vabø, Albert Vedå, Lavrans Vedå, Tone Marit Vedå
I alt 71 deltakarar.
Neste løp:
Laurdag 11. november 2023.
Tekst og foto: Stanley Hauge
]]>Laurdag 14. oktober går første løp i vinterkarusellen 2023-24 på Eikanger. Det vert lagt opp til tre løp før jul og fire etter nyttår.
Løypa vert den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved Eikanger skule.
Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00 for løpsklassen. Påmeldinga startar ein god halv time tidlegare, frå kl 14.20. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.
Denne sesongen vert det halde 7 løp: 14. oktober, 11. november, 9. desember, 6. januar 2022, 3. februar, 9. mars og 6. april.
Vinterkarusellhefte2023-24-plakat-nett.pdf
Startkontingent
Born til og med 15 år kr 25,-
Vaksne kr 50,-
Familie kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2008 og seinare)
Premiering
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.
Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.
Medaljar vert delte ut slik:
6-7 startar: Gull
4-5 startar: Sølv
3 startar: Bronse
Premiar for mange løp
Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100 startar, 150 startar, 200 startar og 250 startar.
Flest startar
Vinterkarusellen går no inn i sesong 45 sidan starten i 1979. I alt er det arrangert 344 løp med 21 611 startar.
Terje Eidsnes med 291 startar er den som har delteke flest gonger. Han er tett følgd av Sverre Solberg med 290. Deretter kjem Steinar Haukås med 275, Alf Høyland med 267, Arvid Hauge 265 og Leiv Eidsnes 254.
Av kvinnene er det Venke Toft Fyllingsnes med 171 startar og Grethe Titland med 165 som har delteke flittigast.
Løyperekordar
Svein Roar Kvamme har løyperekorden med 5.58 frå 21. oktober 2017. Halfdan Emil Færø har notert 6.04 (2013) og Kjetil Hodnekvam 6.10 (2001). Eli Anne Dvergsdal har rekorden for kvinner med 6.55 (2019), følgd av Bertine-Helen Færø 7.04 (2019) og Sara-Rebekka Færø Linde 7.06 (2019).
Tekst og foto: Stanley Hauge
]]>VINNAR: Svein Roar Kvamme jublar då han går i mål som vinnar.
Svein Roar Kvamme vann Eikangerløpet søndag 1. oktober på 16.42,0. Han vann etter duell med Jo-Harald Færø som fekk tida 16.48,9. Bertine-Helene Færø var raskaste kvinne med 19.27,4.
Eikangerløpet, som er 5000m på bane, avsluttar banesesongen på Ostereidet.
LIKE ETTER START: Jo-Harald Færø i teten, tett følgd av Svein Roar Kvamme, Nellie Cecilie Taule (rett bak Svein Roar), Grethe Jørgensen og Bjørnar Eidsheim.
Jo-Harald Færø tok teten ut frå start, men Svein Roar Kvamme gjekk kort tid etter opp i teten og heldt leiinga til må. Jo-Harald vart først lenger og lenger etter, men avslutta sterkt og tok innpå dei siste 4-5 rundane.
Svein Roar Kvamme, som no stiller for Eikanger IL, deltok for tredje gong. Besttida hans der 15. 39,5 frå 2014 då han vart nummer to bak ein annan Færø – Halfdan-Emil som den gong vann på 15.28,8.
Tredje raskast i løpet i år var Bjørnar Eidsheim med tida 19.22,2. Deretter kom superveteranen Einar Færø på 19.28,6.
FLEIRE I FELTET: Bjørnar Eidsheim fremst, så Anders Eidsnes, Einar Færø, Bertine-Helene Færø og Are Flekke.
Bertine-Helene Færø var raskaste kvinne for niande gong. Første gong ho var raskast var i 2003 som elleveåring. Grethe Jørgensen, som har tre sigrar på Ostereidet, vart nummer tre i år. 15-årige Nellie Cecilie Taule debuterte og imponerte på andreplass med 20.15,2.
19 personar stilte til start i årets løp, seks fleire enn i fjor og det største feltet sidan 2018.
Løpsforholda i år var tyngre enn før. Det skuldast mest at toppgrusen som vart lagt på i fjor ikkje er raudstubb, men ein lausare grus som ikkje er så veleigna. Eikanger IL og løpsdeltakarane vonar kommunen får ordna opp i dette til neste sesong. Elles var det opphald, vindstille og fin temperatur for å springa langt.
Premiar for mange startar
Tre deltakarar fekk i år pokal for å ha delteke for tiande gong. Det var Grethe Jørgensen, Nikolai Færø og Anders Eidsnes.
POKAL FOR TI STARTAR I LØPET: Grethe Jørgensen, Anders Eidsnes og Nikolai Færø (t.h.)
Flest startar har Arvid Hauge med 44, Inge Nævdal med 36, Sverre Solberg 31, Bjørnar Eidsheim 30, Gunnar Hauge 26 og Helge Færø 22. Av kvinnene har Bertine-Helene Færø flest med 12.
Vinterkarusellen neste
Laurdag 14. oktober er Eikanger IL klar med første løpet i vinterkarusellen på Eikanger. Deretter vert det løp 11. november og 9. desember.
STORT FELT: 19 personar stilte til start i årets Eikangerløp, fleire enn på mange år.
Eikangerløpet 2023.
Ostereidet idrettsbane 1.10.2023
Arr.: Eikanger IL
Opphald, vindstille, +11-12° C.
5000m menn
1. Svein Roar Kvamme 1990 Eikanger IL 16.42,0
2. Jo-Harald Færø 1983 Eikanger IL 16.48,9
3. Bjørnar Eidsheim 1968 Eikanger IL 19.22,2
4. Einar Færø 1956 Eikanger IL 19.28,6
5. Ruben Hosøy 1988 Eikanger IL 19.56,6
6. Helge Færø 1960 21.12,1
7. Anders Eidsnes 1973 Eikanger IL 21.48,2
8. Nikolai Færø 1985 Eikanger IL 23.00,9
9. Are Flekke 1996 Norna-Salhus 23.04,3
10. Erlend Brattholmen 1988 Eikanger IL 23.21.4
11. Ørjan Taule 1979 25.15,7
12. Inge Nævdal 1954 Eikanger IL 25.23,0
13. Jan Kårbø 1957 Eikanger IL 25.26,0
14. Arvid Hauge 1960 Eikanger IL 25.48,8
15. Thomas Namdal 1978 Eikanger IL 29.32,8
16. Sverre Solberg 1952 Aks 77 32.39,9
5000m kvinner
1. Bertine-Helene Færø 1992 Varegg 19.27,4
2. Nellie Cecilie Taule 2008 Aks 77 20.15,2
3. Grethe Jørgensen 1975 Aks 77 20.55,7
Tekst og foto: Stanley Hauge
]]>Eikangerløpet, 5000m på bane, vert arrangert på Ostereidet søndag 1. oktober kl. 15.00. Løpet vert i år arrangert for 44. gong.
Påmelding kan skje frå kl. 14.15 løpsdagen eller ved å senda e-post til stanhau@online.no innan laurdag 30. september kl. 12.00. Startkontingent kr 100,00 per deltakar. Kan betalast kontant eller med vips til: #577536
Litt om løpet
Dette løpet passar ikkje berre for aktive friidrettsutøvarar, men høver også godt for trimmarar og mosjonistar som vil testa seg på rundløpsbana.
Deltakartalet i løpet har svinga ein del, frå nær 40 til om lag 10. I fjor var det 13 deltakarar.
Halfdan Emil Færø har løpsrekorden med 15.23,0 frå 2015. I dameklassen er det Karoline Holsen Kyte som har rekorden med 17.21,8 frå 2021.
Arvid Hauge har vore med 42 gonger og Inge Nævdal 35 gonger. Elles har Sverre Solberg 30 og Bjørnar Eidsheim 29 startar, Gunnar Hauge 25 og Sigmund Nævdal 20.
Premiering
I tillegg til premiering av dei beste i dame- og herreklassen, er det premie for 1. gongs deltaking, og når ein har delteke 3 gonger, 5 gonger, 10 gonger, 20 gonger og 25 gonger.
Vel 17 rundar
På den 293,3 m lange bana på Ostereidet må ein springa 17 rundar pluss 13,9 meter.
Det er fint om du som skal delta får med deg ein som kan hjelpa til med rundeteljinga som skjer ved registrering på eige ark som arrangøren ordnar med.
Tekst og foto: Stanley Hauge
Det vert sju løp i vinterkarusellen komande sesong. Første løpet vert laurdag 14. oktober, som vanleg med start ved Eikanger skule og deretter løypa rundt vågen.
Før jul vert det også løp 11. november og 9. desember.
Etter nyttår går det første løpet 6. januar, så vert det løp 3. februar, 9. mars og 6. april.
Me kjem attende med meir informasjon seinare.
Tekst og foto: Stanley Hauge