Karusell på Eikanger laurdag 11. mars

Postet av Stanley Hauge den 5. Mar 2023

Laurdag 11. mars går sjette løpet i vinterkarusellen 2022-23 på Eikanger. Påmelding fra kl. 14.20 og start i løpsklassen kl 15.00 i porten til Eikanger skule.

Dette er det nest siste løpet denne sesongen. Det siste løpet går laurdag 1. april.

Løypa er den velkjente på ca. 2,2 km rundt Eikangervågen med start og mål ved  skulen.

Løpsdatoar
Løpa har laurdag som fast løpsdag, med start og mål ved Eikanger skule. Starten er presis kl. 15.00, medan påmeldinga startar ein god halv time tidlegare. Dei som deltek utan tidtaking, kan starta straks dei er påmelde.

Denne sesongen vert det halde 7 løp: 22. oktober, 12. november, 10. desember, 7. januar 2022, 4. februar, 11. mars og 1. april. 

Startkontingent

Born til og med 15 år           kr 25,-
Vaksne                                kr 50,-
Familie                                kr 100,-
(vaksne + born t.o.m. 15 år (f. 2008 og seinare)

Premiering 
Ved kvart løp vert det trekt ut ein del premiar på startnummer. Det vert også enkle premiar til raskaste kvinne og mann ved kvart løp.

Etter sesongen vert det medaljar til alle som har fullført minst tre løp.

Medaljar vert delte ut slik:
6-7 startar: Gull
4-5 startar: Sølv
3 startar: Bronse

Premiar for mange løp

Det vert delt ut pokalar til dei som passerer 30 startar, 75 startar, 100  startar, 150 startar, 200 startar og 250 startar.

Flest startar
Vinterkarusellen er no inne i sesong 44 sidan starten i 1979. I alt er det arrangert 341 løp med 21 453 startar.

Løyperekordar
Svein Roar Kvamme har løyperekorden med 5.58 frå 21. oktober 2017. Halfdan Emil Færø har notert 6.04 (2013) og Kjetil Hodnekvam 6.10 (2001). Eli Anne Dvergsdal har rekorde fro kvinner med 6.55 (2019), følgd av Bertine-Helen Færø 7.04 (2019) og Sara-Rebekka Færø Linde 7.06 (2019).

Tekst og foto: Stanley Hauge




2 Kommentarer

Kommentarer

  • Steinar Haukås

    😊😊😊

    12 mars 2023
  • Stanley Hauge

    Fint at du såg det Steinar. Det er nok ein trykkfeil. Løpet går 1. april - og det err ingen spøk.

    08 mars 2023
  • Steinar Haukås

    Hallo Stanley. Du skriv her at siste løpet i VK i år går 12 april…..står også 1.april….

    08 mars 2023

Logg inn for å skrive en kommentar.