Ungdomsskuleelevar arrangerte stort friidrettsstemne på Ostereidet

Postet av Eikanger Idrettslag den 18. Jun 2019

60 METER: Adrian Fyllingsnes i tet i dette hitet for femteklassingane.

På tampen av skuleåret arrangerte ungdomsskuleelevar på Ostereidet friidrettsstemnet med flest startande i Nordhordland denne sesongen. Ved stemnet som gjekk i flott sommarvêr 14. juni var det over 550 startar.

Deltakarar var elevar i 5.-7. klasse ved Leiknes, Eikanger, Kløvheim og Ostereidet barneskular. Dei konkurrerte i 60m, 800m, lenge, kule og stafett. Og for dei som syntest 800m på tid var vel tøft, var ein tur på stiar i terrenget alternativet. 

JUBEL: Theodor Myhr jublar over å koma først i mål i sitt hit på 60m i 5. klasse.

Like sidan 1981 har det vore tradisjon at elevar ved Ostereidet ungdomsskule arrangerer dette stemnet for barneskulane. Som regel har det vore elevar som tek idrettsfag i avgangsklassen som er arrangørar. I år hadde dei også god hjelp av ein del frå 9. klassen. Også lærarane hadde ein finger med i spelet. 

KULE: Håvard Valdersnes (nr. 181) i kuleringen, men han gjorde det best i løp og hopp.

Med det nye raudstubbdekket på bana på Ostereidet var forholda i år betre enn på lenge. Aktiviteten var stor. I tillegg til 60m løp, vart det samstundes hoppa lengde i to groper og støytt kule frå to kastringar.  

Mellom dei i alt vel 150 deltakarane var det mange som viste flott talent for friidrett. Raskaste 60m var det ikkje uventa ein gut i eldste klasse som stod for. 7.-klassingen Jakob Angelskår sprang på 8,7 og var tidelen raskare enn Leon Aleksander Veland i same klassen. 

JAMT LØP: Sander Låstad Namdal (nr. 110), Vetle Valker Natås (nr. 111) og Mikkel Villanger (nr. 160) i flott driv på 60m.

Maja Andvik Totlandsdal i 6. klasse var med 9,4 raskaste jente. 7. klassingane Sara Hopland Hamlander og Victoria Dyngeland sprang også på 9,4. Kjapp var også Olivia Raunehaug i 5. klasse med 9,7.

 

HARD KAMP: Desse tre jentene sprang nesten likt på 60m i 6. klasse. Frå venstre Isabella-Mikkelsen-Klementsen, Mirian Myhre og Live Bjerke Ramsvik.

I lengde var det Olav Alme, 5. klasse, som utmerka seg med 4,20. Berre 7. klassingen Jakob Angelskår med 4,44 hoppa lenger. Av jentene var det Alexandra Tunes Lund, 6. klasse, som hoppa lengst med 3,96.

GODT UTKAST: Oskar Molvik Pettersen.

 Leon Aleksander Veland, 7. klasse, var den som hadde best tilslag i kulestøyt. Han greidde 11,06 med 3-kiloskula, over to meter lenger enn nest beste. i klassen. Sondre Tunes Lund i 5. klasse støytte 8,38 med 2-kiloskula. Av jentene hadde Ina Mathilde Kleiven, 5. kl., 6,97, Maja Andvik Totlandsdal , 6. kl., 7,74 og Hege Romarheim, 7. kl., 8,70. Alle jentene brukte 2-kiloskula.

DER FOR KULA: Sivert Strøm med godt tilslag i kuleringen.

På 800m var det ei jente som oppnådde best tid av alle.  Alexandra Tunes Lund, 6. kl., sprang på 2.56,5. Medan Håvard Valdersnes, også han i 6. kl., var raskaste gut med 2,57,7.

 

LENGDEHOPP: Vegard Kvestad i svevet.

VERT DET LANGT? Maren Midtgård.

Resultatliste dei 3 beste kvar øving:  Barnskulestemne-2019-resultat.pdf

Ungdomsskulestemne

Ostereidet ungdomsskule arrangerte også stemne for sine eigne elevar i 8.-10. klasse. Dette stemnet gjekk nokre dagar før barneskulestemnet med lærarane som funksjonærar. Beste resultatet ved dette stemnet var det 8.-klassingen Sandra Nævdal som stod for med 8,4 på 60m. Berre eit par eldre gutar sprang ein tidel raskare. Heine Kvammen, også han 8. klasse, stod for det beste lengderesultatet med 4,59. På 800m var 10.-klassingen Jesper Guldbrandsøy raskast med 2.20,9.

Premiane til begge stemnene vert sponsa av friidrettsgruppa i Eikanger idrettslag.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Andre sommarkarusell i friidrett tysdag 11. juni

Postet av Eikanger Idrettslag den 16. Mai 2019

Friidrettsgruppa inviterer jenter og gutar frå 5-6 år og oppover til sommarkarusell og treningar i friidrett i sommar og haust på Ostereidet.Den andre sommarkarusellen vert arrangert tysdag 11. juni.

Det vert lagt opp til trening og karusellar desse datoane:

21. mai            trening kl. 18.30-19.30

28. mai            sommarkarusell, start kl. 18.30, påmelding frå kl. 18.00
Øvingar: 60m og lengde Resultat: Sommarkarusell 28.5.2019-resultat.pdf

4. juni               trening kl. 18.30-19.30

11. juni sommarkarusell, start kl. 18.30, påmelding frå kl. 18.00
                        Øvingar: 60m og kast (liten ball) Resultat: Sommarkarusell11.6.-2019-resultat.pdf

18. juni            trening kl. 18.30-19.30

25. juni            seriestemne start kl. 18.30, påmelding frå kl. 18.00

20. august      trening kl. 18.30-19.30

27. august       sommarkarusell, start kl. 18.30, påmelding frå kl. 18.00
                        øvingar kjem seinare

                        seriestemne same kveld

3. september    trening kl. 18.30-19.30

10. september  sommarkarusell, start kl. 18.00, påmelding frå kl. 17.45
                        øvingar kjem seinare

Startkontingent på sommarkarusellane: kr 20,00 per deltakar

Me treng medhjelparar
For å få ei god avvikling av sommarkarusellane treng me medhjelparar. Me oppmodar foreldre til å hjelpa til med tidtaking, måling m.m.

Det vil også vera hyggeleg om noko kan vera med på treningane slik at me vert fleire til å ta oss av dei ivrige rekruttane.

Vel møtt på idrettsbana på Ostereidet.

Premiering
Som tidlegare år vert det premieutdeling etter sesongen med premie til alle som deltek. Kanskje vert det også nokre premieoverraskingar på dei enkelte stemnene.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Tenåringsduell om karusellsiger

Postet av Eikanger Idrettslag den 13. Apr 2019

DUELL: Raske unggutar kjempa om sigeren i karusellfinalen. Magnus Håland vann knappe to sekund føre Kristoffer Hopland.

Tenåringane Magnus Håland og Kristoffer Hopland hadde ein flott duell om sigeren i karusellfinalen på Eikanger laurdag. 17-årige Magnus vann på 6.37 knappe to sekund føre den eitt år yngre Kristoffer.

Håland, som ofte går til topps i karusellen på Austrheim, tok den først sigeren sin i karusellen på Eikanger. Han har forbetra seg kraftig sidan førre gong han deltok her. Den gamle bestetida hans var på 7.37 frå november 2017.

STARTEN: Hopland-brørne, Kristoffer (nr. 56) og Johannes (55), var i teten ut frå start.

Kristoffer Hopland, som betra bestetida si med ti sekund til 6.55 då han vann førre karusell, sprang no på 6.39. Han kutta dermed nye 16 sekund av den fjorten dagar gamle personlege rekorden sin. Det skal verta spennande å følgja desse to gutane når baneløpa startar i mai.

NYTT STERKT LØP: Sara Rebekka Færø Linde sprang på 7.18 og var berre åtte sekund etter sin eige løyperekord.

Sara Rebekka Færø Linde var på ny raskast dame. Tida hennar vart 7.18, berre åtte sekund etter bestetida frå løpet 9. mars i år. Sterkt gjort etter ein nyleg avslutta lungebetennelse. Nest raskaste dame var Grethe Jørgensen på tida 7.57 som er sesongbeste for henne – ein god prestasjon i det fjerde løpet hennar på ei veke.

TREDJEPLASS: Vebjørn Haugsdal sprang på nytt personbeste med 7.15.

Vebjørn Haugsdal var tredje raskast laurdag med tida 7.15 som var ny bestenotering for han med eitt sekund. Solide løp av veterangjengen Jon Harald Leknes (7.23), Nils Rune Sæthre (7.30), Bjørnar Eidsheim (7.32), Terje Håland (7.34) og Ove Morken (7.41).

STOR FRAMGANG: Idar Odland har hatt stor framgang denne sesongen og bestetida hans no er 8.01. Neste sesong kjem han truleg ned på 7-talet.

Idar Odland i 13-årsklassen har hatt stor framgang denne sesongen. Han har betra bestetida si frå 8.43 i siste løpet førre sesong til 8.01 i løpet laurdag. Ei rekkje andre unge gutar og jenter noterte nye bestetider eller sesongbeste i karusellfinalen. Og det same gjorde fleire vaksne.

SPREKE GUTAR: Fremst Mats Johan G. Oppedal og like bak kjem brørne Eskil og Gaute Sørli Verlo.

Løpet gjekk i strålande solskin og nesten vindstille, så forholda var fine. 110 deltakarar stilte til start og det er det nest høgaste deltakartalet denne sesongen. I alt har det vore 897 startar i dei ti løpa i 2018-19, noko som er rekord for ein sesong.

FLITTIGE DELTAKARAR: Denne gjengen fekk premie for mange startar. Frå venstre: Anders Eidsnes, Steinar Haukås, Jan Kårbø, Michelle Helland Haukås, Magnus Elvik og Venke Fyllingsnes. 

Premie for mange startar gjekk i år til: Steinar Haukås passerte milepålen 250 startar, Jan Kårbø og Anders Eidsnes fekk premie for 200 startar. Venke Fyllingsnes fekk som første kvinne premie for 150 startar. Magnus Elvik passerte 100 startar og Atle Austrheim 75 startar. For meir enn 30 startar fekk desse premie: Tanita Sperrevik, Michelle Helland Haukås og Leif Bjørnar Hopland.

Terje Eidsnes toppar framleis lista over flest startar med 272, følgd av Sverre Solberg 268, Steinar Haukås 255, Alf Høyland 248 og Arvid Hauge 245.

Lad opp med ti fine turar
Når karusellsesongen no er slutt, kan det vera ein god ide å lada opp til neste sesong med å delta i  «Ti fine turar» som trimgruppa står for.

Vinterkarusell 2018-19, 10. løp.
Eikanger 13. april 2019
Arr.: Eikanger IL
Sol, flott, berr veg, lett vind,  + 9-11° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m

1. Magnus Håland            6.37
2. Kristoffer Hopland            6.39
3. Vebjørn Haugsdal            7.15
4. Sara R. Færø Linde            7.18
5. Jon Harald Leknes            7.23
6. Nils Rune Sæthre            7.30
7. Bjørnar Eidsheim            7.32
8. Terje Håland            7.34
9. Johannes Hopland            7.37
10. Ove Normann Morken            7.41

VETERAN I GODT DRIV: Jon Harald Leknes sprang på tida 7.23, fem sekund raskare enn då han debuterte i karusellen for fjorten dagar sidan.

SESONGBESTE: Grethe Jørgensen sette sesongbeste i karusellfinalen med 7.57, åtte sesong etter bestetida frå i fjor. Idar Odland kjem like bak henne.

11. Grethe Jørgensen            7.57
12. Idar Odland            8.01
13. Martin Fredriksen            8.12
14. Mats Johan G. Oppedal            8.16
15. Gaute Sørli Verlo            8.20
16. Eskil Sørli Verlo            8.22
17. Jan Helge Gausvik            8.33
18. Amalie Kallestad            8.37
19. Ludvig Færø Linde             8.38
20. Mette Ansnes            8.38

GJENG I FINT DRIV: Amalie Kallestad avslutta karuellsesong med ny personleg rekord på 8.37. Like bak kjem Ludvig Færø Linde og Mette Ansnes.

Johan Austgulen            8.40
Stina Nes Sjursen            8.48
Olav Alme            8.49
Bjarne Gausvik            8.49
Daniel Norheim            9.03
Mina Elisabeth Søraa            9.04
Adrian Hansen Toft            9.05
Ida Herland Sæthre            9.11
Marcus Helland Haukås            9.12
Are Flekke            9.18

Terje Eidsnes            9.24
Jan Kårbø            9.29
Sjur Øren Heggernes            9.38
Silje Nes Sjursen            9.50
Eira Austgulen            9.52
Øyvind G. Oppedal            9.53
Håvard Andre G. Oppedal            9.55
Samuel Strømmen Gjuvsland            10.07
Martin Andreas Søraa            10.11
Sondre R.  Eidsnes            10.19

Frode Sjursen            10.20
Anders Eidsnes            10.24
Merethe M. Odland            10.29
Martin Nytun Schulstad            10.47
Gustav Ansnes Færø            10.49
Jo Harald Færø            10.50
Atle  Kolbeinsen            10.53
Sverre Solberg            11.30
Solveig Villanger Haugland            11.31

Utan tid:
Emil Høyland Aldeholm, Margrethe Alme, Renate Alme, Håvard Austgulen, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Hanne R. Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Magnus Elvik, Renate Eneroth, Victoria Enes, David Enes, Jakob Enes, Andre Midtgård Espevoll, Ann Kathrin Midtgård  Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Bente E. Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Anna Ansnes Færø, Alexander Gausvik, Kari Gausvik, Arvid Hauge, Sofie Haugland Hauge, Stanley  Hauge, Kay Eric Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Svein Olav Heggernes, Katrine Hopland, Torunn Hopland, Isak Øvretveit Hosøy, Mali Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Mathilde Eneroth Høyland, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Frida Færø Linde, Live Færø Linde, Lorentz Linde, Rikke Færø Linde, Cecilie Beate Mosland, Elias Mosland, Alf Kåre Mosland, Jonathan Mosland, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Emil Olai Oppedal, Margunn G. Oppedal, Cato Sperrevik, Andreas Søraa, Liam Hansen Toft, Monica Toft, Richard Toft, Åge  Toft, Amalie Øvretveit, Johanne Øvretveit

110 deltakarar.

Neste løp: Laurdag 12. oktober kl. 15.00.

PERSONESTE: Stine Nes Sjursen sette personbete med 8.48. Bak henne er det spurtduell mellom Olav Alme (nr. 26) og Bjarne Gausvik. Begge fekk tida 8.49. I blått mellom løparane går trimmarane Bente Fyllingsnes og Jan S. Fyllingsnes.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Hopland-brør i fin framgang

Postet av Eikanger Idrettslag den 30. Mar 2019

VINNARTRIO: Kristoffer Hopland vann spurten mot veteranen Svein Glomnes og Alex Wollan.

Hopland-brørne Kristoffer og Johannes viste flott framgang i det nest siste karuselløpet på Eikanger denne sesongen. Kristoffer betra bestetida si med 10 sekund og vann etter ein duell med veteranen Svein Glomnes.

Med tida 6.55 tok 16-årige Kristoffer den andre sigeren sin i karusellen. To år yngre Johannes Hopland betra bestetida si med 14 sekund til 7.21. Det heldt til 6. plass i eit sterkt felt. 

STARTEN: Johannes Hopland (nr. 3) og Kristoffer Hopland (nr. 6) tok teten fram mot svingen og unnabakken.

Veteranen Svein Glomnes deltok for første gong på lenge og viste solid form med 6.56. På tredjeplass kom Alex Wollan med 6.57. 

STERK SESONG: Bertine-Helene Færø har hatt ein sterk karusellsesong med fem sigrar. Her kjem Knut Magne Hauge med barnevogn inn til femteplass på 7.20.

Bertine-Helene Færø var på  ny raskaste kvinne, denne gongen med 7.18 – berre eit sekund etter bestetida si. Ho har hatt ein fin sesong og vunne i alt fem gonger, og tidene har vore mellom 7.17 og 7.29. Bertine-Helene vert ikkje med i karusellfinalen 13. april, så nye rekordforsøk frå henne lyt venta til hausten.

SPURT I HAGLEBYE: Vebjørn Haugsdal noterte 7.24 i haglebya, åtte sekund etter bestetida si.

Med solskin rett før start, såg det ut til å verta glimrande forhold. Men rett etter starten gjekk, kom ei kraftig bye med regn, slaps og hagl. Utan dette veromslaget ville nok mange sprunge nokre sekund raskare. Typisk nok letta veret og sola kom att då alle var komne i mål.

Mange unge jenter og gutar noterte trass forholda gode tider, og fleire sette personbeste. Olav Alme sprang på 8.56, under ni minuttar for første gong. Mina Elisabeth Søraa sprang på 9.06 og Sjur Øren Heggernes og Daniel Norheim kom begge under ti minuttar. Håvard Andre G. Oppedal sprang på 10.16 og kutta 40 sekund av den gamle «persen» sin.

TRIMGJENG OG KJAPPE BORN: Mina Elisabeth Søraa (startnr. 64) sprang på ny bestetid og Mats Johan G. Oppedal (nr. 54) sette også ny «pers» samstunde som han slo bestefar Bjarne Gausvik (i raudt rett bak) med nokre tidelar. I midten trimmaren og flittig karuselldeltakar Jan S. Fyllingsnes.

96 deltakarar stilte til start. Laurdag 13. april vert det karusellfinale med utdeling av premiar. Alle som har vore med i minst tre løp får medalje. 

LØPAR OG TRIMARAR: Olav Alme med startnummer 40 noterte den flotte tida 8.56.Fleire trimmarar følgjer like bak han.

Vinterkarusell 2018-19, 9. løp.
Eikanger 30. mars 2019
Arr.: Eikanger IL
Skya, opphald, solgløtt, berr veg, haglbye under løpet, vindstille, + 3-4° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Kristoffer Hopland            6.55
2. Svein Glomnes            6.56
3. Axel Wollan            6.57
4. Bertine Helene Færø            7.18
5. Knut Magne Hauge            7.20
6. Johannes Hopland            7.21
7. Vebjørn Haugsdal            7.24
8. Jon Harald Leknes            7.28
9. Helge Færø            7.45
10. Samuel Meling            7.54

11. Anders Eidsnes            8.00
12. Grethe Jørgensen            8.10
13. Idar Odland            8.39
14. Amalie Kallestad            8.43
15. Marius Hopland Larsen            8.48
16. Olav Alme             8.56
17. Mina Elisabeth Søraa            9.06
18. Mats Johan G. Oppedal            9.07
19. Bjarne Gausvik            9.07
20. Jan Kårbø            9.32

21. Terje Eidsnes            9.41
22. Jan Halvard Edvardsen            9.47
23. Sjur Øren Heggernes            9.51
24. Daniel Norheim            9.54
25. Adrian Hansen Toft            10.12
26. Håvard Andre G. Oppedal            10.16
27. Solveig Villanger Haugland            10.48
28. Gunnar A. Larssen            10.54
29. Ove Danielsen            11.03
30. Martin Andreas Søraa            11.25

31. Håkon Rongved            11.37
32. Cato Sperrevik            11.49
33. Sverre Solberg            11.53
34. Olai Nepstad            12.13
35. Alvar Martins            13.59
36. Martin Nytun Schulstad            14.00
37. Tanita Sperrevik            14.57
38. Venke Fyllingsnes            14.59

FINT DRIV: Sjur Øren Heggernes (over) sette ny personbeste  med 9.51. Og Daniel Norheim (under) med 9.54 kom også under ti minuttar for første gong.

GOD SPURT: Adrian Hansen Toft spurta godt, men var litt etter bestetida si denne gongen.

Utan tid:

Hallgeir Alme, Rakel Alme, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Hanne R. Eidsnes, Miriam R. Eidsnes, Sondre R.  Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Andre Midtgård Espevoll, Annikken Midtgård Espevoll, Asbjørn Espevoll, Bente E. Fyllingsnes, Fiona Fyllingsnes, Jan S. Fyllingsnes, Morgan Fyllingsnes, Renate Fyllingsnes, Nikolai Færø, Arvid Hauge, Sofie Haugland Hauge, Stanley  Hauge, Kay Eric Haukås, Marcus Helland Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Svein Olav Heggernes, Benjamin Helgesen, Jonathan Helgesen, Katrine Hopland, Leif Bjørnar Hopland, Torunn Hopland, Kate Hosøy, Isak Øvretveit Hosøy, Mali Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Alf  Høyland, Margrethe Høyland, Bjarte Larssen, Inge Leknes, Bjørn Mo, Cecilie Beate Mosland, Elias Mosland, Jonathan Mosland, Merethe M. Odland, Solveig Odland, Emil Olai Oppedal, Øyvind G. Oppedal, Susanne Rebnord, Kirsten Rongved, Linn Søraa, Grethe Titland, Monica Toft, Åge  Toft, Amalie Øvretveit, Johanne Øvretveit, Anna Rebnor Ådnanes, Martin Ådnanes

96 deltakarar.

Neste løp:

Løpsfinale laurdag 13. april kl. 15.00.VETERAN MED MANGE STARTAR: Sverre Solberg er flittig deltakar i vinterkarusellen. Med 267 startar er han berre fire etter Terje Eidsnes som har flest med 271.

Tekst og foto: Stanley Hauge



Færø-dobbel og lovande ungdomar

Postet av Eikanger Idrettslag den 10. Mar 2019

STARTEN: Full fart ut frå start. Kristoffer Apelthun Færø (nr. 55), Vebjørn Haugsdal (51), Bertine-Helene Færø (20), Magnus-Johan Færø (12, Grethe Jørgesnen (6), Mina Elisabeth Søraa (60), Phillip Morken (34) og Erling Skarstein (41) i fremste rekkje. 

Magnus-Johan Færø var raskast i det 8. karuselløpet på Eikanger. Bertine-Helene Færø var nok ein gong raskaste kvinne. Fleire ungdomar leverte gode løp på fine tider.

KLAR SIGER: Magnus-Johan Færø tok ein klar siger.

Bertine-Helene Færø sprang på ny eit sterkt løp, denne gongen på 7.26, og det var 26. gong ho var første kvinne i mål. For Magnus-Johan var det tredje gongen han har vore først i mål i karusellen.

INNSPURTEN: Vebjørn Haugsdal og Bertine-Helene Færø i spurtduell. Denne gongen var Vebjørn litt føre. 

Dei to unggutane Philip Morken (f. 2004) og Kristoffer Apelthun Færø (f. 2003) kom på andre og tredjeplass. Begge sette solide nye bestenoteringar i løypa. Med tida 7.16 var Phillip 15 sekund raskare enn for tre veker sidan. Kristoffer Færø betra den snart tre år gamle bestetida si med nesten eit halvt minutt då han kom i mål på 7.17.

STERKE UNGGUTAR: Phillip Morken (nr. 34) vart nummer to i løpet med 7.16. Han fekk hard kamp av Kristoffer Apelthun N. Færø som sette personleg rekord med 7.17.

Flotte tider også av dei unge jentene Amalie Kallestad (f. 2006) med 8.43 og Victoria Osen (f. 2008) på 9.31. Victoria sprang for første gong under ti minuttar.

FLOTTE LØP: Idar Odland gjorde det nest beste karuselløpet sitt. Amalie Kallestad sprang på den beste tida ho har hatt sidan ho sette personleg rekord 1. april 2017.

Grethe Jørgensen med 8.14 var den nest raskaste av kvinnene. 

66 deltakarar stilte til start i løpet som gjekk under fine forhold etter at det tidlegare på dagen hadde sett ut til å kunna verta skikkeleg vinterføre med snø og glatte. No var det berr veg rundt heile løypa og enkelte solglytt.

NESTEN REKORD: Marcus Helland Haukås sprang på 9.20, eitt sekund bak rekorden sin.

STOR FORBETRING: Victoria Osen sprang over halvminuttet raskare enn ho hadde gjort før.

Dei to siste løpa i karusellen for sesongen 2018-19 går laurdag 30. mars og 13. april. Ved løpsfinalen 13. april vert det som vanleg premieutdeling med medaljar til alle som har minst tre startar denne sesongen. Så veit du at du har eitt løp før i år, kan du enno greia å kvalifisera deg til medalje.

Vinterkarusell 2018-19, 8. løp.
Eikanger 9. mars 2019
Arr.: Eikanger IL
Skya, opphald, solgløtt, berr veg, vindstille,  + 2-3° C.

«Brua rundt», ca. 2 150m
1. Magnus Johan Færø            6.57
2. Phillip Morken            7.16
3. Kristoffer A. Færø            7.17
4. Vebjørn Haugsdal            7.25
5. Bertine Helene Færø            7.26
6. Anders Eidsnes            8.06
7. Grethe Jørgensen            8.14
8. Idar Odland            8.39
9. Amalie Kallestad            8.43
10. Nikolai Færø            8.57

11. Marcus Helland Haukås            9.20
12. Victoria Osen            9.31
13. Erling Skarstein            9.33
14. Jan Kårbø            9.37
15. Terje Eidsnes            9.49
16. Jan Halvard Edvardsen            9.57
17. Mina Elisabeth Søraa            9.58
18. Adrian Hansen Toft            10.05
19. Harald Hansen            10.06
20. Merethe M. Odland            10.31

21. Liam Hansen Toft            10.53
22. Richard Toft            10.54
23. Martin Andreas Søraa            11.14
24. Andreas Søraa            11.15
25. Håkon Rongved            11.31
26. Benjamin Thorkildsen Sellevoll            11.39
27. Sverre Solberg            12.03
28. Stein Tore Holsen Viken            12.11

FLOTT LØP: Erling Skarstein i fint driv mot mål. Jan Kårbø kjem litt lenger bak.

Utan tid:

Signe Brith Breimoen, Ingeborg Reigstad Danielsen, Lene Reigstad Danielsen, Sondre R.  Eidsnes, Sunniva R. Eidsnes, Hugo Eikanger, Magnus Elvik, Jan S. Fyllingsnes, Venke Fyllingsnes, Bente Merete  Færø, Helga Marit Færø, Arvid Hauge, Stanley Hauge, Benedicte Helland Haukås, Kay Eric Haukås, Michelle Helland Haukås, Steinar Haukås, Torunn Hopland, Isak Øvretveit Hosøy, Mali Øvretveit Hosøy, Ruben Hosøy, Torill Kvammen, Bjarte Larssen, Gunnar A. Larssen, Inge Leknes, Bjørn Mo, Torben Namdal, Jan Erik Odland, Solveig Odland, Kirsten Rongved, Tone Sperrevik, Grethe Titland, Monica Toft, Anton Nikolai Vedå, Aksel Vedå, Tone Marit Vedå, Torbjørn Vedå, Johanne Øvretveit

66 deltakarar.

Neste løp:
Laurdag 30. mars kl. 15.00.
Løpsfinale laurdag 13. april kl. 15.00.

DUELL: Adrian Hansen Toft (23) hadde gleda av å slå veteranen Harald Hansen i spurten. 

NESTEN I MÅL: Richrd Toft og sonen Liam. Liam sette solid ny bestenotering.

STOR FART: Kristoffer Apelthun Færø gjekk ut i stor fart og tok teten ned første bakken.

Tekst og foto: Stanley Hauge